– Eg hugsa då Cadel Evans vann Tour de France i fjor. Eg såg kva han gjekk gjennom, og kor glad han følte seg. Eg ville føle det same, sa ein rørt Bradley Wiggins på pressekonferansen etter den 19. etappen av Tour de France.
Wiggins blei laurdag den første briten til å vinne verdas hardaste sykkelritt.
Triumfen var etterlengta for den karismatiske ryttaren, som har slitt hardt for å nå den store draumen om å bli best på sykkelsportens øvste nivå.
Men denne sommaren har profilen, saman med stjernegalleriet i Team Sky, knust all motstand over 19 etappar i Frankrike.
På Tour de Frances nest siste dag toppa briten det heile med å vinne tempoen frå Bonneval til Chantres.
No kan han endeleg slappe av, køyre sjarmøretappen til Paris og sjå seg sjølv på den historiske lista over Tour-vinnarar.
– Det blir ikkje større enn dette. Det har ikkje vore mange Tour-vinnarar, for nokre få har vunne den fem gangar eller meir. I løpet av mitt liv har vel bare rundt 15 personar vunne rittet. Det er ei veldig spesiell liste å vere på, sa Wiggins.
– Forferdeleg å ikkje leve opp til forventningane i 2010
Triumfen betyr mykje for mannen, som har følt eit enormt forventningspress dei siste åra.
– Eg krasja og rauk ut av touren i fjor. Tour de France for to år sidan var også skuffande. Eg trur ein treng desse nedturane for å bli sterkare.
Med skyhøge ambisjonar blei Team Sky etablert i 2010. Målet var å få fram ein brite som kunne vinne Tour de France innan fem år etter oppstarten.
Mannen laget sette sin lit til var nettopp Wiggins, som blei tourens fjerdemann i 2009. Men dei påfølgande Sky-åra blei ikkje enkle for den no 32 år gamle lagkapteinen.
– Å ikkje leve opp til forventningane i Sky i 2010 var forferdeleg. Då gjekk eg i meg sjølv, såg nærare på korleis eg trena og «alt mogleg». Etter det har vi aldri sett oss tilbake her i Sky.
Artikkelen held fram under biletet...
Team Skys slagkraftige 2010-mannskap. Lengst til høgre: Lagkaptein Bradley Wiggins.
Foto: Adam Davy / Pa Photos
Tempo-vinnar, Bradley Wiggins.
Forlatt av faren
– Om han vinn er det den største bragden av ein britisk idrettsutøvar nokon sinne, sa fire gangar OL-gullvinnar i banesykling, Sir Chris Hoy, fredag.
Laurdag var triumfen eit faktum, og Wiggins kunne takke Hoy og andre for støtten og respekten.
Samstundes kom han med eit stikk til dei som ikkje har hatt trua på at 32-åringen skulle klare det.
Og kritikken, sa han, har nemleg ikkje bare vore noko Bradley sjølv har måtta leve med.
– Kona mi og barna mine har fått kjenne på og gått gjennom det eg har gjort dei siste åra. Til dagleg har dei levd med folk som seier at «Wiggins aldri vil vinne Touren», og at «Wiggins kom på fjerde i 2009 fordi Touren hadde ein flat profil».
Men den tøffe 32-åringen har truleg alltid vore vand med å få tøffe beskjedar, for å deretter kjempe mot straumen.
– Faren min forlot oss i barndommen, så eg vaks bare opp med mor mi, sa han, og la til:
– Bestefaren min blei på mange måtar rollemodellen min i oppveksten. Under touren i 2010 døydde han. Då eg kom heim frå Frankrike gjekk eg gjennom ein tøff periode i livet.
Drøymte om å vinne Touren som tiåring
Det blei ein emosjonell pressekonferanse for Wiggins laurdag. Men enno gjenstår det sterkaste inntrykket: Å sykle opp Champs-Élysées iført den gule trøya.
– Eg hugsar at eg som tiåring såg på Tour de France. Eg drøymte om å vinne den sjølv ein dag, men tenkte «kor stor er eigentleg sjansen for at ein gut frå Central London nokon gang skal vinne touren?».
– Så det har vore ei utruleg ferd sidan eg vann junior-VM i 1998, og fram til i dag. Eg veit ikkje om eg oppsummere det på nokon annan måte enn det, konkluderte ein prega Wiggins.
Slik såg det ut då Tour-vinnar Wiggins møtte pressen i Chartres laurdag.
Foto: Pete Goding / Pa Photos