Hopp til innhold

OL-dommar utsett for hets etter kontroversiell avgjerd

Kanadiske Max Parrot tok gullet i slopestylefinalen måndag, men i etterkant har fleire meint at det var ein dommarfeil. No forklarer hovuddommar Iztok Sumatik kva som skjedde og fortel om hetsen han har fått dei siste dagane.

Snowboard - Men's SBD Slopestyle Final Run 1

HETS: Dommar Iztok Sumatik har teke imot hets etter å ikkje ha sett at gullvinnar Max Parrot ikkje heldt grabben.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Sosiale medium har gått varm etter slopestylefinalen på måndag.

Det som på dei første TV-bileta såg ut som ein perfekt utført grab og ein switch frontside 16 av gullvinnar Max Parrot, viste seg å vere langt frå det. Reprisane viste at kanadiaren ikkje heldt grabben og dermed skulle bli trekt i poeng i finaleomgangen.

Problemet? Jo, at dommarane ikkje såg det og gav Perrot påskjønning for perfekt utføring.

Det har ført til reaksjonar i snøbrett-miljøet og i eit intervju med det engelske magasinet White Lines fortel hovuddommar Iztok Sumatik om hetsen han har fått.

– Måndagen var ganske tøff for alle. Det var fleire kommentarar, e-postar og meldingar som var brutalt ærlege. Men vi er profesjonelle og må tole at folk blir opphissa – sjølv om det ikkje er vår feil, seier Sumatik til magasinet.

– Vi såg det ikkje

– Eg forstår kjenslene. Det er berre eit problem at folk ikkje tenkjer før dei kommenterer. Viss du ser rasjonelt på det, så er dette blant dei mest erfarne dommarane i verda. Alle som trur desse dommarane vil gi påskjønning for ein «knee grab» tenkjer ikkje rett, held hovuddommaren fram under dei olympiske leikane.

Sumatik forklarer at dommarane fekk sjå rennet frå ein annan kameravinkel.

– Vi bedømde det vi så, og det var ein grab og ein vel utført switch frontside 16 – frå den kameravinkelen vi fekk, seier han.

Dommarane har moglegheit til å sjå ein reprise om dei mistenkjer at noko var feil, men Sumatik innrømmer at dommarane ikkje såg at Perrot ikkje heldt grabben slik han skulle.

– Nei, vi såg det ikkje. Hadde berre denne eine kameravinkelen og på den såg det bra ut. Det var ikkje berre oss, det var fleire trenarar vi snakka med etterpå som meinte det var eit fantastisk run. Som eg sa, vi bedømde det vi så og alle var sjølvsikre på det, forklarer Sumatik.

Beijing Olympics Snowboarding

STJERNE: Mark McMorris skaffa sin tredje OL-bronse i slopestyle.

Foto: Gregory Bull / AP

– Noko «dumb ass» skit

Parrot tok altså gullet, og skaffa dermed seg det eine gullet han sårt mangla i samlinga. På pallen følgde kinesaren Su Yiming (17) og snøbrettstjerna Mark McMorris (28).

På spørsmål om kva sistnemnde tykkjer om at ein elleve år yngre utøvar var betre enn han, og tok sølvet, lo han oppgitt.

– Det er eit skikkeleg norsk spørsmål, det der. Noko «dumb ass» skit, seier Mark McMorris til NRK, før han held fram:

– Det er greitt. Den er ein ungmann-sport. Eg slo eldre karar då eg var 15, det er berre slik det er.

Føler seg gammal

Mark McMorris tok sin første OL-bronse i Sotsji-OL i 2014, og følgde opp med nok eit bronsefarga medalje i Pyeongchang i 2018.

Det store målet i år var å oppgradere fargen på medaljen.

– Det er openbert at eg ynskja å endre på medaljen, og det er ikkje slik at eg ikkje er kapabel til det. Men samma det. Å vere på pallen er ein sinnssjuk kjensle, og dette er den tredje gongen eg gjer det, seier McMorris.

