Edh spelar høgre vingback for serieleiar Lillestrøm. Han er fødd i 2002, og hadde lenge ein draum om å spele for Lillestrøm sitt A-lag.
Ein medfødd skade i kneskåla såg ut til å stoppe draumen om A-laget. Kneskåla var sprokken, og første forsøk på å tette sprekken gjorde inga nytte.
Det var ikkje før etter inngrep nummer to at Edh, som då var ein del av Lillestrøms akademi, merka framgang.
– Eg kom tilbake og hadde nokon sprinttestar der eg var raskast på juniorlaget. Noko hadde skjedd, seier Eskil Edh til NRK.
– Kva var årsaka?
– Det må vere treninga eg la ned. Eg går ut frå at eg gjorde ein del rett der. Eg hadde eit bra støtteapparat, lagkameratane mine hjelpte meg, og då eg først kom tilbake klaffa alt.
RASK: Edh er så kjapp at motstandarane av og til tek i bruk ulovlege midlar. Her blir Edh stoppa av Sarpsborg 08s hjelmkledde midtstoppar Bjørn Inge Utvik.
Foto: Annika Byrde / NTBKriseløysing
Og det var ikkje berre på sprinttestane. Edh vart teke opp i Lillestrøm sin a-stall og debuterte i 1.-divisjon hausten 2020.
Så, i 2021, fekk Geir Bakke plutseleg eit problem. Lagets høgreback var ute med karantene, og Bakke mangla ein erstattar.
På den tida var Edh midtbanespelar, men ein prat med trenaren gjorde om på det.
– Eg har ikkje vore noko back, seier Edh.
– Men så fekk eg moglegheita. Det har vore ei lang reise, seier han.
– Eskil har verkeleg hatt jamn stigning og har fått orden på skadane sine. Han har veldig spennande fysikk. Sidan han har spelt på midtbana er han taktisk smart. Han har verkeleg ei spennande framtid, seier Lillestrøm sin kaptein Gjermund Åsen.
JUVEL: LSKs trenarduo og Gjermund Åsen snakkar neppe om Eskil Edh akkurat her, men er glade for å ha lyn-vingen i stallen.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Noko av det største
Framgangen har fått han inn i aldersbestemte landslag. I haust debuterte han både for G19 og U21-landslaget.
Når U21-landslaget gjekk til EM i juni var Edh igjen på plass i landslagssjef Leif Gunnar Smerud sin tropp.
I Lillestrøm er han førsteval på høgrebacken. Frå sin posisjon har han halde leven med ei rekkje motspelarar denne sesongen. Saman med lagkameratane har han kjempa Lillestrøm opp på førsteplass når ti av 30 serierundar er blåsne av.
– Det er noko av det største eg kan oppleve. Det er lenge igjen, men vi har eit godt utgangspunkt, seier Edh til NRK.
Lillestrøms kamp mot Rosenborg har avspark søndag 18.00 på Åråsen.