Elyounoussi kom til Molde i mars og var éi av mange signeringar for Molde sin nye trenar Tor Ole Skullerud.
Mot gamleklubben Sarpsborg 08 blei det både éi og to scoringar. Jubelen kom derimot aldri frå 19-åringen.
Scoringane fortente på si side stormande jubel frå publikum.
Han sende Molde i føringa 2–1 med eit hardt og velplassert skot frå 16-meteren, før han fastsette sluttresultatet til 5–1 på overtid med eit vakkert frispark.
– Det er nok spesielt for «Moi» å score to mot tidlegare lagkameratar, kommenterte Molde-trenar Tor Ole Skullerud direkte på C More etter kampen.
– Sarpsborg var gode
Molde-trenaren var strålande fornøgd etter kampen, men var ikkje fornøgd med alt.
– Det var meir ope totalt enn eg likar. Vi var ålreit fornøgde med opninga, men så var siste halvtimen i første omgang dårleg. Vi hang dårleg saman og Sarpsborg var gode!, meinte Skullerud etter kampen.
For bortelaget kom betre med i kampen etter ei treig opning. Etter 20 minutt kom 0–1.
Bortelaget utnytta pasningsfeil frå heimelaget. Tre tidlegare Vålerenga-spelarar i Bojan Zajic, Joachim Thomassen og Aaron Samuel Olanare storma framover, før Samuel sette ballen i ope mål.
Leiinga heldt derimot lenge for bortelaget.
Saka held fram under bildet.
Gulbrandsen-show
1–1 låg i nettet i det 25. minutt.
Fredrik Gulbrandsen var mannen som sette utlikninga i mål, då han heada eit Harmet Singh-innlegg fint forbi keeper Duwayne Kerr.
Uavgjort stod seg halvvegs. I andre omgang handla alt om Molde.
Først banka Elyounoussi inn sitt første til 2–1. Så var Gulbrandsen på plass igjen. Denne gongen gjorde han nær alt åleine.
Molde-spissen, som kom frå Lillestrøm i fjor, blei spelt gjennom. Først distanserte han Martin Thømt Jensen, før same mann blei finta på ræva. Med ballen inne i 16-meteren svinga han 3–1 opp i lengste hjørne på vakkert vis.
– Fredrik leverte varene! Det var herleg, konkluderte Skullerud etter kampen.
– Spennande gut
Molde produserte godt med sjansar i sin andre heimekamp for året, men var også svært effektive. 4–1 blei sett inn i det 89. minutt – og det var ei ung innbytar som fekk æra av å avslutte.
16 år gamle Sander Svendsen debuterte som 15-åring i fjor. Mot Sarpsborg 08 kom han inn i det 74. minutt. Så kom den første scoringa.
Molde angreip på vakkert vis, før Elyounoussi la ballen inn til Svendsen på 13 meter. Iskaldt og perfekt sette 16-åringen 4–1 uti hjørnet.
– Det er spesielt gøy at han kjem inn og gjer det han gjer. Han er ein spennande gut, meinte trenar Skullerud.
Elyounoussi fastsette altså sluttresultatet til 5–1 på overtid. Det resultatet meiner Sarpsborg 08-trenar Brian Dean lyg.
– Vi er naive til tider, men eg synest ikkje dette er ein 5-1-kamp. Men dei er nådelause i avslutningane. Vi må jobbe vidare, sa Deane til C More.