– Eg har tenkt på det ei stund, og i går fall det på plass. Eg vil ikkje lenger utsetje meg for ein slik risiko. Eg vil heller vere heime med borna, seier han til NRK.
Det var onsdag Guay tok den dramatiske avgjerda. Det nærma seg hans tur til å starte i treningsomgangen i utforløypa i Lake Louise heime i Canada, og han venta på toppen.
Så fall lagkamerat Manuel Osborne-Paradis og skadde seg stygt. Omgangen blei avbroten i nesten ein halv time. Osborne-Paradis fekk behandling nede i bakken, og ambulansehelikopteret kom etter kvart til og frakta den uheldige køyraren bort.
Alt dette fekk Erik Guay med seg frå toppen. Han køyrde treningsomgangen, men så var det slutt.
– Kanskje burde eg teke heisen ned att og, seier han.
Hindra av vond rygg
– Det var det som pusha det meg over grensa. Eg forstod kva risiko vi utset oss for, og kva som kan gå gale når eg ikkje er i stand til å køyre slik eg ønskjer, seier han.
Erik Guay har hatt ryggproblem, som førte til at han måtte stå over OL i Pyeongchang i februar.
Kanadiaren blei verdsmeister i utfor i 2011 og i super-G i 2017. Han har vunne fem verdscuprenn, det siste på Kvitfjell i 2014.
Han fortel om tankane som gjekk gjennom hovudet hans då han stod på toppen, høyrde om falla, oppfatta at rennet blei stansa i fleire minutt, og såg helikopteret.
– Eg vil heller vere heime med borna
– Eg spurde meg sjølv om det er verdt å kaste seg ut av startporten og ta den risikoen. Når du er der ute, så pressar du deg til det maksimale for å nå toppen. Eg vil heller vere heime med barna, seier Erik Guay.
Onsdag kunngjorde han at det var slutt, berre minutt før den første treningsomgangen framfor sesongens første renn.
– Det var ein tøff augneblink, ei tøff avgjerd å ta, seier 37-åringen, som har køyrt på ski sidan han kunne gå.
– Det var tøffare enn å kaste seg ut frå startporten i Kitzbühel.
– Kva seier familien din?
– Det er sterke kjensler for dei også. Dei veit kva som må til for å vere med i toppen, og dei har vore med på opp- og nedturar. Truleg er dei litt letta også.
Gler seg til stressfri vinter
No er han sjølv letta over å ha teke den endelege avgjerda.
– Eg kjende meg tusen kilo lettare i dag tidleg, etter å ha annonsert det. No kan eg slappe av.
Måndag skal han reise heim til familie og venner.
– Det skal bli godt med ein vinter utan stress og press.