Hopp til innhold

Fekk beskjed før helikopterkrasjet: – Du er for låg

Sekund før det fatale helikopterkrasjet der basketlegenda Kobe Bryant omkom, fekk piloten melding av lufttrafikkontrollen om at han var for låg for å bli sett på radaren, melder Sky Sports.

Helikopteret som krasja

STYRTA I ÅSEN: – Ingen kunne ha overlevd dette, seier augevitne som såg helikopteret med Kobe Bryant styrte

Foto: Jayne Kamin-oncea / Reuters

Den tjukke skodda over Los Angeles området søndag morgon kjem til å bli ein sentral faktor i granskinga, skriv Sky Sports.

Ni menneske omkom i helikopterulykka i Calabasas, nord i Los Angeles. Mellom dei var Bryant og hans dotter Gianni (13). Også ein kjend baseballtrenar var mellom dei omkomne.

Sekund før helikopteret blei borte frå radaren, fortel opptak av radiosamtaler at piloten fekk melding om at «du er for låg». Då hadde helikopteret blitt borte frå radarskjermen.

Opplysningar ESPN har fått, fortel at helikopteret prøvde å stige bratt for å kome over den tette skodda som dekka Calabasas, ein mindre by rundt 50 kilometer nordvest for sentrum av Los Angeles.

Skodda i området var så tjukk at politihelikoptera hadde flyforbod, melder apnews.com.

– Vertilhøva var under vår minimumsstandard for flyging, seier Josh Rubenstein i Los Anleges-politiet til New York Post.

Politiet krev minst tre kilometers sikt og over 250 meters klar høgde for å la eit helikopter flyge.

ESPN skriv at piloten hadde teke kontakt med flytrafikkontrollen for å spørje om vertilhøva i området.

Radiosamtalen er gjort kjent av nettstaden LiveATC.net, ein nettstad som tilbyr lytting av radiosamtaler med fly.

Fekk løyve til å halde fram

Etter å ha halde tilbake helikopteret nokre minutt på grunn av eit anna fly, gav kontrollen likevel helikopteret løyve til å halde fram langs motorvegen mot Burbank, ifølgje opplysningane til ESPN.

Deretter svinga det mot søraust, steig bratt til 800 meter (2400 fot) før det fall 300 meter ned i åssida, ifølgje data frå Fligtradar24.

Apnews.com skriv at helikopteret kom frå Orange County sør for Los Angeles. Det skulle til Thousand Oaks, ikkje langt frå ulukkesstaden.

Dei fortel også at farten var rundt 250 kilometer i timen då helikopteret styrta.

ESPN siterer ei ikkje namngitt kjelde som skal ha detaljert informasjon frå ulykkesgranskinga. Kjelda uttaler seg på vilkår om å få vere anonym.

– Avansert helikopter

Helicopter Sikorsky S-76+ is seen in Helsinki

AVANSERT: Det var eit helikopter av denne typen, Sikorsky S-76, som styrta.

Foto: Lehtikuva / Reuters

Det vil ta opptil fleire veker før alle detaljar omkring ulykka er klarlagt. Ken Kurt Deetz, som flaug Bryant i helikopteret meir enn 1000 timar melom 2014 og 2016, seier at det er mest truleg dårleg ver som er årsaka.

– At begge maskinene på ein slik maskin sviktar samstundes – det skjer berre ikkje, seier Deetz til Los Angeles Times. Han samanliknar det med ein limosin.

– S-76 er eit svært avansert helikopter, eit av god kvalitet, seier Justin Green til ESPN. Han flaug tidlegare denne typen helikopter i marinekorpset.

Helikopteret, som han hadde kalla «Mamba Chopper», var 29 år gammalt, skriv Daily Star.

Vitne fortel om ulydar frå helikopteret like før det fall ned og Kobe Bryant mista livet søndag.

– Det var tjukk skodde, sikta var mindre enn 20 meter, seier Richard Winton. Han er journalist i storavisa Los Angeles Times, og bur i Calabasas. Han var heime søndag føremiddag.

Ulykka skjedde rundt klokka 10, lokal tid, i byen Calabasas like utanfor Los Angeles. Basket-legenda Kobe Bryant, hans 13-årige dotter Gianni og sju andre omkom.

– Ingen kunne ha overlevd

Winton høyrde eit kraftig smell, følgd av nokre sekund med total stille. Så eksploderte ei eldkule i åssida like bortanfor.

– Eg gjekk ut på gata og såg mot åssida i kikkert. Trass den dårlege sikta, såg eg vraket som var knust i småbitar mot åssida, fortel han til si eiga avis.

Så tok brannfolka til å strøyme til for å sløkkje brannen. Han greidde å kome meg litt nærmare, og snakka med andre som også var augevitne til tragedien.

Ein av dei var Jerry Kocharian. Han hadde stått utanfor kyrkja og drakk kaffi. Han la merke til helikopteret som flaug uvanleg lågt, og som såg ut til å ha problem.

– Det verka som det fall, og lydane var rare. Så såg eg ikkje meir i skodda. Men eg høyrde smellen frå krasjet og såg flammane. Ingen kunne ha overlevd det, sa han.

– Du kunne høyre det. Det sa «thump, thump, thump», før det kom det som nærmast høyrdest ut som ei høgt klask, fortel pastor Bob Bjerkaas til USA Today.

– Såg at det flaug veldig lågt

Los Angeles Countys sheriff Alex Villanueva

GRANSKING: Det vil truleg ta granskarane fleire veker å få fram alle detaljane omkring styrten, seier sheriff Alex Villaneuva

Foto: Natalie Rice / AP

Bjerkaas var lærar på den lokale søndagsskulen då det skjedde. Han og dei 20 elevane sprang ut for å sjå.

Han fortel at øvste delen av åssida var dekka av skodde, medan den nedste var synleg frå der dei stod.

Så såg dei at grå røyk tok til å stige ut av skodda.

– Det var tjukt. Det såg ut som om dei flaug veldig lågt, seier Bjerkaas.

I området rundt ei engelsk mil (1,6 kilometer) frå ulykkesstaden samla det seg raskt eit par hundre menneske.

Rebeca Salcedo fortel at ho var i ein bursdags-brunsj i Calabasas då dei såg eit helikopter som flaug svært lågt.

– Så høyrde vi sirener. Vi sa at vi håpa alle hadde greidd seg. Vi heldt fram med brunsjen.

Men etter kort tid såg dei på nyheitsvarselet på telefonane at Kobe Bryant var om bord og var omkomen.

– Då gret vi alle. Han var ein stor spelar, og vi vaks opp med han.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal