Hopp til innhold

Etterlengta RBK-siger: – Spelte som Rosenborg for første gong i år

Rosenborg leverte ein av sine beste kampar i år, då dei slo Kristiansund 1–0 på eit glissent og regntungt Lerkendal. Men fleire spelarar trur kampen om seriegullet er tapt.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Kristiansund.

MÅL: Rosenborg jublar etter å ha slått Kristiansund 1–0.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg er veldig glad. Trur alle er veldig glad i dag. Det er første gong i år vi spelte som Rosenborg i år, sa Samuel Adegbenro, som leverte sterkt på kanten i dag, til Eurosport etter kampen.

RBK-trenar Eirik Horneland kunne dermed puste letta ut og det var ein nøgd trenar som møtte pressa etter at kampen var over.

– Eg synst det var ein bra kamp. Tre viktige poeng, men vi skal ha fleire mål og vinne med, sa Horneland til NRK etter kampen.

Likevel måtte han konstatere at det nok ein gong var glissent med publikum på Lerkendal.

– Det er fordi det har vore for dårlege prestasjonar over tid. Vi må vinne fotballkampar og skape entusiasme, for å få folk tilbake.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Kristiansund.

PUSTEROM: Trønderane ligg no 10 poeng bak serieleiar Molde.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Fleire trur kampen om seriegullet er tapt

Suspenderte Pål André Helland var derimot ikkje like optimistisk før kampstart. Han har alt gitt opp seriegullet.

– Vi vinn ikkje serien i år, det gjere vi ikkje. Det har vi ikkje sjanse på, sa midtbanespelaren til Eurosport før kampen starta.

Han meiner laget i staden må klamre seg til det siste halmstrået, som er å prestere i Europa, for at sesongen ikkje skal bli heilt skandale.

Også kaptein Mike Jensen er skeptisk til om trønderane i år kan vere med å kjempe om seriegullet til slutt.

– Vi må gløyme og tenke på det akkurat no. Vi tenkjer på ein kamp om gangen, men sånn situasjonen er no, så vi eit stykke bak.

Trenar Horneland vil derimot ikkje gi opp kampen om gullet.

– Nei, vi kan aldri sei at det er tapt før det er teoretisk umogeleg. Vi har tru på oss sjølv og trur vi skal vinne mange kampar framover, men vi er avhengige av at dei som er føre oss går på nokon smellar også, seier han til NRK.

Pressa frå start

Både Kristiansund og Rosenborg hadde kvar sitt cuptap og 120 minutt i beina frå onsdag i bagasjen, då dei møttest på eit regntungt Lerkendal.

Det var utan tvil heimelaget som kom best i gang og presset var til tider massivt, i det som må vere ein av laget sine beste kampar så langt i år.

Men det skulle gå til overtid i første omgangen før RBK kunne sleppe jubelen laus.

Kristiansund sin Aliou Coly dundra inn i Samuel Adegbenro og dommaren peikar på straffemerket til store protestar for gjestane. Kaptein Mike Jensen gjekk fram og sette den ikkje spesielt godt i mål. Målvakt Sean McDermott kastar seg i rett retning og får ei hand på ballen, men ballen sprett opp i mål.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Kristiansund.

TAKLA: Samuel Adegbenro ligg nede etter taklinga som medførte at heimelaget fekk straffe, som Mike Jensen sette i mål.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Snytt for straffe

Heimelaget var då alt snytt for ei straffe. RBK sin David Akintola får hovudet på ballen, etter innlegg frå Adegbenro. Ballen går rett i armen på Christoffer Aasbak, men dommaren ser det tydelegvis ikkje.

Alt etter 33 minutt burde Alexander Søderlund sørga for leiing til Rosenborg. Meling slo ein flott tunnel ved dødlinja. Ballen hamnar via ein Kristiansund-spelar, før ballen sprett heile vegen til bakarste stong. Men Søderlund bommar ifrå tre meter og skaut ballen over mål.

Sjølv om andre omgang vart mållaus kan RBK-trenar Eirik Horneland dermed få eit lite pusterom. Laget klatrar frå ein niande til sjuande plass på tabellen og likt med poeng med Vålerenga og gjestane Kristiansund med 18 poeng. Ti poeng bak serieleiar Molde.

Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • KFUMs opprykkshelt forlenget til 2026

    Remi-André Svindland (26) har skrevet under en ny kontrakt med KFUM Oslo. I fjor scoret han målet som sendte klubben til Eliteserien.

    Avtalen strekker seg til 2026, opplyser KFUM i en melding på X. Det er en utvidelse på ett år.

    Svindland har spilt for «Kåffa» siden 2020. Forrige sesong utmerket midtbanemannen seg ved å bli matchvinner i Oslo-derbyet mot Skeid og sikre KFUM et sensasjonelt opprykk fra 1. divisjon.

    26-åringen står med 15 mål på 122 kamper for KFUM. (NTB)

  • Casper Ruud til kvartfinale i Barcelona

    Casper Ruud viste solid tennis da han banket australske Jordan Thomson i strake sett og tok seg til kvartfinalen i ATP500-turneringen i Barcelona.

    Ruud vant med sifrene 6-1 og 6-4.

    De tunge forholdene med svært høy luftfuktighet på Barcelona-grusen passet nok Ruud best. 25-åringen feide over Thomson i det første settet, som han avgjorde etter bare en drøy halvtime.

    Det andre settet ble langt jevnere, men Ruud styrte likevel kampen dit han ville. Da han brøt til 4-3-ledelse, var det ikke lenger noen tvil.

    Ruud har i likhet med Jannik Sinner og Grigor Dimitrov vunnet alle sine to første kamper i de turneringene han har spilt i år.

    Thompson og Ruud hadde møttes fire ganger før og sto med to seirer hver før torsdagens oppgjør. Ruud tapte for australieren i finalen i Los Cabos tidligere i år, men den turneringen gikk på hardcourt.

    Den italienske 23-åringen Matteo Arnaldi blir Ruuds motstander i kvartfinalen. (NTB)

    Casper Ruud i Barcelona
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Tung dag for Foss i Tour of the Alps – falt av i sammendraget

    Den norske Ineos-stjernen Tobias Foss er ute av sammenlagtkampen etter en tøff 4.-etappe i Tour of the Alps torsdag.

    Nordmannen trillet i mål 15.44 minutter bak Simon Carr (EF Education), som gikk solo de siste milene og vant torsdagens kraftanstrengelse.

    Torsdagens 141,3 kilometer lange etappe gikk over to førstekategoriserte topper fra Laives til Borgo Valsugana i Italia.

    Ineos-rytteren Foss har imponert underveis i rittet og vant mandagens åpningsetappe. Før torsdagens etappe lå han på 2.-plass i sammendraget, bare 31 sekunder bak ledende Juan Pedro López (Lidl-Trek).

    Etter torsdagens fjelletappe har avstanden økt såpass at nordmannen er helt ute av tetkampen. (NTB)

    Tobias Foss
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal