NRK Meny
Normal

Coop-direktøren oppsøkte Northug på trening for å diskutere framtida

Coops administrerande direktør Svein Fanebust og Petter Northug brukte heile torsdagen på å samtale om vidare samarbeid.

Svein Fanebust

Petter Northug og Svein Fanebust nekta å stille opp for media då dei møttest i Granåsen i dag. Biletet er frå Coops pressekonferanse etter signeringa av sponsoravtalen med Petter Northug i gjor.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Dette var eit nyttig og godt møte med tanke på at vi vil fortsette samarbeidet, er alt Coops administrerande direktør Svein Fanebust vil seie etter den fleire timar lange samtalen.

Tidleg torsdag kunne NRK.no melde at Coop ønskar å halde fram sponsorsamarbeidet med Petter Northug.

I løpet av formiddagen reiste Coops administrerande direktør til Trondheim med fly for å samtale med Northug, først på trening, så i lukka rom. Møtet fann stad i Granåsen og varte i fleire timar.

NRK erfarer at samtalen i hovudsak dreia seg om Northugs motivasjon for å halde fram samarbeidet med Coop, korleis han vil bygge opp sitt sportslege apparat og korleis han skal bli verdas beste skiløpar igjen.

Petter Northug uttrykte glede over Coops ønske om å halde fram sponsorarbeidet gjennom manager Are Sørum Langås torsdag føremiddag.

– At Coop har intensjon om å fortsette samarbeidet er veldig gledeleg. Det er også min intensjon og mitt ønske, skreiv Petter Northug i en sms til NRK.no via sin manager Are Sørum Langås.

Nye krav frå forbundet

Stein Opsal

Generalsekretær Stein Opsal og Norges skiforbund har stilt tøffe krav til Petter Northug.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Coop og Northug har hatt fleire møter etter at skistjerna blei tatt for fyllekøyring.

Mellom anna må partane diskutere korleis dei skal forhalde seg til dei nye krava frå Norges Skiforbund, som denne veka har varsla at Petter Northug ikkje kan brukast i Coop-markedsføring frå 1. november til april dersom han skal gå verdscup og VM for Norge.

Skiforbundet krev også at Coops Northug-produkt blir plukka ut av hyllene i denne perioden.

Verken Northug eller Coop har kommentert denne avgjerda, og Northug har etter det NRK erfarer ikkje tatt ei endelig avgjerd på korleis han skal forhalde seg til vedtaket.

I dialog med Nye Høyder

Det var torsdag Coop gjekk ut i media med kravet om at Petter Northug må bryte samarbeidet med Nye Høyder viss dei skal fortsette som sponsor.

Nye Høyder er selskapet som sette saman, og driv, støtteapparatet for Northug då han gjekk ut av landslaget for eitt år sidan.

Northug har bekrefta at han ønskar å etterkomme dette kravet frå sin sponsor, og det pågår ein dialog mellom Petter Northugs advokat Ola Haugen og Nye Høyders advokat Morten Brandhaug.

Det er uklart når forholdet mellom Northug og Nye Høyder kan bli avklart. Nye Høyder krev kompensasjon for å trekke seg frå den treårige avtalen allereie etter eitt år.

– Det er vanleg forretningsskikk i norsk næringsliv at viss ein vil gå ut av ein avtale, så set ein seg ned og pratar om det og blir einige om å erstatte dei tapa som vi eventuelt måtte ha, sa daglig leder Lars Christian Engen i Nye Høyder til NRK.no søndag.

Får enno Nye Høyder-hjelp

Engen understreka samstundes at Nye Høyder i utgangspunktet ønskar å halde fram samarbeidet med Northug, med eller utan Coop som sponsor.

Dei første signala om at Petter Northug ønska å bryte samarbeidet med Nye Høyder kom allerede før promillekøyringa søndag 4. mai.

Ifølge Lars Christian Engen blei temaet tatt opp på eit møte av Petter Northugs far, John Northug. John Northug er for øvrig også tilsett i Nye Høyder, som understreker kompleksiteten i situasjonen.

Også manager Are Sørum Langås, som enno er Petter Northugs næraste støttespelar og mediekontakt, er også tilsett i Nye Høyder – eit firma Northug nå altså ønskar å bryte samarbeidet med.

Audi avventar

Medan Coop torsdag bekreftar at dei ønskar å halde fram sitt sponsorsamarbeid med Petter Northug, har Audi ikkje bestemt seg for om dei blir med vidare som Northug-sponsor.

– Status for vår del er at vi er i dialog med teamet rundt Petter og har hatt ein god samtale med dei. Vi skal ha fleire møter med fleire partar, vi har fleire spørsmål vi ønskar svar på, sier informasjonssjef Marius Tegneby til NRK.no.

Som kjent kjem Petter Northug neppe til å kunne køyre bil i nær framtid.

Siste nytt

  • Subasic gir seg på landslaget

    Danijel Subasic blir den tredje kroaten som gir seg på landslaget etter årets VM-suksess, hvor det ble finaletap for Frankrike. Keeperen ender på 44 landskamper for Kroatia. Fra før har Vedran Corluka og Mario Mandzukic også gitt seg.

    Danijel Subasic
    Foto: Matthias Schrader / AP
  • Konradsen tilbake til Glimt

    Morten Ågnes Konradsen går fra Rosenborg til Bodø/Glimt, melder RBK.no. Anders Konradsens yngre bror kom til Rosenborg i fjor sommer og returnerer til klubben han kom fra. Midtbanespilleren har fått med seg elleve kamper for RBK.

    Morten Konradsen
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix
  • Cavendish ikke til Arctic Race

    Tidligere verdensmester Mark Cavendish stiller likevel ikke til start i årets utgave av sykkelrittet Arctic Race of Norway torsdag.

    Mandag kunngjorde Arctic Race at Cavendish skulle delta, men onsdag kom kontrabeskjeden fra Team Dimension Data.

    Heller ikke Edvald Boasson Hagen stiller opp.

    CYCLING-DUBAI-TOUR
    Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NM-veka: Skating
NM-veka: Skateboard
Sport i dag med NM-veka
NM-veka: Skyting med silhuettpistol, menn
NM-veka: Skyting silhuettpistol, menn
NM-veka: X trial, finale for menn
NM-veka: X trial
NM-veka: X-trail og judo
NM-veka: Judo, individuelle finaler
NM-veka: Judo
NM-veka: NM-kveld