Hopp til innhold

Haaland-brillene skapar forundring i garderoben: – Kva skjer her?

Manchester Citys Kyle Walker vart så forundra over Erling Braut Haalands briller at han la ut eit bilete av dei på sosiale medium. Haaland meiner brillene gir ein søvneffekt, men forskarane er ikkje samde.

lRbOlvx9ZzQ

OVERRASKA LAGKAMERATEN: Erling Braut Haaland gjer seg merka med fokuset sitt på detaljar.

Foto: CRAIG BROUGH / Skjermdump / Reuters/Instagram

– Kva skjer her? skreiv City-back Walker på Instagram-kontoen sin då Haaland dukka opp på spelarbussen med dei raude brillene.

Men Premier Leagues toppskårar har brukt dei fargerike glasa i fleire år.

I eit intervju med Ruhr Nachrichten har Haaland sjølv fortalt at han bruker spesialbrillene av ein grunn.

Blålysbrillene, med dei raude glasa, skal ifølgje nordmannen vere med på å filtrere bort blått lys frå elektroniske apparaturar.

– Eg brukar brillene om kvelden. Dei hjelp meg til å få djupare og betre søvn. For meg handlar det om detaljar i kampen for å bli betre dag for dag, uttalte Haaland om brillene i 2020.

I 2018, då Haalands dåverande Molde-lagkamerat Eirik Hestad vart kåra til årets spelar i Eliteserien av Nettavisen, fortalde midtbanespelaren at det var han, Haaland og Fredrik Aursnes som var forkjemparar for dei raude brillene i Molde-garderoben.

Walker
Foto: Skjermdump 02.09.2022 / Instagram

Hestad argumenterte i intervjuet for at søvnhormonet melatonin ikkje blir sloppe ut i kroppen som det skal når ein ser på ein mobilskjerm på kvelden. Dei raude brillene skal vere med på å stengje «det blå lyset» ute.

Ingen bevis for at det fungerer

Melatonin er hormonet som gjer oss søvnige. Produksjonen til kroppen av dette søvnhormonet blir hemma kraftig av lys.

Blått lys skal vere verre for melatoninproduksjonen enn varmare lys.

Det er derfor mellom anna American Academy of Ophthalmology, den største organisasjonen i verda av augelegar og augekirurgar, tilrår deg å kutte ut alle skjermar to timar før leggetid.

Britiske College of Optometrists gjekk gjennom vitskapen om blålysbriller allereie i 2018. Konklusjon var at den generelle befolkninga ikkje vil få betre søvnkvalitet ved å bruke slike.

Ein samlestudie frå 2021 sa likevel at det er gode bevis for at blålysbriller kan redusere søvnforseinking og jetlag.

Les også: Haaland tangerte «umogleg» rekord: – Det er reint instinkt

Premier League - Aston Villa v Manchester City
Premier League - Aston Villa v Manchester City

Hevdar Haaland er på trygg grunn

Spesialist i psykiatri og overlege ved Valen Sjukehus, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, meinar allikevel at Haaland gjer noko svært fornuftig ved å bruke disse brillene. Hun peikar at det er mykje samanblanding mellom bruk av blåblokkering briller for å verne auga mot skjermlys og dette med effekt på søvn og melatonin.

Den amerikanske øyelegeforeningen definerar ikkje kva dei meiner med som er blåblokkerande brillar. Dei omtaler etter alt å døme alt frå klare, til svakt gule til oransje brillar. Altså også slike som blir brukt ved augesjukdommar for å verne netthinna. Dei har veldig ulik grad av blokkering, skrivar Henriksen i en e-post til NRK.

Ho visar til fleire studiar som kun har forska på bruken av dei mest oransje brillane. Slike som Haaland brukar. Ei studie frå 2020 visar at det er ein klar effekt på både eigen melatoninproduksjon og på søvn. Det er lettest å sjå effekt om brukaren har eit søvnproblem.

Ho har også forska på bruken av oransje brillar sjølv.

– Eg synes ikkje at det er merkeleg at Haaland bruker desse brillane. Det merkelige er at ikkje fleire idrettsutøvere brukar dem, sier Henriksen.

Ho seier videre at fleire brillar med diverse gultoner markedsføres me at dei fremmer søvn og melatonin, men at mange av de brillane ikkje har noko effekt fordi dei slipper igjennom mykje blått lys

Men Haaland brukar oransje brillar i en dyp rav-farge, som er forska på med positive resultater, seier legen.

