Fansen må senke forventingane

– Barcelona-troppens noverande forfatning gjer at klubbens supporterar ikkje bør ha store forventingar i årets meisterliga, seier trenar, Ronald Koeman.

Barcelona tapte 0–3 mot Bayern München tysdag kveld.

Spain Champions League Soccer
Foto: Joan Monfort / AP

Siste nytt

  • Everton ute etter straffedrama

    Etter åtte rundar med straffespark var cupbomba eit faktum; QPR slo ut Everton av den engelske ligacupens tredje runde.

    Tom Davies bomma på straffe for Everton og Jimmy Dunne kunne sørge for at OPR er klar for fjerde runde.

    Ved full tid stod det 2–2 mellom laga.

    Også mellom Fulham og Leeds gjekk det til ein dramatisk straffesparkkonkurranse, men etter seks rundar kunne Leeds-fansen sleppe jubelen laus.

    Carabao Cup - Third Round - Queens Park Rangers v Everton
    Foto: Peter Cziborra / Reuters
  • Reserven tok Liverpool vidare

    Liverpool tok seg komfortabelt vidare til den fjerde runden i ligacupen etter at dei slo Norwich 3-0. Takumi Minamino vart kveldens store spelar for gjestane med to mål. Også Divock Origi kunne setje seg på scoringslista. Når Norwich i tillegg bommar på straffe var dei aldri nær ved å utfordre eit reserveprega Liverpool.

    Manchester City tok seg også lett vidare etter at dei slo Wycombe 6-1.

    Carabao Cup - Third Round - Norwich City v Liverpool
    Foto: Paul Childs / Reuters
  • Norge gjere tre endringar i laget

    Sjögren gjer tre endringar frå torsdagens kamp. Forsvarstrearen er uforandret, medan Eikeland og Syrstad Engen, kjem inn for Haavi og Bøe Risa på midtbana. Utland erstattar Sævik på topp.

    Her er laget:

    Cecilie Fiskerstrand – Tuva Hansen, Guro Bergsvand, Maria Thorisdottir – Amalie Eikeland, Ingrid Syrstad Engen, Frida Maanum, Julie Blakstad – Caroline Graham Hansen, Guro Reiten – Lisa-Marie Karlseng Utland

    Fotball VM-kvinner 2019.
    Foto: Terje Bendiksby

Sendeplan

Kl. Program Kanal