Hopp til innhold

EM-sølv til Grøvdal: – Har lagt dei vonde kjenslene bak meg

LISBOA (NRK): Karoline Bjerkeli Grøvdal fekk endeleg ein opptur etter ein tung sesong. Etter VM-nedturen i Doha var 29-åringen langt nede.

Grøvdal norsk flagg

Grøvdal feirar sitt fyrste sølv som senior i EM-terrengløp.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Det var ikkje gull eller ingenting for meg, dette er min fyrste sølvmedalje som senior. Shit, det her var gøy, gliser Grøvdal etter målgang.

Ho hadde fire bronsemedaljer på rad i EM-terrengløp. Gullet blei for tøft, men Grøvdal var godt fornøgd med å sikre sølvet.

Har lagt dei vonde kjenslene bak seg

Og følte det var ein viss revansje frå eit skuffande VM i Doha tidlegare i haust.

– Eg har lagt VM bak meg og nå er kroppen så bra som den aldri har vore. Det er veldig godt å legge dei vonde kjenslene bak meg og vise at VM ikkje var det eg var god for, seier Grøvdal.

I VM i Doha fekk ikkje Grøvdal til i varmen og måtte bryte i forsøket på 5000 meteren. På 3000 meter hinder som var distansen vår beste langdistansekvinne satsa mot, blei det ein skuffande 13.-plass.

Får innspel frå Gjert Ingebrigtsen

Nå har Grøvdal bytta trenar og er topp motivert i satsinga mot eit nytt OL neste år. Da er det 5000 og 10.000 meter som blir distansane for Grøvdal.

– Dei siste to åra har eg ikkje vore heilt fornøgd med det eg har fått til. Nå går eg litt tilbake til litt gamle ting. Treningsmessig inneber det ikkje så mykje, men eg går litt tilbake til det eg gjorde da eg trente meg sjølv, forklarer Grøvdal.

Knut Jæger Hansen er den nye trenaren hennar, men i tillegg skal også Gjert Ingebrigtsen bidra.

– Han kjem blant anna med litt innspel på det mentale. Når eg har hatt motgang har det vore vanskeleg og hatt trua på meg sjølv, seier Grøvdal.

I dag gjekk 29-åringen offensivt til verks på det 8,2 kilometer lange terrengløpet i Lisboa.

Ho tok teten framfor storfavoritten Yasemin Can frå start og dei to fekk tidleg ei luke ned til resten av feltet.

Men som dei siste fire åra i EM blei den Kenya-fødde tyrkaren for tøff.

Can fekk nokre små sekund etter eit par kilometer og Grøvdal blei springande aleine resten av løpet.

Ingen bak kunne true jenta frå Isfjorden og den femte medaljen på rad i terrengløp-EM var eit faktum. Etter fire bronsemedaljer på rad kunne Grøvdal endeleg ta eitt steg opp på pallen.

Svenske Samrawit Mengsteab tok bronsemedalje, men var på trygg avstand, 36 sekund bak Grøvdal i mål.

Grøvdal i EM

Grøvdal tok teten frå start i det 8,2 kilometer lange løpet.

Foto: Pedro Rocha / Pedro Rocha

Etter kvinnenes løp blei det dermed totalt eitt gull og ettt sølv for Noreg under EM, i tillegg til medalje i lagkonkurransen til Noreg i juniorklassa. Jakob Ingebrigtsen tok gullet i juniorklassa for gutta, mens storebror Filip aldri var i nærleiken av å kjempe om medalje i seniorklassa.

Ingebrigtsen blei til slutt nummer 12, og langrennsløpar Didrik Tønseth kom inn til ein 25.-plass.

Maria Sagnes Wågan kom inn til ein 18.-plass.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal