Hopp til innhold

Carlsen-søster sende trakasseringsvarsel – sjokkert etter skakande innlegg

Ellen Carlsen har som bror sin spelt sjakk i mange år, men på vegen var det noko som tok gleda vekk frå sjølve spelet. Nyleg sende ho eit varsel til Norges Sjakkforbund.

Ellen Carlsen

BEKYMRA: Ellen Carlsen deler openhjarta om skakande opplevingar frå sjakkmiljøet.

Foto: Berit Roald / NTB

Eg vart veldig sjokkert. Det var veldig trist lesing.

Ellen Carlsen fortel til NRK at ho er skaka over erfaringane sjakkspelaren Jennifer Shahade nyleg delte på sosiale medium.

I eit langt innlegg tok amerikanaren eit kraftig oppgjer med ein profilert, mannleg sjakkspelar i det internasjonale miljøet.

Shahade hevdar mellom anna at ho og fleire andre har opplevd trakassering og upassande åtferd frå vedkommande. Carlsen seier ho har kjent personen sidan ho var 15–16 år, og møtt han fleire gonger opp gjennom åra.

Det er utruleg synd viss det stemmer, seier ho og påpeikar at hendingane med personen ikkje er kjennelege for henne.

Den skulda er i skrivande augneblink under etterforsking for seksuell mishandling, ifølgje Chess.com. I eit tilsvar til nettstaden seier han at han ikkje kan kommentere skuldingane sidan dei no blir etterforska. Ifølgje Chess.com påpeikar han likevel:

– Eg samarbeider fullt ut med begge førespurnadene og ser fram til høvet til å svare på desse skuldingane og dele mi side av historia.

Ellen og Magnus Carlsen

SØSKEN: Ellen Carlsen har vore ein stor støttespelar til bror Magnus over fleire år. Ho spelte sjølv aktivt sjakk.

Foto: Mads Nyborg Støstad/NTB scanpix / NRK

Vart tilsende meldingar

Kort tid etter Shahades innlegg, tok Carlsen, som er storesøstera til Noregs sjakkstjerne Magnus, til orde på Twitter for å dele erfaringane hennar rundt tematikken.

«Det er ikkje greitt og normalt at vaksne kontaktar mindreårige på telefon/SMS/ med mindre det er openbert praktisk knytt til turneringa», skreiv ho.

I dette intervjuet med NRK deler den tidlegare sjakkspelaren sine eigne, personlege og ubehagelege opplevingar frå sjakken heime i Noreg.

Carlsen seier at ho den gong skjønte lite, men seinare har innsett av det ikkje var greitt. Det skal ha dreidd seg om jamlege telefonoppringingar og meldingar frå ein eldre mann.

Når du er ein ung person så tenkjer ein at det er sin eigen feil eller at ein har opptredd på ein måte som gjer at personen trur vi skal vere venner. Det ansvaret skal liggje hos ein vaksen person – at ein ikkje skal kontakte ein ung person i det heile. Det er ikkje greitt.

Ho seier at sjakken er ein av få arenaer der barn og vaksne konkurrer mot kvarandre og er likeverdig over brettet. Ho påpeikar då at det er ekstra viktig at skilje er klart også mellom parti.

Carlsen slutta sjølv å spele aktivt sjakk i midten av 20-åra.

Fv: Helga Fjærvoll, regissør Benjamin Ree, Ingrid, Ellen og Henrik Carlsen ankommer premieren til filmen "Magnus" på Klingenberg kino i Oslo fredag kveld.

SJAKKFAMILIE: Ellen, her saman med søster Ingrid og far Henrik Carlsen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det var ikkje det som gjorde at eg slutta, men det gjorde det mindre freistande å stille opp på arrangement i Noreg.

Sende varsel

Innlegget til Shahade gjorde at Carlsen bestemde seg for å ta grep og rapportere inn hennar eigne erfaringar.

Førre månded sende ho eit varsel i varslingsportalen til Noregs Sjakkforbund.

– Det var først og fremst for at ein skal sjå på rutinane sånn at ein førebyggjer at det skjer i framtida. Viss eg har opplevd det, så er det sikkert mange andre som har gjort det òg.

«Kven tek ein sjølv kontakt med dersom dette skjer?», har ho spurt seg sjølv.

NRK har tidlegare klargjort tematikken og snakka i fjor med fleire unge, norske sjakkspelarar som meinte dei hadde slutta med sjakken på bakgrunn av det dei beskriv som ein trakasserande og ekskluderande kultur i sporten. Den svenske sjakkstjerna Anna Cramling har også teke eit kraftig oppgjer med problematikken.

