– Det er vi glad for. Vi vil at etisk komite skal stå til ansvar for tinget, altså heile fotballfamilien, seier komiteleiar Sven Mollekleiv til NRK.
– Det aller viktigaste er at dei skal bli valde av – og rapportere til – fotballtinget. Det gir dei ei stilling som er uavhengig av både styre og administrasjon, seier fotballpresident Terje Svendsen.
Friare rolle
Komiteen er rådgjevande for NFF-styret, men kan stå framfor ei ny og friare rolle innan forbundet.
På fotballtinget i mars vil det bli foreslått at den etiske komiteen skal veljast av tinget, ikkje av styret som no.
– Kvifor er det viktig?
– Fordi vi skal tene heile fotballfamilien, og stå ansvarleg for det øvste demokratiske organet i NFF. Og for å stå fritt i saker der NFF-styret er involvert, seier Mollekleiv.
Han var invitert til NFFs styremøte før helga.
– Vi har gitt innspel til kva saker som vi trur det er klokt å ha ein god diskusjon rundt, seier Sven Mollekleiv.
Han nemner som døme saker knytta til speleavhengnad, trakassering, doping og kampfiksing.
Kultur for open debatt
Og ikkje minst ein kultur for open debatt i organisasjonen.
– Vi vil hjelpe til med at fotballen utviklar ein god openheitskultur, og at vi torer å diskuterer dilemma og vanskelege saker på ein open og god måte.
Det vekte reaksjonar då Rune Bratseth tidlegare i år måtte gå ut av komiteen. Mollekleiv vil ikkje direkte kommentere det.
– Rune har stor kompetanse, og blir innstillinga vedteken, er det valkomiteen og tinget som avgjer om han skal vere med, seier Mollekleiv.
– Vil bli brukt av styret
Komiteen var invitert til styremøtet i NFF før helga, og det førte ifølgje Terje Svendsen til fleire gode diskusjonar.
– Vi diskuterte ikkje enkeltsaker, men Mollekleiv gav døme på dilemma som fotballen opplever dagleg, og vi hadde også ei meiningsutveksling om dilemma som vi ser kan kome opp, og som vi kan få råd om, seier Svendsen.
Han vil ikkje vere meir konkret om kva dilemma han tenkjer på.
– Men dei ville at NFF-styret skal bruke dei i endå større grad, seier Svendsen.
– Kva med openheitsdebatten?
– Openheitsutvalet vårt har levert si innstilling. No skal vi sjå på om den medfører at vi må justere praksis på enkelte punkt, seier Svendsen.