Måndag blei Magnus Wolff Eikrem endeleg klar for nederlandske Heerenveen.
Etter bortekampen mot Vålerenga, der Molde sikra 3-3 i sluttminutta, uttalte Solskjær at han var uroa for å miste alle U21-talenta.
– Det er klart ein blir redd for å bli ribba for desse spelarane
Solskjær refererte då til keeper Ørjan Håskjold Nyland, angripar Jo Inge Berget, forsvarar Martin Linnes og midtbanespelar Magnus Wolff Eikrem.
Sist fredag kopla nederlandsk media Wolff Eikrem til Heerenveen, og Molde-manageren stadfesta at Molde hadde motteke eit bod.
- Les også:
- Les også:
20-åringen frå Oslo er klar
Dermed var det inga overrasking då 22 år gamle Wolff Eikrem blei presentert for Heerenveen-spelar. No er Solskjær klar til å sende 20 år gamle Etzaz Hussain inn i rolla.
– Tida var riktig for Magnus å gå. Vi har tenkt lenge at Magnus kjem til å bli selt, så Etzaz blei henta inn i fjor for å vere klar den dagen Magnus drog. Så no får vi sjå om han er klar, for det blir fleire moglegheiter, fortel Solskjær til NRK tysdag.
Så då er spørsmålet:
– Etzaz Hussain, er du klar for oppgåva?
– Ja, eg trur det. Eg har vore her i eitt år no, og eg er moden for oppgåva.
– Blir det litt ekstra press når du skal overta for Wolff Eikrem?
– Eg set alltid press på meg sjølv når eg spelar fotball, og forventningane til meg sjølv er høge. Det blir ikkje noko problem, trur eg, fortel Hussain.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
Vil bli scorande midtbanespelar
Hussain, som kom til Molde frå Fredrikstad i fjor, meiner både han og Wolff Eikrem er spelarar som likar å styre spelet.
– Men eg spelar på min måte og han på sin måte. Publikum får vurdere forskjellane.
– Er du tøff nok til å seie at du likar litt betre enn han å jobbe defensivt?
– Hehe ... Nei, eg vil ikkje seie det. Eg for min del skal prøve å score litt meir frå midtbaneposisjon. Eg vil opne målkontoen litt meir, slår Hussain fast.
Når 20-åringen blir spurt om å skryte litt av eigne kvalitetar, kjem han fram med tre ting:
– Eg er kreativ, pasningssikker og har god løpskapasitet. Eg har ferdigheitene som skal til for å spele i Molde.