– Eg føler at det kortet bør takast bort, og det håpar eg også fotballforbundet forstår, seier Arne Erlandsen til NRK.
– Forbundet har mulegheit til å omgjere kort. Sandefjord fekk sitt annulert, og eg forventar at også dette blir annulert, seier Erlandsen vidare, og viser til at Sandefjord-spelar Christer Reppesgård Hansen slapp karantene etter eit raudt kort mot Sogndal 4. juni, etter at klubben la inn protest.
Mandag ettermiddag bekrefta klubben at de ber Norges Fotballforbund om å sletta kortet.
– Artigaste kampen
Lillestrøm-spissen Erling Knudzon går glipp av fotball-Noregs største rivaloppgjer mot Vålerenga på laurdag etter tre gule kort.
Knudtzon sjølv var tydeleg frustrert og irritert då NRK snakka med han i LSK-garderoben.
– Det er den artigaste kampen å spele i året. Det er ein kamp eg har gleda meg til sidan terminlista blei lagt ut, seier Knudtzon til NRK.
– Ikkje filming
Like før pause gjekk angriparen i bakken innanfor 16-meteren etter ei felling av Vikings Michael Ledger. Men i staden for å blåse straffespark gav dommar Martin Lundby LSK-spissen gult kort for filming.
– Eg skjønar at eg kjem til pirke ballen forbi. Og at han kjem til å felle meg. Og det gjer han jo, og eg faller. Eg var ikkje sikker på at eg skulle få straffe. Men eg trudde eg skulle få det. Eg blei litt overraska då eg såg han trekke opp det gule kortet for filming, seier Knudtzon til NRK.
– Eg føler at eg ikkje fortente å få gult kort i den situasjonen. Men kan kanskje takke meg sjølv for to gule kort tidlegare i sesongen, som ikkje var så lure, held spissen fram.
– Ikkje feil
Men dommarsjef Terje Hauge avviser at avgjerda er feil og viser til «regel fem » i dommarboka.
– Dette går på dommarens skjønn i situasjonen. Spelaren får ein liten kontakt, og dommaren oppfattar at beina sviktar under spelaren. Martin (Lundby) vurderer dette som usportsleg når spelaren utnyttar ein liten kontakt og følger opp med gult kort etter spelereglane, seier Terje Hauge til NRK.
Hauge understrekar at dei skal sjå på episoden på det vanlege fagmøtet måndag, og ta ein endeleg konklusjon tirsdag om handteringa av situasjonen.
Arne Erlandsen er ikkje tvil om at kortet var ein blunder frå dommaren.
– Det er jo feil sjølvsagt. Vi skulle hatt straffe, seier Erlandsen og krev at Knudtzon, som er LSK toppscorar med fem mål, får spele mot erkerivalen Vålerenga på Ullevaal stadion laurdag.