– Høyringsforslaget i EU inneber forbod mot all produksjon og bruk av granulat generelt. Granulat i kunstgrasbaner er berre ein del av dette. Det har kome mange innvendingar, og vi meiner det er urealistisk å tru at granulat i kunstgrasbaner blir forbode frå 2022, skriv kommunikasjonsdirektør Svein Graff i Norges Fotballforbund i ein sms til NRK.
Det er miljøforureininga som er årsaka. Tidlegare i år foreslo miljøstyresmaktene i EU at berre nedbrytingsbare materiale skal tillatast i banedekke, skriv den tyske avisa Welt am Sonntag.
Det er reglar som truleg også vil råke Noreg, som har over 1700 kunstgrasbaner. Mange av dei er heilt vesentlege for å kunne spele fotball i kaldt og vått ver.
11 av eliteserieklubbane har kunstgras på sine heimebaner. Det gjeld mellom anna Tromsø, som meiner det er heilt nødvendig.
– Med dei klimatiske forholda vi har, så seier det seg sjølv at det ikkje blir toppfotball utan tilgang på kunstgras, seier Kristian Høydal, dagleg leiar i klubben.
Granulat-svinn er problemet
GRANULAT: Det er gummikulene i kunstgraset som er forureiningskjelda som EU vil ha vekk
Foto: Thomas Ystrøm / NRKDet er granulat-gummikulene i kunstgraset som er problemet. Mikroplasten der er rekna for å vere svært forureinande, og det er den EU vil ha bort.
Graff seier at NFF har eit godt samarbeid med både miljøverndepartementet og kulturdepartementet.
– Miljøvernministeren har påpeika at han ikkje ønskjer eit forbod mot granulat, men er oppteken av å stoppe det som forureiniga av granulat på avvegar representerer, skriv Graff.
Han seier at NFF også jobbar aktivt med dette, mellom anna gjennom kampanjen «På banen», som starta for nokre år sidan.
– Vi har iverksett fleire tiltak for å redusere granulatsvinn, mellom anna ved å halde kurs for klubbane.
Tyskland krev lenger overgangstid
Tyskland har rundt 5000 kunstgrasbaner, og sportsminister Horst Seehofer er lite glad for forslaget. – Som sportsminister krev eg ein rimeleg balanse mellom miljøvern og sportsinteresser.
Mange tusen anlegg i tyske kommunar ville bli trua med stenging, seier ministeren. Han krev i alle fall minst seks års overgangstid, eit krav som også det tyske fotballforbundet stiller seg bak.
Cristel Brorsson i det svenske fotballforbundet seier til Aftonbladet at eit forbod får store konsekvensar.
– Framfor alt for barne- og ungdomsidretten, seier Brorsson.