Med 127 meter var han fire tidels poeng betre enn Thomas Diethart, austerrikaren som leier hoppveka samanlagt etter to renn.
Fannemel fekk dermed slått fast at fjerdeplassen i nyttårshopprennet i Garmisch ikkje var tilfeldig.
Dermed fekk han bestemannspremien i kvalifiseringa, ein sjekk på 2000 euro.
– Det var overraskande, men det var også godt å få til ein god kvalik, seier Fannemel til NRK.
VIDEO: Sjå Fannemels kvalikhopp
Men sigeren har sin pris. I duellen i rennet laurdag må Fannemel møte Thomas Morgenstern. Austerrikaren valde å ikkje hoppe. Han var førehandskvalifisert, men blir no rangert som sist i kvalifiseringa, og skal dermed møte vinnaren.
– Det blir ein vanskelg duell. Eg må berre tenkje på meg sjølv og gjere mitt beste. Og den gode opplevinga i dag skal eg iallfall ta med meg til i morgon, seier Fannemel.
Anders Bardal blei nummer fem med 123,5 meter og Anders Jacobsen nummer sju med 124 meter i kvalifiseringa.
Også Rune Velta – nummer 19 med 118 meter – får vere med i rennet søndag. Ole Marius Ingvaldsen og Tom Hilde er derimot slått ut.
Bardal møter japanske Taku Takeuchi i duellen i rennet. Jacobsen møter Manuel Fettner frå Austerrike. Velta skal konkurrere mot tyske Richard Freitag.