– Det var ei dårleg landing. Eg kom bakpå og hadde ikkje sjanse å ploge. Eg fekk stor fart oppover. Då eg skulle gå i sladd, mista eg grepet på skiene og gjekk rett i reklameveggen, seier Anders Fannemel til NRK.
Han øydela ein binding, øydela eit par ski og fekk hol i dressen.
– Så det var eit dyrt fall, seier han.
– Og også sjølvtilliten fekk ein knekk fordi eg ikkje greidde å stå på ski. Det er humpete landingssone her. Og utstyret kostar nok også litt. Det tek ein del arbeid for å finne tilbake til den settingen.
Fannemel bytta det meste av utstyret til kvalifiseringsomgangen.
– Eg må bli van med det nye utstyret, med andre ski og bindingar, seier Fannemel.
Johansson beste nordmann
Han enda på 19.-plass i kvalifiseringa. Robert Johansson blei beste nordmann på 10.-plass og Johann André Forfang nummer 15. Alle seks norske kom med til rennet søndag i den første kvalifiseringa der alle måtte delta.
– Dagen ber litt preg av at det er tidleg på sesongen og gutane har masse å gå på fram mot lagkonkurransen i morgon og søndagens individuelle renn, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.
Johann André Forfang, Anders Fannemel, Daniel Andre Tande og Robert Johansson skal hoppe for Norge laurdag.
– Vi meiner vi har kapasitet til å kjempe heilt i toppen her om dei kjem litt nærmare det beste vi har sett på trening i den siste perioden, seier Bråthen.
– Sjansane er gode. Ingen av oss fekk ut vårt beste i dag, seier Johann André Forfang.
– Tyskland blir sterke
Landslagssjef Alexander Stöckl noterer seg at Tyskland er sterke.
– Tyskland presenterte seg veldig bra i dag. Dei har mange i toppen. Polen har ein eller to som hoppar bra. Austerrike overraskar med unge hopparar, og Kraft er framleis på topp, seier Stöckl.
– Våre hopparar har enno litt for mykje 90-metersbakke i beina etter å ha hoppa mykje i Midtstuen i det siste. Dei treng nokre fleire hopp enno, legg han til.