– No er det fullstendig kaos her. Der er det ei lengdematte som glir ut, sa NRK-kommentator Jann Post undervegs i løpet.
– Det enormt med vind her. Han må vere oppe i 10–15 sekundmeter, supplerte sidekommentator Vebjørn Rodal.
– Ekstra gøy
Fleire gjenstandar, som flagg, presenningar og ein paraply, flaug mellom og over deltakarane – men heldigvis ikkje på dei som stilte til start på 1500-meteren.
Deltakarane kom heldigvis velberga i mål. 17 år gamle Jakob Ingebrigtsen vart norgesmeister på tida 4.03.54.
– Dette var spesielt. Men det var kanskje litt ekstra gøy med desse forholda. Det kom inn uventa faktorar. Det gjeld å bruke forholda til sin fordel, seier den doble europameisteren til NRK.
Gull i langbuksene
Før 1500-meteren var ein annan nybakt europameister i aksjon – under litt betre verforhold.
Karsten Warholm tok nemleg sitt andre NM-gull på to dagar då han vann 400-meter flatt på tida 47.32 på Byrkjelo.
– Karsten sprang 46.44 i NM i fjor. Men dette var eit kontrollert løp der han neppe gjekk heilt i kjellaren, sa NRK-kommentar Jann Post.
– Det var eit «safe» løp. Det var kaldt, så eg tok ingen sjansar og sprang med langbukser, seier Warholm sjølv.
Bekymra Alnes
22-åringen frå Ulstein la ikkje skjul på at han var mest nøgd med gullet sitt på 400-meter hekk fredag.
– I dag hadde eg lyst på eit gull til. Men eg hadde ikkje like gode bein, så tempoet vart ikkje det aller beste. Men eg er nøgd eg, både med meg sjølv, arrangementet og omgjevnadane, seier Karsten Warholm.
Som ikkje nølte med å gi NM-arrangørane terningkast 6 – trass i at vêret ikkje var det aller beste.
Trenar Leif Olav Alnes var bekymra over verforholda, men ville ikkje kalla dei uforsvarlege.
– Det gjekk bra. Alle kom uskadde gjennom løpa sine, seier Alnes.
Det vart også suksess for fleire i Team Alnes i NM. Amalie Iuel vann også 400-meteren. Ho fekk tida 54.71 og slo Sara Dorthea Jensen på målstreken. Hedda Hynne vart nummer tre.
Bronsevinnar stod over
Karoline Bjerkeli Grøvdal, som tok bronse på 3000-meter hinder i EM sist helg, måtte trekke seg frå same distansen i NM.
– Eg slit med ei forkjøling, slik eg gjorde i EM. Forkjølinga har blussa opp igjen. Eg trur det er smartare at eg står over no og heller får eit par gode løp på slutten av sesongen, seier Grøvdal til NRK.