Hugsar du Michael Conlan? Bantam-boksaren som meiner han blei bortdømd i kvartfinalen, og som rasa over dommaren?
Reaksjonane hans etter kampen har fått blanda mottaking. Men han har iallfall ein fan igjen, ein som framleis reknar Michael Conlan som ein vinnar.
– Du er ein vinnar
I Dublin sat fem år gamle Finn McManus og såg på kampen. Han tykte synd i sin store helt – så synd at han som trøyst gav bort medaljen han sjølv hadde kjempa seg til på skulen og var stolt av.
– Eg vil at du skal ha skulemedaljen min. Du er ein vinnar, skriv femåringen i eit brev til Conlan.
Han har fått hjelp til å skrive brevet av storesyster Lily på ni, skriv BBC.
Finn hadde vunne medaljen på ein idrettsdag.
– Overveldande reaksjon
Biletet av femåringens brev og trøystemedalje til den uheldige OL-boksaren har teke heilt av på sosiale media.
– Det er heilt overveldande, seier mamma Meadhbh.
Conlan vart kanskje bortdømd, men har likevel fått mykje kritikk for hans reaksjon i ettertid. Han lover å aldri delta i kampar arrangert av det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA igjen.
– AIBA er korrupt. Dei har rana meg for min olympiske draum. Russland kan naturleg nok ikkje dope seg denne gongen, så dei må derfor betale dommarane meir, sa Conlan.
Men det bryr ikkje Finn (5) seg om. Michael Conlan er helten og best i verda likevel.