– Akkurat no kjem eg til å sørgje, det er heilt klart, seier Hamrén til Sveriges Radio.
Han er skuffa og langt nede etter at Sverige tapte 1–0 for Belgia og er slått ut av EM.
– Kor lenge det varer, veit eg ikkje. Men slik det ser ut no, kjem eg f** ikkje til å sjå meir på EM i alle fall, sa han seint i går kveld.
Den tidlegare Rosenborg-trenaren vil ta ein pause utover hausten. Så får han sjå kva som sidan hender.
Heim til kjærleiken
– No vil eg heim og treffe mine to døtrer og kone og få litt energi og kjærleik. For det har eg behov for akkurat no, seier Erik Hamrén.
– Eg har allereie takka nei til fleire førespurnader. Det kjennest som det blir veldig bra med ein «break».
– Men om det dukkar opp noko veldig interessant, så endrar eg kanskje på det, legg Hamrén til.
Han er ikkje den einaste som sluttar etter EM-exiten i går. Tre av landslagets støttespelarar i mange år gjer det same – Zlatan Ibrahimovic, Andreas Isaksson og Kim Källström.
– Eg er skuffa på deira vegne, dei som har vore med så lenge, at dei må slutte på denne måten, seier den avtroppande landslagssjefen. Han har hatt jobben i seks år, sidan han forlèt Rosenborg i 2010.
– Stort hol å fylle
– Det blir nok eit hol etter desse tre, og spesielt etter Zlatan. Han har ikkje berre vore ein scoringsmaskin, men også ein gallionsfigur for svensk fotball. Det kjem til å bli eit stort hol å fylle, seier Hamren.
Hamrén vil enno ikkje summere opp sine seks år som landslagssjef. Til det er han altfor skuffa etter tapet i går.
Men han oppsummerer gjerne Sveriges EM-innsats.
– Vi opna med ein dårleg omgang mot Irland. Sidan har vi spela to og ein halv bra kamp. Vi gjorde eit bra forsøk, men fekk ikkje betalt, seier Hamrén.