Torsdag kveld møter Reiten og Noreg Armenia i den første kvalifiseringskampen til VM. Ho var ikkje ein del av førre landslagssamling i sommar, då Noreg tapte 0–1 mot Sverige, og heile 0–7 mot Nederland.
– Det var litt vanskelegare enn eg hadde trudd, for eg skulle ønske eg var der og kunne bidratt med mitt. Men for min eigen del så trengde eg ferie etter eit vanskeleg år, seier Reiten til NRK.
– Kva har vore det tøffaste?
– Eigentleg det utanfor bana. Fjoråret var eg inne eit par tre timar på trening, og så reiste eg heim og sat i leilegheita, og sånn såg kvar einaste dag ut. Viss ein gjer det i over eitt år, ja, det blir tungt da, svarar ho.
Tilbake som ein ny versjon
Chelsea har vunne ligaen i begge sesongane Reiten har vore i klubben. Ho starta 15 kampar og fekk fem mål og åtte målgivande i opningssesongen. Tyngre gjekk det førre sesong. Ho fekk berre starte ni kampar, og noterte seg for eitt mål og tre målgivande.
Ho innrømmer at koronapandemien gjekk hardt inn på ho. Det gjekk over eitt år før ho fekk sjå venar og familie. Einsemda gjekk til slutt ut over prestasjonane.
MINDRE SPELETID: Guro Reiten fekk mindre speletid i sin andre sesong for Chelsea.
Foto: Andrew Boyers / Reuters– Har ein det ikkje bra så trur eg ikkje ein presterer sitt beste. Eg får ta det som ei erfaring og lære av det. Eg har hatt ein god ferie, og samla mykje energi og motivasjon. Det har gått veldig bra så langt, fortel Reiten.
Lagvenninnene merka også ein tydeleg forskjell på ho etter ferien.
– Dei sa: «Det var ein ny Guro som kom tilbake, og kor har ho vore det siste året?», seier Reiten sprudlande.
For no strålar ho.
– Eg har vore sur eit heilt år no, så eg kan ikkje vere anna enn blid no, seier ho og ler.
Nøgd trenar
Landslagssjef Martin Sjögren gleder seg over at Reiten er tilbake.
– Eg veit jo at ho har vore litt nede. Denne koronaperioden har prega ein heil del av spelarane rundt om i Noreg, men framfor alt dei som spelar i utlandet, seier Sjögren.
Han har ikkje sett Reiten sidan ho scora mot Tyskland i april, men håpar at det gode humøret skal gje utslag for Noreg.
– No er Guro tilbake på bana, ho startar kampar i Chelsea og kjem tilbake med gode føresetnader for å levere på bana.
– Det er godt å ha ho tilbake, konstaterer Sjögren.