Hopp til innhold

Familien ofra alt for at han skulle lykkast – no er han vraka til VM

Henrik L'Abée-Lund er vraka til VM i Østersund. No vedgår skiskyttaren frå Oslo at det slit på motivasjonen til å halde fram.

Verdenscup skisyting Antholz

VRAKA: Henrik L'Abée-Lund er vraka til eit nok eit meisterskap og må nøye seg med å vere reserve til VM i Østersund i mars.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det var ikkje det som var målet då sesongen starta. Reserve har eg vore før og det er ikkje så veldig gøy, seier 32-åringen til NRK.

Han vart nemleg vraka til fordel for Erlend Bjøntegaard då laget til VM i Østersund i mars var presentert torsdag:

  • Johannes Thingnes Bø
  • Vetle Sjåstad Christiansen
  • Tarjei Bø
  • Lars Helge Birkeland
  • Erlend Bjøntegaard

L'Abée-Lund er nok ein gong tatt ut som reserve, slik han var i OL i fjor.

– Det er ikkje noko morosamt. Det er lenge å gå der og sparke i snøen og vente på å gå skirenn, konstaterer L'Abée-Lund, som er tatt ut som reserve på normaldistansen.

Resten av meisterskapet blir han heime.

Vann på heimebane

L'Abée-Lund byrjar så smått å få veteranstatus på det norske landslaget. 32-åringen debuterte i verdscupen i 2010/11-sesongen.

Den første individuelle verdscupsigeren kom derimot ikkje før i 2018, då han endeleg kunne innkassere ein etterlengta siger på heimebane i Holmenkollen.

Verdenscup skiskyting i Holmenkollen. Jaktstart menn.

SIGER: Oslo-skiskyttaren tok sin første verdscupsiger i Holmenkollen i fjor. Sidan det har dei store resultata uteblitt.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Men L'Abée-Lund har ikkje greidd å følgje opp det gode resultatet sidan. Kontrasten til jubelen frå Kollen til situasjonen denne sesongen er stor.

– Eg føler eg har kontroll på nervar og veit kva eg skal gjere. Hovudet er eigentleg på stell, men eg har liksom ikkje fått det heilt til. Det er kjedeleg, men eg har ikkje eit sånt hundre prosent svar på kvifor det har gått som det har gått.

Og han vedgår at han har kjent på presset.

– Eg veit jo at for kvart skirenn eg går, så er det ein sjanse mindre til å kome seg til VM. Eg kom med på VM-laget, men det var ikkje det som var målet. Målet var jo sjølvsagt å gå VM.

Satsa med heile familien

Skiskyttaren frå Oslo satsa alt denne sesongen. Mellom anna har sambuaren gått ned i redusert stilling for at 32-åringen skulle få satse eit hundre prosent. Han kjenner difor at det å bli vraka til nok eit VM går ut over motivasjonen.

– Det å gå her og gå dårlege skirenn er fantastisk kjedeleg. Det er heile livet ein byggjer rundt denne idretten og når ein ikkje får det til, så blir ein så skuffa og det er berre kjedeleg, seier han til NRK.

Avskjedsselskap for Ole Einar Bjørndalen.

FULL STØTTE: Sambuar Kjersti Isaksen har redusert si eiga stilling for at Henrik L'Abée-Lund skulle få satse alt denne sesongen. Han rosar sambuaren for innsatsen ho gjere på heimebane.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dei siste seks vekene har han vore borte frå familien. Alt i eit håp om å gå seg inn til ein VM-plass.

– Då kjenner ein litt på at det er lenge vekke og man ofra litt familieliv. Og når ein ikkje får det til i Canmore i heile tatt, så byrjar ein å tenke litt på om det var verd det, vedgår tobarnsfaren.

Vil satse mot nytt VM

Trass i at denne sesongen har lugga, så har ikkje L'Abée-Lund lyst til å legge ski og børse på hylla. Kona har alt gitt klarsignal til at han kan satse vidare mot VM i Anterselva neste år.

– Ho står på og tar ansvar heime. Alle ære til ho og eg er evig takknemleg for det. Sånn som det er no så er det 99 prosent sikkert at det går mot Anterselva.

Verdenscup skisyting Antholz

VM-KLAR: Erlend Bjøntegaard fekk den siste plassen til VM i skiskyting i Østersund i mars.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Erlend Bjøntegaard er naturlegvis letta over å ha fått plass på VM-laget og meiner det ikkje er noko vondt blod mellom dei to av den grunn.

– Nei, vi er profesjonelle begge to. Sånn må vi lære og leve som toppidrettsutøvarar. Vi er lagkameratar, men og konkurrentar. Eg føler det ligg så mykje respekt mellom alle oss gutane at vi respekterer dei avgjerslene som blir tatt, seier Bjøntegaard.

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal