– Denne grasmatta er så dårleg at det burde kvalifisert til poengtrekk, seier Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo til NRK etter kampen mot Lillestrøm på Åråsen.
Odd vann 3–0 og er serieleiar med tre poeng ned til Molde på andreplass. Men rett etter kampslutt var han mest oppteken av grasteppet på Åråsen.
Fagermo skuldar ikkje på banemeisteren, men på økonomien.
– 6.-divisjonsbana heime er betre
– Det er klubbleiinga som ikkje prioriterer bana. 6.-divisjonsbana der som eg bur, er mykje finare enn denne her. Poengtrekk er det einaste som hjelper, då hadde det nok blitt fart i arbeidet med bana, seier Odd-trenaren.
– Meiner du det alvorleg?
– Det meiner eg alvorleg. Dei får poengtrekk dei som ikkje har orden på økonomien. Når du melder på eit fotballag, må du ha bane. Elles kan du ikkje vere med i serien. Denne bana her er ikkje representativ for eliteserien. Det er like ille for Lillestrøm, dei taper på det. Dei får ikkje spele sin fotball, dei heller, tordnar Fagermo.
– Korleis omstiller ein seg mentalt til å spele på ein slik åker?
– Det er vi gode på, for det var vi klar over. Som sagt visste vi korleis vi skulle spele.
– Vi visste om det på førehand, så vi hadde planen klar. Vi skulle spele smart. Frå firaren bak skulle vi spele ballen over midtbana så dei fekk strekk, og så vinne ballen der framme.
Også Rosenborg felte ein hard dom over Åråsen-matta etter kampen førre helg. – Ein katastrofe, sa RBK-kaptein Mike Jensen etter 1-1-kampen.
Uaktuelt med poengtrekk
Fagansvarlig for klubblisens i Norges Fotballforbund, Rune Nordhaug, er einig i at bana er dårleg, men seier poengtrekk er uaktuelt.
– NFF har vore i dialog med LSK om Åråsen, og verken vi eller klubben er fornøgd med korleis den framstår. Men det er ikkje fremma ei sak til klubblisensnemnda om brot på lisenskriteriet. Poengtrekk eller andre reaksjonar er ikkje aktuelt slik situasjonen er no.
Vidare fortel Nordhaug at LSK har lagt fram ein kortsiktig og langsiktig plan for å gjere bana betre. Den kortsiktige starta etter kampen mot Odd på søndag, og den langsiktige går vidare ut i sesongen 2020.
Robert Lauritsen, dagleg leiar i LSK, bekrefta måndag at arbeidet er i gang, slik at bana skal vere klar om fire veker.
Han meiner skada skjedde allereie i november i fjor, då LSK møtte Kristiansund i den siste runda i Eliteserien. Då var det ni minusgrader ute og varmerøyra blei fyrt opp til 30 varmegrader for å klare å tine bana.
– I morgen skal vi vertikalskjære heile bana. Etter det blir det propplufting, resåing, sanddressing og gjødsling. Og etter fire veker med kvile skal Åråsen vere på det nivået den pleier å vere.
– Håpar å halde oss på toppen til jul
Odd-trenar Fagermo blir langt gladare når han ser på tabellen, der Odd i einsam majestet tronar øvst.
– Vi har gjort unna fleire av dei vanskelege bortekampane kampane, og ligg på topp. Det er moro og veldig motiverande for ein klubb som Odd.
– Kor lenge kan de ligge på toppen?
– Vi ligg der gjerne til jul, vi. Men det er kanskje eit par andre lag som også vil vere med der, seier Fagermo.
Men han er litt usikker på kva som skjer til sommaren. Sander Svendsen og Fredrik Oldrup Jensen storspelar, men er berre på lån.
– Eg har vore med på å byggje mange Odd-lag i dei 12 åra eg har vore her, og vi har dessverre ofte måtte selje. Alle har lyst å spele vidare, og eg håpar vi kan halde på dette laget. Vi har iallfall fått ein fantastisk start.