NRK Meny
Normal

Får hakeslepp av ekstreme Magnus

Offensive Magnus Carlsen sjokkerte sjakkprofilar i sjette VM-oppgjør. – Han er den einaste i verda som tør å gå for å vinne såpass jamne parti, fortel NRK sin sjakkekspert.

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen kan glise etter nok ein knusande triumf over Anand i Chennai.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Susan Polgar

Susan Polgar lar seg begeistre av Magnus Carlsen sin kompromisslause spelestil.

Foto: susanpolgar.blogspot.no

«Vent litt... Speler Magnus for å vinne?», skreiv den indiske stormeisteren Abhijeet Gupta‏ på Twitter då det brått gjekk mot ny Carlsen-triumf i Chennai.

At nordmannen gjekk for siger med svarte brikker fekk store sjakkspelarar til å sperre opp augene.

For etter at han vann i suveren stil med kvite brikker fredag, skulle Carlsen eigentleg bare sikre remis med svart i partiet laurdag.

I staden pressa han Anand til nye feil.

Fem timar uti partiet gjorde India sin store sjakkhelt den store giganttabben som førte til at han etter kvart gjekk på eit nytt tap i Chennai.

– Carlsen eig ikkje frykt

Susan Polgar, som er tidenes første kvinnelege stormeister og fire gangar VM-vinnar, er overraska over at det som i utgangspunktet lukta remis blei til siger for den norske sjakk-giganten.

Amerikanaren hyller Carlsens ekstreme spelestil.

«Magnus fikk ting til å skje ut av ingenting. Heilt utruleg.», er noko av det Polgar skriv på Twitter.

– Han er den einaste i verda som tør å gå for å vinne såpass jamne parti. Dei fleste tør ikkje å ta sjansen. Carlsen eig ikkje frykt, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

– Det er kanskje fordi han ikkje har tapt, legg Bae til og smiler lurt.

VIDEO: Her gir Anand opp

(artikkelen held fram under klippet)

Magnus Carlsen vant det sjette partiet, og leder nå 4-2 mot Viswanathan Anand.

VIDEO: Her gir Anand opp etter å ha blitt pressa til giganttabbar under sjette VM-parti.

Lurte Anand inn i felle

Fryktlause Carlsen avslørte etter partiet at han tok sjansen på å lure Anand inn i ei felle, og var fornøgd med å ha lukkast.

– Det gjekk mot uavgjort lenge, men han gjekk i fella mi. Eg var litt heldig, sa Carlsen.

Indaren skjønte raskt at at han hadde tabba seg ut.

– Eg sette Carlsen i sjakk, men så gjorde eg ein en stor feil. Ein stor blunder.

– Dette var eit frykteleg slag - eg skal ikkje legge skjul på det, sa ein slagen indar.

«Dei har aldri sett Anand slik før»

At Anand var langt nede fekk indiske journalistar merke på pressekonferansen, ifølgje sjakkskribent Tarjei Svensen, som er i Chennai.

«Indiske journalistar sa at dei aldri hadde sett Anand slik på ein pressekonferanse før.», skreiv Svendsen på Twitter.

No får Anand sundagen til å stresse ned etter to meget hesblesande parti i VM-buret.

VIDEO: Anand med giganttabbe

Viswanathan Anand gjorde en stor tabbe i sitt sekstiende trekk.

VIDEO: Viswanathan Anand gjorde ein stor tabbe i sitt sekstiande trekk.

VIDEO: NRK sin sjakkekspert oppsummerer parti 6 trekk for trekk

Torstein Bae tar en gjennomgang av Sjakk-VMs sjette parti.

Parti 6 - trekk for trekk

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal