Hopp til innhold

EM-favoritten trassa hjartetrøbbel: – Roing var ikkje viktig, det var meir å overleve

Ask Tjøm (25) er saman med partnar Lars Benske blant favorittane i dobbelsculler i EM etter ein strålande start på sesongen. Men det er ikkje lenge sidan det verka heilt utopisk for førstnemnde.

Ask Tjøm på sykehuset

PÅ SJUKEHUSET: Ask Tjøm kunne ikkje trene på tre månader etter operasjonen som fiksa hjarteproblema hans.

Foto: Privat

– Det var ein definerande augneblink og eg bestemde meg for å prøve litt hardare, seier Tjøm til NRK.

Han snakkar om tida då det vart klart at han måtte operere hjartet. Allereie som 15-åring hadde han fått vite at hjartet hans ikkje fungerte heilt som det skulle, men no hadde det vorte verre enn før.

– I byrjinga påverka det meg berre når vi trena roleg. Eg måtte leggje meg ned og halde beina høgt for å få rytmen inn på rett spor. Eg kunne ha over 200 i puls då eg berre gjekk ein tur, fortel 25-åringen frå Tønsberg.

Roing Mediedag

UBEHAGELEG: Tjøm fortel at han fekk over 200 i puls berre av å gå ein lett tur.

Foto: Javad Parsa / NTB

Legane hadde gitt den aktive ungguten klarsignal til å halde fram med å trene og konkurrere, sidan risikoen ved ein operasjon var større enn utfordringane han då hadde med hjartet.

Han måtte berre leve med anfalla som kom sjølv på heilt rolege treningsøkter.

– Det var litt ubehageleg, men det er rart når du er vand til å trene og du er vand til å få litt syre og bli litt stiv. Det kjennest som at du fekk syra berre du låg på sofaen og såg ein film. Det var veldig merkeleg og litt absurd, fortel han om anfalla.

Torsdag startar Tjøm og partnar Lars Benske vegen mot medaljedraumen i EM klokka 12.45. NRK sender roing frå EM-veka frå klokka 10.00.

– Det kjendest ganske alvorleg

Men for omtrent tre år sidan kom anfalla oftare og oftare.

– Etter kvart så byrja det å påverke konkurransar og sånn. Då innsåg eg at eg måtte gjere noko med det.

Samtidig som han kjende hjarteproblema i aukande grad, fekk han gjennombrotet i verdscupen med ein 4.-plass og ein 7.-plass.

Men ein operasjon var ikkje til å unngå.

– Det opplevast kanskje ikkje alvorleg, men du tenkjer over kva du bruker tida di på, erkjenner han.

Ro-VM i Østerrike

SAT TILBAKE: Her er Tjøm i aksjon under VM i Austerrike i 2019, eit snautt år etter hjarteoperasjonen.

Foto: Estela Reinoso Maset / NTB

Først under operasjonen hausten 2018 fekk han vite at tilstanden hans var medfødd og kallast Wolff-Parkinson-White-Syndrom. Noko som betyr at han hadde ei rekkje ekstra leidningsvegar som forstyrra hjarterytmen.

Kirurgane brende av ei rekkje nervetrådar, og etter sju og ein halv time var operasjonen vellykka. Men det lovande talentet kunne ikkje trene på tre månader for å la hjartet gro.

Plutseleg var kvardagen snudd heilt på hovudet, og like etter gjennombrotet måtte han leggje årane mellombels på hylla.

– For å vere ærleg var ikkje det så mykje i tankane. Det kjendest ganske alvorleg ut der og då. Roing var ikkje det aller viktigaste for meg, det var meir å overleve, fortel Tjøm.

Les også: EM-drama for Skarstein: Fekk trøbbel etter Instagram-bilete

Birgit Skarstein og stroppa som skapte problem
Birgit Skarstein og stroppa som skapte problem

– Det har vore litt uverkeleg

Men etter kvart kunne Tønsberg-karen trene meir og meir, og no har jobben resultert i dei definitive gjennombrota hans i verdstoppen.

Under den første verdscupen i sesongen i Poznań gjekk han og partnar Lars Benske heilt til topps, og få veker seinare følgde dei opp med tredjeplass i Luzern.

– Det har vore litt uverkeleg, men det har vore veldig gøy òg. Eg kjenner det har vore veldig spennande og eg gler meg til fortsetjinga, seier Tjøm.

