NRK Meny
Normal

No kan kontroversielle avgjerder visast på storskjermen på stadion

Kontroversielle episodar som skjer undervegs i kampen kan no bli vist éin gong på storskjerm. Endringa av regelverket er til å leve med, meiner toppdommar Tommy Skjerven.

Tommy Skjerven

TRUR DET GÅR BRA: Toppdommar Tommy Skjerven håpar dei fleste reprisane vil vise at dommarane har dømt rett.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Gjorde dommaren feil eller ikkje? Var det straffe eller leiar no gjestane ufortent? Spørsmåla som oppstår blant spelarar, lagleiing og publikum undervegs i ein kamp er mange.

Frå før har eliteserieklubbane hatt lov til å vise reprisar av mål og andre såkalla positive hendingar undervegs i kampen. No er regelverket endra og det er opna opp for at alle situasjonar, også kontroversielle episodar, kan bli viste på storskjerm.

– Eg har eigentleg ingen negative tankar om det, seier Tommy Skjerven som er ein av dei mest rutinerte toppdommarane i Norge.

– Betre oppleving

Når eliteserien i fotball startar i mars får klubbane lov til å syne kontroversielle episodar som skjer i kampen i reprise, éin gong.

– Vi har gjort ei presisering av regelverket i samsvar med ønskjer frå klubbane. For publikum vil dette bidra til å gi ei endå betre oppleving, samtidig som det kan oppstå situasjonar som er utfordrande for dommarane, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund til fotball.no.

Det nye regelverket er altså slik:

«Repriser av mål og andre positive hendelser kan vises i den utstrekning det finnes hensiktsmessig og forsvarlig. Andre hendelser i kampen kan kun vises i reprise én gang umiddelbart etter hendelsen, og kan ikke repeteres etter dette. Repriser skal vises uten lyd.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Gult kort til Tonny Brochmann Christensen

STORSKJERM: Publikum kan kommande sesong få sjå kontroversielle hendingar i repise på storskjermen. Biletet er frå oppgjeret Sogndal - Sandnes Ulf i 2012-sesongen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trur temperaturen kan stige

Fisketjønn er samtidig trygg på at dette presset er noko dommarane på toppnivå vil takle fint. Det trur også toppdommar Tommy Skjerven. Sogningen vedgår samtidig at stemninga fort kan endre seg når folk får sjå denne typen episodar på storskjermen.

– Om det er kampar som vippar og det allereie er temperatur, og det så viser seg at dommaren har gjort ein feil, så er det klart at temperaturen i kampen og på stadion kan stige, seier han til NRK.no.

Han seier vidare at ein må vente at folk oppfører seg sjølv om det altså kan kome fram at dommaren har gjort ein feil.

– Det er verda vi lever i, det vil bli gjort feil. I forhold til spelarane har vi noko som heiter respekt og fair play. Vi har ikkje sjanse til å ta avgjerda på nytt.
– I forhold til spelarar og trenarar har vi sanksjonsreglar, men i forhold til publikum kan vi ikkje påverke det.

Trur dei fleste vil støtte avgjerda som er gjort

Fotballforbundet meiner altså at visninga av også kontroversielle episodar vil bidra til ei betre oppleving for publikum. Slik vel også Skjerven å sjå på det.

– Eg vel å tru at dette blir eit betre totalprodukt både for publikum og fotballen.

– Vonleg vil dei fleste reprisar støtte avgjerdene gjort av dommarane og assistentane, seier han.

Samtidig reknar han med at den nye ordninga blir evaluert.

– Om det viser seg at dette fører til eit dårlegare produkt, med negativ stemning fordi ting blir vist på storskjerm, så tenkjer eg at forbundet vil gjere ei ny vurdering.

Siste nytt

  • Rælingen mot eliteseriespill

    Rælingen, som ble nummer tre i 1. divisjon, slo eliteserielaget Sola hele 30–20 i første kvalifiseringskamp og tok et langt steg mot opprykk. Returkampen i Sola spilles søndag.

    Tonje Nøstvold, Sola
    Foto: Sander Heggheim/NRK
  • Uavgjort i bunnoppgjøret

    Stabæk og Start spilte 1-1 i onsdagens bunnoppgjør i eliteserien. Dermed står begge lagene med fire poeng etter seks serierunder. Ohi Omoijuanfo ga Stabæk ledelsen etter 70 minutter, mens Aron Sigurdarson utlignet for Start.

    Eliteserien 2018. Stabæk-Start. Nadderud Stadion.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Powell ferdig i Sandefjord

    Sandefjord Fotball bekrefter i en pressemelding onsdag kveld at Magnus Powell er ferdig som trener i klubben. Powell begynte i jobben så sent som 16. januar.

    Powell
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal