NRK Meny
Normal

Ellevill cup-fiasko for fem eliteserielag

Molde, Viking, Lillestrøm, Sogndal og Start er ute av cupen etter tap mot lag frå lågare divisjonar.

Stjørdals/Blink jubler etter å ha slått ut Molde fra cupen.

JUBEL: Stjørdals-Blink feirer cup-triumf over Molde.

ein kveld rauk heile fem eliteserielag ut for småklubbar frå lågare divisjonar. Heile sju av seksten lag frå øvste nivå er ferdige med NM for i år.

I trøndelag avgjorde Tom Rune Hønnås for Stjørdals-Blink frå nivå tre vann 2-1 mot Molde.

– Det er heilt sjukt. Mange av dei vi møtte spelte europacup seinast i fjor. At vi klarer dette er heilt fantastisk, seier Stjørdals-Blinks første målscorar, Jørgen Sollihaug til NRK.

– At vi i tillegg kjem tilbake etter at dei utliknar til 1-1 er heilt sjukt, legg Sollihaug til.

Stjørdals/Blink går opp til 2-1 mot Molde.

HER SLÅR STJØRDALS-BLINK UT MOLDE: Tom Rune Hønnås set inn det avgjørande målet for Stjørdals-Blink.

Solskjær tar sjølvkritikk

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær tar all skuld for tapet.

Ole Gunnar Solskjær

TAR ANSVAR: Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter cup-exit mot Stjødals-Blink.

Foto: Scott Heppell / Ap

– Eg er skuffa. Vi fortener ikkje å gå vidare. Det er eg som har lagt opplegget før kampen og har tydelegvis ikkje førebudd spelarane godt nok, seier Solskjær.

– Korleis?

– Vi reiste til kamp i dag. Vanlegvis reiser vi dagen før. Det er tett kampprogram i mai. Eg satsa på at det gjekk fint å reise same dag som vi spelte, men slik var det tydelegvis ikkje.

– Men det skal vel likevel ikkje vere mogleg å tape for eit lag som ligg på femteplass i 2. divisjon?

– Leicester vann Premier League også. Fotball er sånn av og til, seier Solskjær.

Skuffa Jonevret til NRK-journalist: – Idiotspørsmål

Viking leia lenge 1-0 mot 2.-divisjonslaget Vidar, men tapte til slutt 2-1.

Viking-trenar Kjell Jonevret var alt anna enn fornøgd etter cup-sjokket.

– Vi stiller med vårt sterkaste lag og får 1-0, men det er ein del spelarar som sluttar å springe når vi leier. I tillegg er Vidar-spelarane store og sterke, seier Viking-trenar Kjell Jonevret til NRK.

– Kor surt er det å ryke ut?

– J**** idiotspørsmål. Det er sjølvsagt veldig tungt å ryke ut. Det er ingenting positivt med dette, seier Jonevret.

Ingvald Sandvik Halgunset gjør 2-1 for Vidar mot Viking.

VIDAR-MÅL: Her set Vidar inn 2-1 mot Viking, som er ute av cupen.

– Vi er sløve

Lillestrøm har to strake sigrar i eliteserien, men blei for svake for førstedivisjonslaget Sandefjord, som vann 1-0.

Høydepunkter fra 1. omgang mellom Sandefjord og Lillestrøm. Sandefjords Erik Mjelde gjør 1-0 til Sandefjord.

SANDEFJORD SLO LILLESTRØM: Sandefjord leverte ein god 1. omgang. Det var nok til å slå Lillestrøm ut av cupen.

Sogndal tapte 1-0 for Nest-Sotra. Kittiphong Pluemjai scora målet som sendte sogningane ut av cupen.

Nest-Sotra går opp til 1-0 mot Sogndal.

SOGNDAL-FLAUSE: Her set Nest-Sotra inn den avgjørande 1-0-scoringa mot Sogndal.

I Sandnes slo førstedivisjonslaget Sandnes-Ulf ut eliteserieklubben Start. Heimelaget vann til slutt 3-1.

– Vi er sløve og ubesluttsomme. Vi blir kriga i senk og er veldig skuffa over at vi ikkje klarer betre enn dette, seier Start-trenar Steinar Pedersen.

Desse eliteserielaga er ute av cupen:

Brann, Aalesund, Molde, Start, Sogndal, Lillestrøm og Viking.

Resultater i tredje runde av cupen:

Asker – Odd 2-3

Bærum – Stabæk 0-3

Nardo – Rosenborg 1-4

Nest-Sotra – Sogndal 1-0

Sandefjord – Lillestrøm 1-0

Sandnes Ulf – Start 3-1

Stjørdals-Blink – Molde 2-1

Tromsdalen – Tromsø 2-3

Vidar – Viking 2-1

Vindbjart – Strømsgodset 1-2

Åsane – Haugesund 1-4

Kongsvinger – Strømmen 1-1 e.o. (4-3 på straffer)

KFUM Oslo – Vålerenga 0-2

Siste nytt

  • Nagelsmann tar over RB Leipzig

    Hoffenheims trener Julian Nagelsmann har vært svært ettertraktet. Etter neste sesong forlater han Hoffenheim til fordel for RB Leipzig, melder klubben i en pressemelding.

    Han har skrevet en treårskontrakt, og blir i Leipzig til 2023.

    Julian Nagelsmann
    Foto: Thomas Kienzle / AFP
  • VM trolig over for Australia-spiss

    Andrew Nabbout spiller neppe mer for Australia etter skulderskaden han pådro seg i torsdagens kamp mot Danmark, melder NTB. – Det ser ut til at han har pådratt seg en alvorlig skulderskade. Jeg tror VM er over for hans del, sier Australias landslagssjef Bert van Marwijk.

    FBL-WC-2018-MATCH22-DEN-AUS
    Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP
  • Gir ikke opp 5000-meter

    Etter det mislykkede forsøket på EM-kravet på 5000-meter i Stockholm, vurderte Filip Ingebrigtsen å droppe distansen under EM i Berlin. Ifølge trenerpappa Gjert har Filip nå bestemt seg for å gjøre et nytt forsøk på kravet. – Men vi vet fortsatt ikke når og hvor, sier Gjert Ingebrigtsen til NRK.

    Filip Ingebrigtsen
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Argentina - Kroatia
FIFA Fotball-VM 2018: Argentina - Kroatia