Roing Mediedag

OVERRASKA: Landslagstrenar Mark Emke vart teken på senga av Tjøm og Benskes prestasjonar på forsommaren.

Foto: Javad Parsa / NTB

No kjem duoen til EM med forventningar om at dei kan kjempe heilt i toppen. For Noregs nye hovudtrenar Mark Emke var ikkje det ein situasjonen han hadde sett for seg.

– Det var ei overrasking for meg kva dei gjorde i Poznań, og resultatet i Luzern var også veldig bra. Vi må ta vare på denne forma, og sørgje for at dei forbetrar seg litt, så dei kan få dei same gode resultata i meisterskap, fortel nederlandske Emke.

Han skryter av Tjøm og Benskes mentalitet som heile tida er oppteken av jobben som trengst for å oppnå toppresultat.

– Eg kjenner veldig at form er ferskvare, og at ein må pøse på og at ingenting er for gitt. Vi prøver berre å gløyme alt som har skjedd og berre jobbar vidare som om vi ikkje har vunne nokon ting, avsluttar Tjøm.

Les også: Skarstein fortvilar over regelendring: – Som å opne kvinneklassen for mannfolk

Roing Mediedag
Roing Mediedag

Siste nytt

  • Irland slo tittelforsvareren i rugby-VM

    Verdensener Irland slo verdensmester Sør-Afrika 13-8 i lørdagens storkamp i VM i rugby union.

    Mack Hansen ble første spiller som greide å score et try mot Sør-Afrika i turneringen.

    – Dette var som en Grand Slam på steroider. Det føltes som det var 800.000 mennesker på tribunene, sa Hansen til ITV etter kampen.

    Cheslin Kolbe svarte med et try for «Springboks» tidlig i 2. omgang. Sør-Afrika ledet store deler av kampen, men måtte betale for dårlige spark.

    Manie Libbok tar seg vanligvis av dem, men han har slitt med presisjonen i VM. Scrumhalf Faf de Klerk har overtatt noen av sparkene, men de to misset til sammen fire av fem spark i lørdagens kamp, og det kostet 11 poeng.

    Et spark fra Jonathan Sexton midtveis i 2. omgang sendte Irland foran for godt. Da Jack Crowley sparket en ny trepoenger tre minutter før slutt, trengte Sør-Afrika et try for å utligne og få sjansen til å sparke vinnerpoengene.

    Sør-Afrika kom ikke nærmere enn ti meter fra Irlands mållinje, og for første gang kunne irene juble for seier over Sør-Afrika i en VM-kamp. Irland har nå vunnet 16 landskamper på rad. (NTB)

    sbhrBcWqYlM
    Foto: AP
  • Ellevilt volleymål reddet Manchester United

    En perlescoring av Bruno Fernandes sikret seieren for Manchester United i en slitekamp mot Burnley lørdag kveld.

    Midtstopper Johnny Evans, som fikk tillit fra start, lempet ballen presist i bakrom, hvor purtugiseren feide ballen i lengste hjørne på hel volley.

    Burnley var langt ifra ufarlige på eget gress. De tvang André Onana ut i full strekk og hadde et skudd i stolpen, men det ble bare nesten for Vincent Kompanys menn.

    Sander Berge kom innpå for hjemmelaget, men også hans heading etter en corner, snek seg like over.

    Dette var en sårt etterlengtet seier for Erik ten Hag og Manchester United, som sto med to seire og tre tap på de fem første kampene i serien før i kveld.

    Med tre poeng klatret de til 8. plass på tabellen. Burnley er helt sist med ett poeng på fem kamper.

    i2JUrg8VMMg
    Foto: Reuters
  • Ellevill europeisk opphenting i Solheim Cup

    Europa har stått for en fantastisk opphenting i Solheim Cup i golf og sørget for at det står 8-8 før søndagens singlekamper.

    Lagkaptein Suzann Pettersen så amerikanerne vinne alle fire foursomekamper mot hennes lag fredag, men siden den fryktelige starten har «Tutta» kunne juble for åtte europeiske poeng av tolv mulige i parspillet.

    – Jeg har ikke ord for å beskrive hvor stolt jeg er av dem, men vi må ikke glemme at dette ikke er over. Det er 12 poeng å spille om i morgen, sa den norske lagkapteinen til Sky Sports.

    – Vi har stått for litt av et comeback, og nå er det uavgjort. Vi får bare legge inn femtegiret og fortsette. (NTB)

    7KBT5RKA0vo
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Insekts-«buzz» i Formel 1 00:46
Neste