– Sånn eg hugsar det, prøvde eg å psyke han ut. Eg var ute og melde kvar eg skulle slenge meg, og spurde kvar han skulle skyte. Så hugsar eg ikkje heilt kva som skjedde, men han sklei i det han skulle ta straffa, og ballen trilla inn der eg låg, seier Harloff til NRK.
Haaland har hatt straffansvar på både klubblag og U-landslag, og her står han med tolv strake fulltreffarar, ifølge Transfermarkt.
Harloff redda straffa i G16-kampen mellom Bryne og Brann. Det er sist Erling Braut Haaland bomma på straffe, bekrefta Haaland sjølv overfor TV 2 etter tysdagens fulltreffar mot Napoli.
– Det er vittig å tenke tilbake på. Vi spelte fleire gonger då vi var yngre, og eg visste at han var ei luring. Det var sikkert derfor eg var ute og slang litt med leppa, seier Harloff.
Spelar i 3.-divisjon
Ifølgje keeperen var Haaland og Brynes 99-generasjon frykta, og Haaland gjerne delte ut eit par meldingar til motspelarane.
– Det er sånn eg hugsar han. Dei hadde ein veldig bra generasjon.
Harloff er no Nest-Sotra-spelar, på utlån frå Brann. Medan Haaland tener pengane i Salzburg og er toppskårar i meisterligaen, står Harloff i år berre oppført med kampar for Brann 2 i 3.-divisjon i år.
– Eg skjønner ikkje kvifor eg er i same selskap, at eg berre har spelt i 3.-divisjon. Det er berre eit tidsspørsmål før eg er der oppe, seier Harloff.
– No reknar du med at telefonen går varm frå toppkeeperar i Europa som vil ha tips?
– Ja, det reknar eg med, svarer han med eit smil.
Den spesielle straffeteknikken
Haaland har banka inn mål denne sesongen. Tysdag scora han sitt sjuande i meisterligaen, det andre på straffe. Han har utarbeidd ein heilt spesiell teknikk, som han òg brukte under U20-VM i sommar.
Han tar eit lite stopp i tilløpet, og får keeperen til å ta eit val. Deretter trillar han ballen i motsett hjørne.
– Han har ein innarbeidd straffeteknikk som han har enorm sjølvtillit på, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
– Har du bestemt deg litt tidleg, er du heilt selt. Då kan han legge den keeperen ikkje ligg. Når du har funne teknikken sette 20 straffer på rad, veit du at du set neste og. Det er mykje psykisk, seier Harloff.