Les også: Hevder leder spredte sex-rykter – tar kraftig oppgjør med «trakasseringskultur» i Sjakk-Norge

Kimiya Sajjadi
Kimiya Sajjadi

– Burde gjort det for lenge sidan

I 2022 oppretta Noregs Sjakkforbund og Ungdommens Sjakkforbund ein felles varslingsportal og vedtok felles etiske retningslinjer for norsk sjakk. Forbundet opplyste til NRK at det hadde nedsett eit varslingsutval for å gjere det lettare å melde frå om saker.

Kristine Marie Ganz tiltredde i rolla som generalsekretær i Noregs Sjakkforbund juni 2022 og stadfestar til NRK at dei i løpet av hennar tid skal ha fått eitt varsel på det som går på uønskt merksemd. Det skal ha gjeldt ei hending for fleire år sidan, utan å ville gå i detalj på det innebærar. Ho vil heller ikkje stadfeste om det er Ellen Carlsen som står for varselet.

Les også: Sjakkprofil rystet etter opplevelse som 15-åring: – Hva har jeg gjort?

Anna Cramling
Anna Cramling

Carlsen er no glad for at dei har fått opp eit varslingssystem og ønskjer at endå fleire skal melde inn og nytte seg av tenesta, viss dei opplever noko liknande.

Eg burde gjort det for lenge sidan. Ein sit kanskje med ei kjensle at ein har gjort noko gale sjølv. Dette skjedde med meg sjølv om vi berre hadde analysert eit parti saman, noko som på ingen måte er noko ekstraordinært.

– Når ein kan kjenne på eiga skam i eit sånn tilfelle, seier det seg sjølv at det kan sitje mange unge menneske der ute som ikkje tør å melde frå eller som er usikre på om det dei har opplevd er ugreitt, fortset ho.

Likevel påpeikar Carlsen at det burde vorte teke grep mykje tidlegare.

Derfor er det er utruleg synd at nokre sånne enkelthendingar kan øydeleggje så mykje.

Ho vil også rose sjakken og påpeikar til slutt at sjakkforbunda og organisasjonane stort sett er baserte på frivillig arbeid. 34-åringen meiner derfor at det kan vere vanskeleg å identifisere mangelområde som også krev oppfølging, og få til kontinuitet i førebyggjande arbeid over tid.

– Men nettopp fordi så mykje er frivilligheitsbaserte, er det desto viktigare å gjere det så enkelt som mogleg for arrangørar, klubbar og trenarar å ha gode rutinar.

Sportsnyheter

Flere cupbomber - tre eliteserielag ute:  – Den sjukeste cuprunden

Seks eliteserielag var virkelig i trøbbel, og tre av dem er ute av cupen allerede i andre runde. Kjelsås brukte bare 30 minutter på å ydmyke Stabæk, og Lillestrøm røk etter ekstraomganger.

Siste nytt

  • Vålerenga vant nervepirrende derbydrama

    På Bislett stadion måtte Vålerenga ha en sen scoring for å slå Lyn 2-1 i en kamp med fullt trøkk på tribunene.

    Eliteserielaget tok ledelsen etter 27 minutters spill da Ibba Laajab gjorde selvmål. Julius Skaug utlignet like etter pause til stor jubel blant Lyns supportere.

    Laget fra Oslo vest øynet håp om å sende byrivalen ut av cupen, men fem minutter før full tid headet en umarkert Mohamed Ofkir inn vinnermålet for Vålerenga. Målet førte til banestorming fra bortefansen.

    NM fotball cup 2023 2. runde: Vålerenga - Lyn
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • Hovland én under par på første runde

    Viktor Hovland startet Memorial-turneringen på PGA-touren på det jevne. Nordmannen fikk tre bogeys, men fire birdier, blant annet på siste hull, og endte den første runden ett slag under par. Da Hovland gikk i klubbhuset så lå han på en delt 14.-plass, men en rekke spillere er ikke ferdig. Han gikk runden sammen med verdensener Scottis Scheffler og Emiliano Grillo.

    Viktor Hovland
    Foto: AFP
  • Idrettsstyret snur etter feide med Antidoping Norge

    Styret i Norges idrettsforbund drar i bremsen og ber likevel ikke tinget stemme over å gi Antidoping Norge ansvaret for doms- og appellorganet i dopingsaker.

    I stedet besluttet idrettsstyret på sitt styremøte i Bergen torsdag å fremme et endringsforslag der det bes om tingets tilslutning til at styret fortsatt skal arbeide for etablering av en nasjonal antidopinglov, med etablering av en domsfunksjon i dopingsaker uavhengig av idretten og Antidoping Norge.

    Kulturdepartementet har overfor NIF varslet at et høringsutkast til en slik lov kan foreligge allerede våren 2024.

    Helomvendingen skjer få dager etter at Antidoping Norges styreleder Rune Andersen gikk hardt ut mot forslaget i et VG-intervju. Han ga det merkelapper som «radikalt» og «alvorlig for norsk idrett». (NTB)

    NIF valgkomite
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste