Nærmar seg elendig Europa-rekord: – Vi ser litt rådville ut

Rosenborg har ikkje vunne ein kamp i gruppespelet i Europaligaen på over to år. Etter 2-0-tapet heime mot Sporting nærmar dei seg ein pinleg rekord.

Europaleague gruppespill, runde 4: Rosenborg – Sporting CP.

TAP: Rosenborg gjekk på eit nytt tap heime mot Sporting.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Prestasjonsmessig er det ikkje i nærleiken. Akkurat no etter kampen er du frustrert. Frustrerte over av vi ikkje klarer å få til det vi leverte borte mot Sporting sist, seier Eirik Horneland på pressekonferansen etter kampen.

Trønderane pressa på, men i staden så vart det ein heilmørk kveld for Rosenborg på Lerkendal.

Europaleague gruppespill, runde 4: Rosenborg – Sporting CP.

FRUSTRERT: Eirik Horneland meiner Rosenborg ikkje trudde på seg sjølv i kampen mot Sporting.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Vi må faktisk tilbake til 28. september 2017 sist trønderane vann ein kamp i Europaligaen, då dei slo Vardar frå Makedonia, melder Dagbladet.

Dermed står det att berre eit tap til, før trønderane kan tangere den pinlege rekorden til Apllon Limassol frå Kypros, som i fjor spelte 15 kampar utan siger.

– Det er det som pregar første omgang. Vi spelar utan å ha ein reel tru på det. Dei trur nok på det før dei går ut på bana. Men det er noko i underbevisstheita som seier at dette blir vanskeleg, seier RBK-trenaren.

– Drar ikkje i same retning

Skuffa var også Pål André Helland, som kom inn mot slutten av andre omgang til stor applaus frå heimepublikumet.

– Vi er rett og slett ikkje gode nok. Det må vi rett og slett sjå oss sjølve i spegelen alle i klubben her. Så må vi sørge for å bli betre.

Og på spørsmålet om at dette er kamp nummer 14 utan siger svarar han slik:

– Det er heilt klart ikkje godt nok. Det seier seg sjølv. Vi ser litt rådville ut, både med og utan ball.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Brann (0-0).

KRITISK: Pål André Helland er skuffa etter tapet mot Sporting og meiner at klubben ikkje drar i same retning.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Han legg til at inviduelt vi ikkje Rosenborg klare å ha spelarar som er jamt over betre enn Sporting. Difor må dei vere betre kollektivt og som klubb. Det meiner han Rosenborg ikkje er i dag.

– Alle må dra i same retning, men det gjere vi ikkje heilt og det synest.

Kalddusj frå start

Gjestane sjokkerte alt etter 16 minutt. Eit hjørnespark hamnar hjå Neto på bakarste. Midtstoppar Sebastián Coates får ballen og headar ballen hardt i mål.

Sjølv om trønderane pressa, var det få store sjansar for heimelaget. I staden var det gjestande frå den portugisiske hovudstaden som igjen scora.

Europaleague gruppespill, runde 4: Rosenborg – Sporting CP.

BLODIG: RBK-målvakt André Hansen blødde frå nasen etter å ha fått ballen midt i andletet.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Etter 27 minutt bankar Fernandes ballen i mål og trønderane må gå til pause føre heimepublikumet med to baklengs.

Det var ein langt meir offensivt Rosenborg som gjekk på bane i den andre omgangen. Men sjølv om dei hadde fleire farlege sjansar, så klarte dei ikkje få ballen i mål.

Rosenborg står dermed med null poeng og ligg heilt sist i si gruppe. Etter sigeren mot trønderane leiar Sporting gruppa med ni poeng, føre LASK og PSV Eindhoven som står med sju poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Portugal videre i EM

    Christiano Ronaldo scoret tre mål da Portugal slo Litauen 6-0 og sikret videre avansement til EM neste sommer. De tre målene gjør at Ronaldo nå er oppe i hele 97 landslagsmål for Portugal.

    Christiano Ronaldo
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters
  • Engelsk målfest i kamp nummer 1000

    Harry Kane scoret tre mål da England høvlet over Montenegro med 7-0 i lagets landskamp nummer 1000 siden den aller første i 1872. Seieren gjorde at England er klare for EM.

    kane
    Foto: Martin Bernetti / AFP
  • Birkeland satt ut av forkjølelse

    Skiskytteren Lars Helge Birkeland fra Birkenes kan gå glipp av helgens sesongstart i skiskyting på Sjusjøen i Hedmark. 31-åringen har slitt med forkjølelse og har ikke trent de siste dagene, får NRK opplyst.

    Verdenscup skiskyting i Holmenkollen 2019
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal