NRK Meny
Normal

Etter dramaet: – Dette kan ikkje skje igjen

HERNING (NRK): Sjølv om Norge kjempa seg heroisk gjennom ein nervepirrande semifinale, meiner Camilla Herrem at laget gjør for mange feil. Det kan straffe seg i finalen.

Herrem

FINALEKLAR: Camilla Herrem

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– For det første må vi finne ut kva som skjer i den perioden der vi ikkje scorer mål, seier Herrem til NRK etter ein vanvittig og dramatisk semifinale mot Romania.

I i ein periode av kampen som enda med 35-33-triumf til Norge gjekk Herrem og co. i over ti minutt utan å få nettkjenning.

– Skyt meir, Kristiansen og Oftedal

Ein liknande periode i VM-finalen mot Nederland kan bli skjebnesvanger, trur Herrem. Ho får støtte av handballekspert Geir Oustorp.

– Sånne periodar kan vi ikkje ha. Då blir det tøft.

– Kvifor skjer det?

– Bakspelarane går for mykje på tvers, og ventar på at Nora Mørk skal avgjøre. Veronica Kristiansen og Stine Bredal Oftedal kan med fordel skyte meir bak i bana. Då blir det også meir rom til linja, seier Oustorp.

Vi har opprydding i forsvar

Herrem ser også fleire svake punkt.

– Vi må ha meir ro i angrepsspelet og bakover må vi finne ut korleis vi kan stoppe fintespelarane Nederland vil komme med.

– Men vi må nok starte med å heve oss i forsvar, seier Herrem.

– Er det Norge leverte i dag godt nok til å vinne ein VM-finale?

– Det blir tøft. Nederland har eit ganske likt lag som oss. Flinke skyttarar og flinke til å spele saman.

– Det kan nok halde, men vi må opp ein del hakk til ein finale, seier Herrem, som trass feil var veldig stolt over lagvenninnenes prestasjon.

Hard trening

– Dei er så fantastisk rå. Eg er så glad for å vere ein del av dette, seier Herrem.

Ho får støtte av Heidi Løke.

– No får vi betalt for alle harde intervallane vi har og alle dei øktene vi spring elles i året, seier 33-åringen.

Finalen speles på søndag.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
Toppserien: Klepp - LSK Kvinner
Toppserien: Klepp - LSK
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel