NRK Meny
Normal

Espen (28) har passert Tiger Woods på verdsrankinga

Espen Kofstad har klatra 964 plassar på verdsrankinga sidan januar. Nå er han forbi tidenes største golfspelar Tiger Woods og kan bli klar for OL.

Espen Kofstad

TILBAKE: Espen Kofstad har lite med ein ryggskade i to år, men nå er han verkeleg i gang igjen på golfbanen.

Foto: Andrew Redington / Getty Images

– Det er moro det. Han er jo det store idolet. Når han har vore så mange år som nummer ein, så er det ganske kult.

Espen Kofstad har klart det ingen nordmenn har klart før han.

– OL var heilt fjernt

Da den offisielle verdsrankinga i golf blei oppdatert måndag morgon var Kofstads namn 81 plassar høgare enn Tiger Woods på 478. plass.

– Det er jo mest morosamt, han har jo ikkje spelt så mange turneringar i det siste. Men eg må jo prøve å halde meg over han når han kjem tilbake frå skade også, seier Kofstad til NRK.

Woods

PASSERT: Tiger Woods ligg no 81 plassar bak norske Espen Kofstad.

Foto: GARY CAMERON / REUTERS

Det var Norsk Golf som omtalte saka fyrst.

Sjølv om Woods er langt ifrå den han ein gong var, har også Kofstad slite tungt dei siste sesongane. Akkurat som amerikanaren har skader sett ein stoppar for mange turneringar dei to siste åra.

Før korsrygg-skaden var Kofstad ranka heilt oppe på ein 180 plass.

I januar i år var han heilt nede på ein 1442. plass og OL-tur til Rio var heilt i det fjerne.

– Det har vore så langt frå realistisk. Eg har stort sett ligge på sofaen i to år og nesten ikkje spelt turneringssgolf på to år, fortel Kofstad.

Trenger ein topplassering til

Nå er Kofstad ikkje berre betre ranka enn Tiger Woods, men også svært nær ein OL-plass.

– Akkurat nå synest eg sjansane mine er kjempegode. Eg må ha ein topp-3 plassering til på dei fire neste vekene, til så er eg i OL. Det hadde vore heilt enormt, seier Kofstad.

Hovudtrenar for Team Norway, Jon Karlsen, trur sjansane er til stades for ein norsk herregolfar i OL.

– Han har absolutt ein reell sjanse for OL-billett. Espen har spelt bra den siste tida og er den som har størst sjanse. Det hadde vore veldig bra for eksponeringa av norsk golf om me fekk ein herregolfar til OL, i tillegg til Suzann Pettersen og Marianne Skarpnord som alt er klare, seier Karlsen.

Uttaket blir gjort i midten av juli og er basert på verdsrankinga. Berre 60 utøvarar får spele OL-turneringa, og kvart land kan berre stille med to spelarar.

Siste nytt

  • Danmark straffes etter tilskuerbråk

    Det danske fotballforbundet har fått en bot på 20.000 dollar etter at FIFA mener danske tilskuere har oppført seg dårlig under fotball-VM i Russland. Tilskuerne skal blant annet ha kastet gjenstander og ha hatt med seg et banner med upassende tekst.

    FBL-WC-2018-MATCH22-DEN-AUS-FANS
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP
  • Uavgjort på Aspmyra

    Sandefjord scoret sitt første mål på 705 minutter på bortebane mot Bodø/Glimt. Men Kastratis mål holdt ikke til seier. Jose Angel utliknet for Glimt før pause. Kampen endte 1–1

    Eliteserien fotball 2018. Bodø/Glimt-Sandefjord
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix
  • Første seier til Rekdal

    Kjetil Rekdal ble ansatt i Start for å redde sørlendingene fra nedrykk. Mot Kristiansund fikk Start sin første seier under sin nye trener. Rekdals gutter vant 2–0 på Sør Arena.

    Eliteserien fotball 2018 Start - Kristiansund.
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal