– Det er klart eg vil spele spiss. Det legg eg ikkje skjul på, seier Lisa-Marie Karlseng Utland.
Den 28 år gamle nordlendingen har vorte eit førsteval på topp for Norge, og skåringsevnene hennar er ikkje akkurat mindre viktige no som Isabell Herlovsen har lagt opp – og Ada Hegerberg stadig er uaktuell for landslaget.
Tysdag kveld møter Norge Wales til EM-kvalifiseringskamp, og det er venta at Utland igjen vil få ei rolle på topp.
Urovekkande
Nettopp derfor meiner NRK-ekspert Carl Erik Torp at det er urovekkande at Utland har vorte vist til ei anna rolle i RBK, klubben ho melde overgang til før denne sesongen. Der har Utland spelt kant, og det har ikkje vore meir enn tre mål på femten kampar i Toppserien.
– Ho har kome i betre og betre form, men det skapar litt hovudbry for landslagsleiinga at ho ikkje spelar spiss for klubblaget. Og ho er kanskje ikkje heilt den spisstypen ein har hatt på Norge før, heller, seier Torp, og siktar til Herlovsen og Hegerberg.
Utland medgir at situasjonen ikkje er heilt ønskjeleg.
– Men spissen vår i Rosenborg (Marit Claussen, toppskårar i Toppserien, red.anm.) har gjort det kjempebra, og eg skjønner vala trenaren tek, seier ho.
Trenar ekstra for seg sjølv
Utland har teke grep på eiga hand, utanom klubbtreningane, for å halde dei reine spiss-evnene ved like.
– Eg køyrer eigentrening på spissplass. Eg prøver å utvikle meg der, og skulle gjerne gjort det for klubb og i kamp òg, men eg får berre gjere det beste ut av det, seier ho.
Landslagstrenar Martin Sjögren forstår at RBK vil bruke Utland der dei meiner ho trengst mest, men medgir at det ikkje er heilt heldig for landslaget.
– Her har vi ei anna rolle for ho. Men klubbytet har gjort ho bra òg, for perioden før, i Reading, var ikkje bra for ho. Så får vi sjå kva som skjer framover. Det beste hadde vore om alle spelte i same klubb og i same posisjon som for landslaget, men slik er det ikkje, seier Sjögren.
Prøve andre?
Det er generelt få reine spisstypar som er inne i landslagsvarmen akkurat no. Eit alternativ for Sjögren er Elise Thorsnes, som har skåra åtte mål for Avaldsnes.
NRKs fotballekspertar Carl Erik Torp og Morten Skjønsberg meiner begge at det snart kan vere tid for å tenkje alternativt, til dømes ved å prøve nokon heilt andre på spissplass.
– Vi har Synne Jensen og Karina Sævik, som eg meiner kan vere potensielle spisstypar. Og så må ein eventuelt sjå endå yngre og bane veg for nye spisstypar. Vi har jo ingen Haaland på kvinnesida, slik som vi er så heldige å ha på gutesida, seier Torp.
Sjølv om ho ikkje er nokon rein spisstype har Norge trass alt Caroline Graham Hansen. Ho blir brukt som innover-kant og skårar mykje mål. Saman med Nederlands Sherida Spitse har Hansen skåra flest mål i EM-kvalifiseringa så langt.
Kan bli EM-klare
Norge har enno ikkje gitt frå seg poeng på dei fem kampane som er spelt i EM-kvalifiseringa. Avstanden ned til tabelltoar Wales er på tryggjande sju poeng før oppgjeret på tysdag.
Kampen blir spelt i Cardiff, sjølv om Wales har meir eller mindre stengt ned landet på grunn av koronapandemien. Koronasituasjonen førte òg til at kampen Norge eigentleg skulle ha spelt mot Kviterussland har vorte utsett på ubestemt tid.
Ved siger over Wales er Norge så godt som klare for EM i England i 2022.