Hopp til innhold

Får kroppshets når dei går på byen: – Eg blir veldig sint

SARPSBORG (NRK): Det er nesten umogleg å unngå kommentarar om kroppen når ein trenar for å bli Noregs råaste utøvar. Ofte er det kvinnene som får høyre det.

Cross

VELTRENTE: Matilde Garnes, Synne Krokstad, Lena Richter og Ingrid Hodnemyr må ofte finne seg i at andre kommenterer utsjånaden deira. Hodnemyr og Garnes vann NM-gull i Sarpsborg laurdag.

Foto: Vegard Holmen / NRK

Utøvarane som konkurrerer i Functional Fitness, må ofte tole at kroppen deira tiltrekk seg eit hav av estetiske kommentarar.

På både godt og vondt.

Synne Krokstad kan ikkje gå på byen utan å få høyre at ho ser ut som ein mann. «Heldigvis» tillèt ikkje livsstilen noko særleg festliv.

– Eg får alltid høyre det. Heile tida. Det er synd, seier Krokstad til NRK.

Og ho er ikkje den einaste.

Unngår kommentarar

Landslagsutøvar Lena Richter var på restaurant med nokre venner då nokon som sat ved bordet attmed fekk auge på kroppen hennar. Dei tok seg fridom til å kome bort og kjenne på armane.

– Det kjennest unødig. Dei hadde aldri kome bort og kommentert kroppen til nokon om det hadde vore puppane deira, seier Richter til NRK.

Veslemøy Kollstad og Lena Richter under NM i Functional Fitness

PÅ LAG: Veslemøy Kollstad og Lena Richter.

Foto: Vegard Holmen

Ei t-skjorte gjorde det store utslaget.

Og ei t-skjorte er nettopp det Ingrid Hodnemyr plukkar ut av skapet, ikkje singleten, når ho skal på jobb.

– Det er rett og slett fordi eg ikkje ynskjer å få dei kommentarane. Sjølv om det er meint positivt, seier Hodnemyr.

Kokar innvendig

Kvifor er det slik?

– Det er mest gutar som kjem med desse kommentarane. Eg trur dei føler seg underlegne fordi dei sjølv ikkje har dei musklane og den kroppen som eg har, seier Krokstad.

Synne Krokstad under NM-veka i Functional Fitness

STERK: Synne Krokstad i ein av øvingane i NM.

Landslagsutøvar Hodnemyr seier det handlar om kva som framleis er vanleg «norm».

– I det miljøet eg er i, så er det veldig akseptert å ha musklar, men det er ikkje noko ein må ha. Det er nok framleis litt uvant at jenter ser «slik» ut, seier Hodnemyr.

Lena Richter stemmer i med kollegaen og venninna si.

– Det er nok fordi det er annleis og det er spesielt. Det er ikkje normalen, og eg trur folk berre er imponert, men det blir nokre kommentarar, seier ho.

Men uansett kor råe desse jentene er, stikk det litt når kroppskommentarar støtt og stadig dukkar opp.

– Eg blir jo litt lei meg og utilpass. Etterpå blir eg veldig sint, og så lager eg meg frasar i hovudet som eg skulle ynskje eg hadde sagt tilbake, for å setje dei litt på plass, seier Krokstad.

Mathilde Garnes, Synne Krokstad, Lena Richter, Ingrid Hodnemyr

LAG-NM: Denne helga konkurrerte Matilde Garnes, Synne Krokstad, Lena Richter og Ingrid Hodnemyr i noregsmeisterskapet i Functional Fitness.

Foto: Vegard Holmen / NRK

Ulikt mellom kjønna

Functional Fitness er for både kvinner og menn. Får dei mannlege utøvarane dei same kommentarane?

– Eg har ikkje fått så mykje negative kommentarar, men eg er blitt flink til å seie ifrå når eg får kommentarar om kroppen. Det er ikkje pumping og kroppsbygging eg driv med, seier Morten Rasch Arnesen til NRK.

Han er landslagsutøvar i Functional Fitness.

– Det er jo nokre som meiner eg er stor, men det bryr eg meg ikkje om, seier landslagskollega Nicolay Billaudel.

Er det forskjell i korleis mannlege og kvinnelege Functional Fitness-utøvarar blir oppfatta?

– Ja, ganske stor forskjell. Gutar vil jo at alt skal vere markert og stort, men hjå jenter er det motsett. Eg trur veldig mange jenter, spesielt dei som ikkje konkurrerer, held igjen mykje fordi dei ikkje ynskjer å bli bulkete, altså ikkje for markert, seier Arnesen.

Synne Krokstad meiner det handlar om førebilete.

– Godt trena gutar blir eit førebilete, fordi dei ser bra ut. Då ynskjer andre gutar å sjå slik ut, og det resulterer i positive kommentarar, seier ho.

Nicolay Billaudel og Morten Rasch Arnesen

NM-GULL OG -SØLV: Nicolay Billaudel og Morten Rasch Arnesen.

Foto: Vegard Holmen / NRK

Positivt kroppsbilete

For første gong er det danna eit landslag i Functional Fitness i Noreg, og for første gong var det ein øving under årets NM-veke i Sarpsborg. Utøvarane har vore gjennom fleire ulike testar, som tek føre seg blant anna uthald, styrke, kraft og koordinasjon.

No håpar utøvarane at fleire kan forstå essensen av idretten.

– Fitness har fått eit dårleg rykte i Noreg, og kanskje også i verda. Functional Fitness er noko heilt anna enn den bikinidelen. Vi ser berre på prestasjon. Dette er funksjonell trening for alle. Det handlar berre om kva kroppen kan få til, seier landslagsutøvar Matilde Garnes.

Matilde Garnes og Ingrid Hodnemyr under NM i Functional Fitness

NM-GULL: Matilde Garnes og Ingrid Hodnemyr er noregsmeistrar i Functional Fitness.

Foto: Vegard Holmen / NRK

Sjølv om det titt og ofte kjem kommentarar frå utanforståande, er lagvennene samde i at dei opplever mindre kroppspress etter at dei kom inn i Functional Fitness-miljøet.

– Ein hugsar det første biletet av Marit Bjørgen og hennar muskuløse armar. Det var ikkje så vanleg, og det var meir tenkt at gutane skulle ha ein slik kropp. No syns eg at det byrjar å bli meir akseptert, seier Hodnemyr og fortset:

– No ser eg på mi eiga kropp som noko viktig for å kunne prestere. Ser du på sjølve landslaget, så ser alle ulike ut.

Treninga utøvarane gjer kvar dag, er ikkje for å bygge musklar som syner godt.

– Når ein startar med Functional Fitness, så forstår du at dei magemusklane hjelper å gjere dei oppgåvene du skal. Og då set du pris på kroppen din på ein anna måte. Den blir eit reiskap, fortel Richter.

Lena Richter

SØLV: Lena Richter tok NM-sølv saman med lagvenninne Ingrid Kollmyr.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Førebygge kroppspress

I tida framover, håpar sportssjef Simen Aaslund at idretten kan vere med på å leggje ein dempar på kroppspressdebatten.

– Vi har moglegheita til å ha ein motset effekt. Det er ikkje noko direkte korrelasjon mellom dei som har størst muskelmasse, lågast feittprosent og som er best, seier Aaslund til NRK og fortset:

– At ein ser veltrena ut er ein direkte konsekvens av at ein trener mykje og variert, enn at det er eit direkte mål. Og det trur eg er veldig positivt for kroppspressdebatten, at vi måler prestasjon i kva kroppen får til og ikkje korleis den ser ut, avsluttar han.

Functional Fitness var ein av øvingane under årets NM-veke i Sarpsborg. Utøvarane konkurrerte i lag. Ingrid Hodnemyr og Matilde Garnes tok gull på kvinnesida, og Nicolay Billaudel og Eivind Ringsaker på herresida.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal