– Det er forferdeleg synd. Med Buta på laget hadde Noreg hatt ein kandidat som definitivt kunne ha plukka medaljar, seier sportssjef i Norges Friidrettsforbund, Ronny Nilssen.
- LES OGSÅ:
Sju år i Noreg
Urige Buta er kåra til beste langdistanseløpar i Noreg tre år på rad, og er blant de beste i verda på maratondistansen. Etioparen har budd i Noreg dei sju siste åra og spring for Haugesund Idrettslag (HIL).
Med svært gode resultat å vise til så langt i årets sesong, var Buta ein soleklar EM-kandidat og eit stort medaljehåp. Norsk statsborgarskap var det som mangla for at Buta skulle få innpass i den norske EM-troppen som reiser til Barcelona i slutten av juli.
Men tysdag kom beskjeden om at Buta ikkje får godkjend søknaden om norsk statsborgarskap. UDI oppgir manglande identitetspapir som årsak til avslaget.
– Uklar identitet
– Kravet om dokumentasjon er strengt i handsaminga av statsborgarsøknadar. Utifrå dei dokumenta som er lagt fram for oss, er identiteten til Buta uklar. Det er bakgrunnen for at utfallet blei som det blei i denne konkrete saka, seier områdeleiar for statsborgarskapsaker i UDI, Cecilie Amundsen.
Ifølgje Amundsen er det særskilt tvil om alderen til Buta som er årsaken til avslaget.
– Det er eit stort sprik mellom den alderen han oppga då han kom til Noreg, og den alderen som norske styresmakter har slått fast i diverse undersøkingar av Buta.
– Overraska
Ein sønderknust Buta ville torsdag ikkje uttale seg om saka. Advokaten til Buta, Roe Lauvås seier at også han er overraska over dommen frå UDI.
- LES OGSÅ:
– Når norske styresmakter tidlegare har godkjent hans identitet og utstedt norske reisedokument, kjem det som ei overrasking på meg at UDI kjem med tilleggskrav i samband med ein statsborgarsønad, seier Lauvås.
Nest best i Europa
Sidan 2005 har haugesundsløparen delteke i friidretts-NM. I april sprang Buta inn til andreplass under Hamburg maraton. Tida 2,09.27 er den nest beste i Europa på distansen hitttil i år. Med det knuste Buta også den offisielle norske bestenoteringa på distansen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Utan norsk statsborgarskap må Buta uansett stå på sidelinja når EM i Barcelona startar den 27.juli. Advokat Lauvås seier Buta likevel vil påklage avgjersla til UDI inn til Utlendingsnemda (UNE).
– Me skal stå på vidare i klageprosessen og forsøke å skaffe dei naudsynte tilleggsopplysningane, slik at Buta får statsborgarskapet han har søkt om.
Håpar på VM og OL
Målet er no å skaffe det etiopiske løpstalentet norsk statsborgarskap slik at han kan representere Noreg i framtidige internasjonale meisterskap, som VM i Sør Korea i 2011 og OL i London i 2012.