Men då Su Yiming i tillegg sa at Mark McMorris var hans store helt, kjente han på det.

Su Yiming og Mark McMorris, fra slopestyle-finalen OL 2022.

11 ÅR: Su Yiming og Mark McMorris.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

– Det får jo til å føle meg litt gammal, men eg føler meg heidra som blir idolisert av han. Han er ein fantastisk gut og ein god utøvar. Eg har sett han sidan han var skikkeleg liten, og han kjem til å gjere store ting, seier McMorris vidare.

Norske Mons Røisland og Ståle Sandbech fekk det ikkje til å sitte, og hamna lengre ned på resultatlista.

Snowboard - Men's SBD Slopestyle Final Run 1

PALLEN: Max Parrot, Mark McMorris og Su Yiming.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Ville legge opp

Etter konkurransen var det ein svært skuffa Sandbech som møtte NRK. Han hadde planen klar.

– Eg tenkte eg skulle stå på pallen no, og så gi meg, seier Sandbech til NRK.

Vinter-OL i Beijing 2022: Slopestyle menn

SKUFFA: Ståle Sandbech etter finaleløpa.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Sandbech fortel at det har vore vanskeleg å finne motivasjonen dette året. Han kjenner seg gammal, sjølv om han berre er 28 år – same alder som McMorris.

– Det er mykje risiko og frykt involvert, og med åra kjem desse unge. Eg er ikkje så gammal, men eg er gammal i forhold til dei. Dei pressar på og eg må følgje med, i staden for at eg pressar slik som eg gjorde før. Det krevst mykje meir frå topplokket, det er vanskelegare å henge med, fortel Sandbech.

Allereie i kvalifiseringa hinta Sandbech om at dette blei hans siste OL. At dette skulle vere hans siste konkurranse i karrieren, var ingenting han nemnde då.

– No får vi sjå, eg må revurdere den planen, seier Sandbech.

Han innrømmer at han er usikker på om han stiller i Big Air, men at det nok blir deltaking der òg.

– Du er altså ganske nær å pensjonere deg?

– Eg var i alle fall det, men køyringa går ganske bra no, så vi får sjå, seier han igjen.

Les også Sjokkexit for norsk gullhåp: – Jeg tror jeg har en OL-forbannelse

Siste nytt

  • Xavi gjør helomvending – fortsetter som Barcelona-trener etter sesongen

    Xavi Hernández (44) skiftet mening og forblir Barcelona-trener etter inneværende sesong. Tidligere i år valgte han egentlig å forlate jobben til sommeren.

    Nyheten ble offentliggjort under en pressekonferanse med Xavi og Barcelona-president Joan Laporta torsdag.

    – Jeg endret meningen min fordi jeg følte full tillit fra presidenten, styret og spillerne. Dette prosjektet er ikke ferdig enda, sa Xavi om helomvendingen.

    Allerede onsdag kveld meldte spanske medier at Xavi ville fortsette som Barcelonas hovedtrener etter flere møter med ledelsen i klubben. De hadde lyktes med å overtale ham til å fortsette i jobben ut kontraktsperioden.

    – Det har vært en kompleks situasjon, men vi har en trener som alltid tenker på det beste for klubben. Det er gode nyheter for oss, sa Laporta under pressekonferanse.

    For et halvt år siden ble kontrakten forlenget til sommeren 2025. Han påtok seg treneransvaret for den katalanske klubben i november 2021. I fjor ledet han klubben til La Liga-tittelen.

    Det var i slutten av januar at Xavi bestemte seg for å slutte som Barcelona-trener etter inneværende sesong. Han forklarte at jobben i lengden var for slitsom.

    Xavi er blant de største spillerne Barcelona har fostret fram. 44-åringen fikk over 500 kamper for klubben mellom 1998 og 2015, og han vant alt som kunne vinnes med Barcelona i løpet av den perioden.

    (©NTB)

    AC Milan v FC Barcelona - Preseason Friendly
    Foto: ETHAN MILLER / AFP
  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal