NRK var på plass i engelske Watford før England skal møte Portugal på Wembley til siste VM-test torsdag kveld. Der fortalde landslagssjef Roy Hodgson at han var skuffa over at Cristiano Ronaldo ikkje skal spele, men tok det med eit smil.
– Ein av grunnane til at vi handplukka nettopp Portugal, var at vi ville trene på å stanse Cristiano Ronaldo, seier Hodgson på pressekonferansen.
For når Portugal entrar Wembley til treningskampen i kveld, er det utan superstjerna. Han og Pepe har fått innvilga ei veke ferie, ettersom dei spela meisterligafinale sist helg.
Derfor er dei på Ibiza i staden for i London i kveld.
Saka held fram under bileta.
Ville trene på Ronaldo for å møte Bale
Hogdson seier at han hadde handplukka Portugal som motstandar på grunn av Ronaldo, og at det derfor er eit merkbart tilbakeslag for EM-oppkøyringa.Kampen på Wembley i kveld er Englands siste før landets opningskamp i EM, mot Russland 11. juni.
– Ronaldo er ein heilt spesiell spelar som betyr enormt mykje for alle lag han spelar på. Vi ønskte å bryne oss på han, fordi han spelar i ein posisjon tilnærma den Gareth Bale spelar på, seier Hodgson.
Bale spelar for Wales, som England møter i gruppespelet 16. juni.
NRKs store EM-guide
Uvisse om forsvaret
England stiller med det yngste laget dei har hatt i meisterskap siden 1958. Snittalderen er 25,8 år.
Angrepet er sterkt med mange alternativ. Det er forsvaret «alle» set spørsmålsteikn ved.
Derfor var det viktig for England å møte Ronaldo. For mange trur at Bale vil leike med det engelske forsvaret – tror mange.
– Vi vil ikkje vrake gode angrepsspelarar for å ha med fleire forsvararar, sa Hodgson.
Han vil kanskje prøve ut det forventa EM-laget mot Portugal. Han har bestemt seg for lenge siden nokolunde for korleis startellevaren vil sjå ut.
– Men eg vil likevel ikkje seie at «slik blir det», forklarer Hodgson.
For mykje kamerabråk
Interessa for Englands trening onsdag var enorm. Så mykje klikking frå kamera var det under pressekonferansen at fotografane fekk beskjed om å slutte – for å høyre kva som blei sagt.
– Vi kjem ikkje til å endre oss dei siste fem minutta, spøkte landslagssjefen.
Det var god stemning under seansen, og Hodgson lo og fleipa med Wayne Rooney.
Hodgson er trass alt nøgd med motstandarane England har hatt i oppkøyringa hittil (2-1 mot både Tyrkia og Australia før dagens kamp).
– Dei har testa oss, og eg har fått sett ein heil del spelarar. Eg ventar endå ein tøff test. Og om vi kjem gjennom den på ein god måte, vil eg seie at treningskampane har svara til forventningane, seier han.