EM draumen svinn for U21-landslaget : – Det blir vanskeleg no

Tidleg kalddusj og klønete sjølvmål i den første playoff-kampen mot Serbia gjorde vegen til U21-EM langt vanskelegare for Norge.

Fotball U21 EM-kvalifisering, Serbia - Norge

TAPTE: Martin Ødegaard og resten av Norges U21-landslag klarte ikkje å hanskast med Serbia.

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Fredag kveld møtte U21-landslaget den gylne generasjonen til Serbia i den første av to playoff-kampar. Serbia er Norges siste hinder på veg til U21-EM til neste år.

Men med 0-2-tap i bagasjen blir det ei vanskeleg oppgåve for Norge på heimebane kommande tysdag.

– Det blir vanskeleg, Serbia er eit godt lag. Men eg ville ikkje ha avskrive dei heilt, seier NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken.

Kalddusj

Det gjekk ikkje lenge før Serbia gjekk opp i leiinga. Allereie etter seks minuttar spel slo det norske forsvaret sprekkar, og Uros Djurdjevic fekk ein enkel jobb med å sette inn 1-0 åleine med keeper.

Det var Djurdevic sitt niande mål på sju U21-landskampar.

Rett etter målet hadde Norge sjansen til å utlikne, då Martin Ødegaard fekk ballen heilt åleine på fem meters hold. 17-åringen fekk diverre dårleg treff på ballen, og ballen fortsette gjennom feltet.

Også rett før pause kunne Norge ha sett laga likt igjen, då Veton Berisha fyrte av rett utanfor 16-meteren. Rask avverjing av Serbia-keeper Vanja Milinkovic-Savic gjorde at Serbia kunne gå i garderoben med leiing.

Full kontroll

Trass i at den første omgangen avslutta med eit pang, starta den andre ganske sakte. Serbia trilla ball i midtbaneleddet, og både tempo og intensiteten i kampen datt ned.

Norge kom heller ikkje til nokon store sjansar, og då Kristoffer Haraldseid på klønete vis heada ballen i eige nett etter 69 minutt såg det tungt for Norge.

Og Norge klarte ikkje å sette det trykket mot Serbia-målet som var nødvendig. Dermed enda kampen 2-0 til Serbia.

– Det var eit par billege mål, seier landslagssjef Leif Gunnar Smerud til TV 2 etter kampen.

Siste nytt

  • Lagerbäck vraker Johansen

    Norges lag i den viktige nasjonsligakampen mot Kypros er klart, og kaptein Stefan Johansen starter på benken. Disse starter: Jarstein, Elabdellaoui (K), Nordtveit, Rosted, Meling, Fossum, Henriksen, Selnæs, M. Elyounoussi, Kamara og T. Elyounoussi.

    Nasjonsliga Kypros mot Norge.
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Narvik valgt som norsk VM-kandidat

    Skiforbundet har valgt Narvik som søkerby til en eventuell søknad for VM i alpint i 2027. Det offentliggjorde skipresident Erik Røste på en pressekonferanse på Gardermoen mandag. Hafjell/Kvitfjell var den andre aktuelle kandidaten.

    Norsk søkerkandidat til alpin-VM
    Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix
  • To norske EM-sigrar i dag

    Steffen Walstads mannskap slo Polen 9-3 og Tyskland 7-4 i dagens to kampar i curling-EM i Estland. Norge har dermed tre sigrar og to tap hittil.

    Tysdag morgon møter Norge Sverige, som har vunne alle sine kampar hittil.

    Steffen Walstad
    Foto: John Locher / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sjakk: Parti 8 Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 8
VM sjakk: Parti 8: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
Pressekonferanse sjakk-VM
Nasjonsligaen: Kypros - Norge