For sjølv om Fannemel vart nummer fire i Garmisch-Partenkirchen, og var best framfor det tredje rennet i Innsbruck, er honndølen ute av kampen om samanlagdsigeren.
22-åringen kvalifiserte seg nemleg ikkje til opningsrennet i Oberstdorf.
– Eg kan berre skylde på meg sjølv for at eg klarte å surre det såpass til for meg sjølv i Oberstdorf, men slik er skihopping, seier han til NTB.
Endra sitjestilling
Fredag landa Fannemel på 127 meter, og med 126,8 poeng var han best i kvalifiseringa. Næraste konkurrent var samanlagtleiar Thomas Diethart (Austerrike) med 126,4 poeng. Lengst i rennet var Denis Kornilov (Russland) med 128,5 meter.
Fannemel seier han ikkje har gjort store endringar sidan Oberstdorf.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det handlar om skikkeleg sitjestilling, som gjer at eg kan bruke beina på hoppkanten. Enkelt og greitt, for det er ikkje så store endringar, seier han til NTB.
Spandere middag
Fannemel må laurdag ut i duell med Thomas Morgenstern. Austerrikaren var førehandskvalifisert, men valde å stå over og vert dermed rangert sist. Sidan beste og dårlegaste hoppar blir det altså beintøff kamp om å få hoppe finaleomgangen.
– No kan eg vise meg fram i morgon, smiler Fannemel som vart 2.000 euro rikare etter å ha fått bestemannspremien fredag.
– Ja, det spørst om eg må spandere middag i kveld, legg honndølen til overfor NTB.
– Ikkje stabil
Landslagstrenar Alexander Stöckl gler seg over å sjå at Fannemel har funne tilbake til forma. Han seier at landslagsleiinga ikkje hadde rekna med å sjå honndølen heilt i toppen av samandraget.
– Dette er potensial hans. Han kan vere i toppen, men han er diverre ikkje heilt stabil. Det går litt opp og ned. Fantastisk at han klarer det to gonger på rad etter fjerdeplassen sist, seier austerrikaren til NTB.
Vidare er også Anders Bardal, som vart nummer fem, og Anders Jacobsen som enda på 7. plass klare for rennet laurdag. Rune Velta var siste nordmann som kvalifiserte seg til laurdagen. Ole Marius Ingvaldsen og Tom Hilde må derimot følgje rennet frå sletta.