Sleit seg til sprintgullet

Maiken Caspersen Falla frå Gjerdrum vann sprintgullet for kvinner i ski-NM fredag.

Video NM-Sprintfinalen for kvinner

NM-Sprintfinalen for kvinner

Falla

Maiken Caspersen Falla knuste all motstand på NM-sprinten fredag.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Eg gjekk ikkje nokon bra prolog, men blei piggare og piggare etter kvart i utslagsrundane. Fallet i semifinalen gjorde at eg skjerpa meg, og no er eg bare overlukkeleg, seier Falla til NRK etter å ha tatt sitt første gull i NM.

Falla kom til finalen som «lucky loser», og hadde til då ein tung dag i sporet.

Men då det stod om medaljar var 21-åringen plutseleg best.

Tok luven av favoritten

I Marit Bjørgens fråver var Astrid Uhrenholdt Jacobsen eigentlege sorfavoritten framfor NM-sprinten.

– Ho ser ut til å vere i kjempeslag, sa superveteran og NRKs langrennsekspert Thomas Alsgaard tidlegare fredag.

Men formen til Jacobsen heldt ikkje mot Falla, som i ein heftig innspurt tok luven av all motstand.

– Finalen blei faktisk det dårlegaste løpet mitt. Eg er ikkje bedre enn tredjemann i dag, så det er heilt greit, seier Jacobsen, som til slutt kapra bronsemedaljen.

– Eg hadde eit hårete mål om å ta medalje kvar dag. Sånn sett ligg eg bra an, legg ho til.

Jacobsen også har eitt gull frå årets NM.

VIDEO: Falla overlukkeleg etter NM-gull (artikkelen held fram!)

Video Falla om NM-gullet

Falla om NM-gullet

Sølvjenta overraska alle

Jacobsen

- Finalen var mitt dårlegaste løp, seier førehandsfavoritt Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Lenge såg det ut til at overraskinga Maria Nysted Grønvoll kunne vinne finalen, men på oppløpssida blei også ho for svak.

Likevel gjorde det ingenting at Grønvoll, som aldri hadde venta å ta seg til finalen, måtte sjå gullet ryke på oppløpssida.

– Eg trur eg var så nøgd med det eg hadde gjort fram til finalen, at det ikkje brydde meg at Falla vann, seier sølvmedaljør Grønvoll til NRK.

Desse gjekk sprintfinalen

Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Kari Vikhagen Gjeitnes, Maiken Caspersen Falla, Maria Nysted Grønvoll, Ingvill Flugstad Østberg og Barbro Kvåle.

Siste nytt

  • Zidane signaliserer Bale-exit

    Real Madrid-trener Zinédine Zidane går langt i å antyde at Gareth Bales tid i den spanske storklubben er over. Søndag avsluttet Real Madrid med 0-2-tap hjemme for Real Betis, der Bale ble sittende på benken.

    – Jeg har stolt mer på andre spillere de siste ukene, sa Zidane.

    La Liga Santander - Real Madrid v Real Betis
    Foto: Juan Medina / Reuters
  • Rankingrekord for Ruud

    Casper Ruud klatret til 63.-plass og karrierebeste på verdensrankingen i tennis mandag. I den stjernetunge Masters-turneringen i Roma sist uke vant 20-åringen 2.runde mot Nick Kyrgios og tapte etter en gjevn kamp mot Juan Martin del Potro som er ranket ni.

    Tennisproffen Casper Ruud
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • Koepka vant PGA-mesterskapet

    Tittelforsvarer Brooks Koepka vant USAs PGA-mesterskap i golf søndag. Amerikaneren hadde en ledelse på sju slag før sisterunden, men rotet det nesten til før han vant med ett fattig slag foran verdenseneren Dustin Johnsen, som delte andreplassen med tre andre.

    Brooks Koepka
    Foto: Seth Wenig / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal