Det er snart eit år sidan hendinga som sette Bayat sitt liv i fare.
– Eg skrudde på telefonen og såg at biletet av meg var overalt (i iransk presse). Dei påstod at eg ikkje hadde på sjal og at eg protesterte mot hijaben, sa Bayat til BBC.
Hendinga skjedde under VM i sjakk for kvinner. Dette var dei største oppdraga hennar i karrieren som sjakkdommar. Men etter at biletet hamna i dei fleste iranske medium, vart dommar-oppturen ein kjempekontrovers.
– Det var augneblinken då eg tok avgjerda om å bli ei stemme for iranske kvinner. Dei hadde ikkje noka stemme. Eg er glad for avgjerda eg tok med å ikkje gå med hijab, seier Bayat til NRK.
– Møter motstand frå mange hald
Eit par dagar seinare møtte ho på turneringa utan hijab.
UTAN HIJAB: I ettertid har Bayat droppa hijaben. Ho bur no i England.
Foto: Yuri Maltsev / ReutersHo påpeika at ho ikkje hadde meir å tape, så ho droppa å bruke hovudplagget.
Då jobben i VM i sjakk var over i januar torde ho ikkje å reise heim til Iran. Til britiske BBC fortalde ho at ho hadde panikk.
– Det er mange som er i fengsel for ikkje på bruke sjal. Det er eit stort problem. Kanskje ynskte dei å statuere eit døme, seier ho til BBC.
Bayat seier ho har fått mykje støtte frå sjakkmiljøet etter hendinga i VM. NRK sin sjakkekspert, Atle Grønn, meiner ho har vore veldig modig. Han meiner Iran er under press på fleire måtar enn berre protesten til Bayat.
– Dei iranske spelarane nektar å møte dei israelske. No har FIDE (det internasjonale sjakkforbundet, red. anm.) sagt at dette vil dei ikkje ha noko av lenger. Det er ein god del ting i endring her. Iran har fått halde på med sitt i mange år, men no møter dei verkeleg motstand frå mange hald, seier Grønn.
Lever vekke frå familien
ENGLAND: Shohreh Bayat har no hoppa av til England. Ho er framleis sjakkdommar på øvste nivå.
Etter turneringa valde Bayat heller å reise til England og søkje asyl der, sjølv om familien ynskte at ho skulle reise heim. Hendinga fekk ho til å innsjå at iranske kvinner ikkje hadde noko motstemme til regelen om at iranske kvinner måtte bruke hijab.
Ho uttrykkjer sjølv at ho er mot bruken av hijab, men at ho tolererte det fordi ho budde i Iran.
– Eg hadde ikkje noko anna val, seier ho.
Ho har no fått både arbeids- og opphaldsløyve i landet.
– Det var ei tøff avgjerd, eg er langt frå familien min, men no er ting litt enklare. Eg kan prøve å leve livet mitt igjen, seier dommaren som i desse dagar er dommar for ei engelsk nett-turnering.
- Sjå finalen av meistermøtet til julesjakken på NRK søndag frå klokka 14.45.