– Dei store nasjonane vil gjere meisterligaen til ei fire- eller femnasjonsturnering. Dei bryr seg lite om dei mindre landa, seier Rosenborgs trenar Kåre Ingebrigtsen til NRK.
Han og laget er i Irland for å møte Dundalk i første av seks kampar RBK må gjennom dersom dei skal klare å kome til gruppespelet i årets meisterliga – noko ingen har greidd sidan nettopp Rosenborg gjorde det i 2007.
Neste år blir det endå færre plassar å kjempe om i kvalifiseringa. Dei fire største landa får automatisk med fire lag. Og serievinnarane frå Norge og andre mindre fotballand får berre fire plassar å kjempe om.
Og Norges representant må inn i 1. kval-runde, mot 2. kval-runde no.
– Blir vatna ut
– Er årets kvalifisering dermed siste reelle sjanse for eit norsk lag til å kome seg til gruppespelet?
– Nei. Så lenge det er mogeleg å kome med, så er det mogeleg, seier Ingebrigtsen. Og legg til:
– Men meisterligaen blir vatna ut. Når du får fire og fem lag frå England, minner det meir om ei firenasjonsturnering i handball.
– Det går nok på at andre vil ha like mykje pengar som engelskmennene. Det får dei ikkje uansett, men endringane går utover lag frå land som Norge og Sverige, seier RBK-trenaren.
– Må jobbe endå hardare
Sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye meiner endringane må føre til at norske lag må skjerpe seg. I så fall er sjansen like god som no.
– Vi må bli betre som klubb, lag og krympe forspranget til dei beste. For vår del endrar ikkje ambisjonane seg. Vi må berre jobbe endå hardare, seier Bjørnebye til NRK.
Han meiner endringane har kome som konsekvens av at det er mykje lobbying på toppnivå i Europa.
– Vi prøver å få det til slik at prosessane skal vere så demokratiske og transparente som mogeleg, seier Bjørnebye.
– Blir de høyrde?
– Ja, det trur eg. For mange vedtak er gjort utan god nok informasjon. Det har UEFA langt på veg vedgått og tatt grep. No blir vi høyrde i større grad enn tidlegare.
– Bør endre namn
Pål André Helland meiner meisterligaen bør endre namn etter den siste endringa.
– Den blei laga for meistrane. Det er artig med innslag frå andre nasjonar. Men maktbalansen i europeisk fotball er flytta dit det er mest pengar, seier Helland.
Men han trur ikkje det blir vesentleg vanskelegare å kome med i gruppespelet.
– Vi møter FCK og andre då og. Det blir litt trongare, men motstanden vi møter blir ikkje så mykje tøffare.