– Det er jo eit historisk opplegg, seier Eivind Bisgaard Sundet, fotballkommentator i Viaplay, til NRK.
Tysdag publiserte Gregg Berhalter, trenaren for det amerikanske herrelandslaget i fotball, ei sjokkerande melding på Twitter.
Der innrømde han å ha sparka kona i beinet for 31 år sidan.
– Under VM i Qatar tok nokon kontakt med det amerikanske fotballforbundet og sa dei hadde informasjon som ville skade ryktet mitt, skriv Berhalter i Twitter-meldinga.
På bakgrunn av dette valde Berhalter og kona Rosalind Berhalter å fortelje historia om den valdelege episoden i 1991 i Twitter-innlegget. Forholdet blir etterforska av fotballforbundet.
No har historia teke ei vending som har sendt sjokkbølgjer gjennom amerikansk fotball.
FORKLARING: Gregg Berhalter valde å leggje ut ei forklaring på sin eigen Twitter-konto.
Foto: Skjermdump Twitter / @GreggBerhalter_– Alt dette er rart
Onsdag stadfesta nemleg den tidlegare amerikanske landslagskapteinen Claudio Reyna og kona Danielle Reyna å ha sendt meldingar til fotballforbundet, melder ESPN.
Reyna-ekteparet er foreldra til Borussia Dortmund-stjerna Giovanni «Gio» Reyna (20), som også speler på det amerikanske landslaget.
Reyna-familien avviser å ha trua eller pressa landslagstrenaren, som Berhalter fortel om i Twitter-innlegget, utan å nemne namn.
Claudio Reyna, noverande sportsdirektør i Austin FC, og Berhalter, har eit forhold som strekkjer seg over fleire tiår. Dei spelte ungdoms-, vidaregåande- og landslagsfotball saman.
Konene deira, Danielle Reyna og Rosalind Berhalter, var romkameratar i fleire år ved Universitetet i Nord-Carolina.
– Dei var jo venner i gamle dagar. Det er som ein amerikansk såpeserie. Alt dette er jo rart, seier Sundet om familiefeiden.
Reagerte på utspelet til trenaren
Det heile starta då landslagstrenaren gjekk ut etter VM-exiten og fortalde at USA hadde ein spelar som ikkje møtte forventningane på eller utanfor banen under meisterskapen. Vidare sa han at leiinga hadde vore klare til å bestille ein flybillett heim.
Dagen etter utsegnene stadfesta Reyna at uttalen gjaldt han i ein Instagram-post på eigen konto.
SKUFFA: Giovanni «Rio» Reyna fekk kritikk av sin eigen trenar etter åtferda hans under VM i Qatar.
Foto: WOLFGANG RATTAY / ReutersDet var desse kommentarane frå Berhalter som fekk Danielle Reyna til å fortelje sportsdirektøren i det amerikanske fotballforbundet om Berhalters valdelege episode.
I ei fråsegn seier ho:
– Eg syntest det var veldig urettferdig at Gio som hadde unnskylda seg for barnsleg åtferd rundt lite speletid, vart drege ned i gjørma då Gregg vart tilgitt for å gjere noko mykje verre då han var på same alder.
Berhalter skal ha vore 18 år då han sparka kona. Gio Reyna er 20.
– Ikkje optimal situasjon
Sundet er samd med Danielle Reyna, som meiner sonen blei urettferdig behandla. Fotballkommentatoren har følgt Reyna tett i Bundesliga.
– Gio verkar som ein hyggjeleg og fin gut, som har gjort det beste han kan. Etter mitt syn er Gio den mest kreative spelaren USA har.
Han trur dramaet kan få konsekvensar for Berhalters framtid som landslagstrenar:
– Det er ikkje lett når det som antakeleg blir den største stjerna er i konflikt med trenaren. Det er vanskeleg for forbundet.
USA skal arrangere VM om fire år. Sundet meiner dei neste åra er veldig viktig for nasjonen.
– Då er ikkje denne situasjonen optimal, konstaterer Sundet.
– Faren, som er veldig kjent i USA, har nok også veldig mykje uformell makt i den amerikanske fotballen, legg han til.
26. januar må landslagstrenar Berhalter samle laget igjen då Serbia ventar på heimebane i ein privatlandskamp.