NRK Meny
Normal

Sesongens første pallplass for Falla

Maiken Caspersen Falla leverte sesongbeste med sin pallplass på sprinten i Asiago laurdag. Men Justyna Kowalczyk viste igjen kven som er best i klassisk.

Se finalen i klassisk sprint for kvinner her.

Her utklassar Justyna Kowalczyk alle i klassisk langrenn for fjerde gong denne sesongen. Og Majken Caspersen Falla leverer sesongbeste og kjem på pallen

Justyna Kowalczyk er uslåeleg i klassisk langrenn for tida, og var utilnærmeleg på sprinten i Asiago i Italia.

Kowalczyk leia frå start, og sjølv om avstanden minka mot slutten, var den polske veteranen klart best.

Majken Caspersen Falla

Sesongbeste for Majken Caspersen Falla: På pallen i klasisk sprint

Foto: Djorovic, Aleksandar / SCANPIX / Scanpix

Maiken Caspersen Falla vart nummer tre. Det er sesongbeste for henne. Kari Vikhagen Gjeitnes enda sist i finalen, men det er likevel karrierebeste for henne.

– Ho gjekk veldig bra både i kvart- og semifinalen, og ho fungerte også bra i finalen. Ho prøvde å henge på Kowalczyk og klarte det til dels, men blei litt sliten på oppløpet, sa landslagstrenar Roar Hjelmeset til NTB.

Finske Anne Kyllönen kom på andreplass, 1,34 sekund bak Kowalczyk. Falla var 2,3 sekund bak.

– Eg likar klasissk sprint, og er sjølvsagt nøgd med løpet, sa Kowalczyk i sigersintervjuet rett etter målgang.

Ho har vunne alle fire klassiske langrenna i verdscupen denne sesongen. – No er det juleferie, sa ho, og fortalde at ho står over lagsprinten søndag.

Saka blir oppdatert!

Ingvild Flugstad Østberg hadde bestetid i kvalifiseringa, men vart slått ut i semifinalen. Kathrine Rolsted Harsem og Maria Nysted Grønvoll rauk ut i kvartfinalen.

Mari Eide klarte ikkje å ta seg videre frå prologen og blei nummer 35.

Siste nytt

  • Fransk proffrytter omkom

    Proffsyklisten Mathieu Riebel (20) mistet livet da han kolliderte med en ambulanse under et etapperitt i Tour de Nouvelle-Caledonie fredag, melder NTB. Ulykken skjedde i en bratt utforkjøring, i høy hastighet.

    Ribel døde momentant.

  • Rønning inn i utøverkommisjon

    Eldar Rønning (35) er valgt til medlem i Den europeiske olympiske komités (EOC) utøverkommisjon. Det ble klart under EOCs utøverforum i Monte Carlo fredag. I en pressemelding sier den tidligere langrennsløperen at han vil rette et spesielt fokus mot studier i kombinasjon med idrett.

    Eldar Rønning
    Foto: Kjartan Haugen / Norges Idrettsforbund

Sendeplan

Kl. Program Kanal