– Haaland står på trygg grunn når han hevdar at brillane har effekt.

– Ikkje effektivt tiltak

Likevel er American Academy of Ophthalmology tydelege på at det ikkje finst gode nok vitskaplege bevis for at brillene gir betre søvn. Dei skreiv dette i ein artikkel på nettsidene sine tidlegare i år:

– Du treng ikkje å bruke ekstra pengar på blålysbriller for å forbetre søvnen – berre reduser skjermtida om kvelden og sett einingane dine på nattmodus.

NRK har prøvd å komme i kontakt med Team Haaland og pappa Alfie om saka, men ikkje fått svar.

Lege Kaveh Rashidi har tidlegare sagt til NRK at blokkering av blått lys med briller kanskje kan vere eitt av mange verktøy for betre søvn i ei diger verktøykasse.

– Den største verktøykassa i historia har kanskje blålysbriller inni seg. Men det er ikkje nok til å kalle det eit effektivt tiltak, sa Rashidi i NRK-podkasten God betring.

Blir samanlikna med Bond-skurk

Nordmannen har fått ein fenomenal start på City-karrieren. Med ti mål på seks ligakampar er han toppskårar i Premier League.

TV-eksperten Gary Neville samanliknar Haaland med figurar ein gjerne ser i James Bond-filmar.

– Erling Haaland er ... det ser eigentleg litt urettferdig ut. Eg hugsar då eg såg James Bond-filmar som ung. Der var det ein karakter som vart kalla «Jaws». Han var omtrent 218 centimeter høg. Han pleidde berre å plukke folk opp og kaste dei i bakken. Det er litt slik når ein ser Haaland mot sterke midtstopparar, seier Gary Neville i ein Sky Sports-podkast.

Tysdag kveld debuterer truleg Haaland i meisterligaen for Manchester City i bortemøtet mot Sevilla. Den kampen har avspark 21.00 og blir send på TV 2 Sport Premium eller TV 2 Play.

Siste nytt

  • Aursnes' trener fikk ny kontrakt etter ni måneder

    Roger Schmidt (56) nyter kjempesuksess i sin første sesong som Benfica-trener. Fredag forlenget han avtalen med Lisboa-klubben til sommeren 2026.

    Tyskeren har mye av æren for at Benfica er blitt blant Europas mest underholdende lag. Kun to tap på 43 kamper er fasiten så langt.

    Med slike resultater nøler ikke Benfica-ledelsen med å plusse på to år til på trenerkontrakten.

    I den portugisisk ligaen topper hovedstadsklubben ti poeng foran toeren Porto, og i Champions League er de klare for kvartfinalespill mot italienske Inter. Drømmen om å gjøre noe virkelig stort i den gjeveste europacupen lever.

    Fredrik Aursnes har under Schmidt fått en nøkkelrolle på Benficas midtbane.

    (©NTB)

    Roger Schmidt og Aursnes
    Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP
  • Tromsø forsterket med Viking-angriper

    Mai Traore (23) lånes ut til Tromsø fra Viking ut årets sesong med opsjon på forlengelse.

    Den guineanske angriperen har de siste månedene vært på utlån i OH Leuven i belgisk fotball. Avtalen varte egentlig til i sommer, men nå vender Traore i stedet nordover, skriver NTB.

    – Vi ser fram til å få Traore med på laget. Han er en spennende angrepsspiller som vi har fulgt over lengre tid, og som vi har stor tro på i sesongen som kommer, sier Tromsøs sportssjef Lars Petter Kræmer-Andressen i en uttalelse på klubbens hjemmeside.

    Mai Traore
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • HamKam låner spiss fra RBK

    Rasmus Wiedesheim-Paul (24) skal spille årets sesong i HamKam. Den svenske angriperen leies inn fra Rosenborg.

    Overgangen ble bekreftet av begge eliteklubbene fredag kveld.

    Wiedesheim-Paul har vært en del av RBK-stallen siden høsten 2020. Der har han spilt 26 kamper og scoret seks mål.

    Svensken har de siste årene også vært lånt ut til Mjällby og Helsingborg i hjemlandet.

    (©NTB)

    Eliteserien i fotball 2021: Sarpsborg 08 - Rosenborg (1-3)
    Foto: Christoffer Andersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste