Messi enorm i El Clasico-kampen som hadde alt

Sekund før tilleggstida var ute, avgjorde Lionel Messi for Barcelona med 3-2 med kampens siste spark.

Lionel Messi

TØFT: Lionel Messi blei den store spelaren i den store kampen. I første omgang måtte han spele med bomull i munnen for å stanse blødninga han fekk i ein duell

Foto: OSCAR DEL POZO / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

Messi kunne neppe funne eit betre tidspunkt for si scoring nummer 500 for Barcelona. På overtid av overtida scora han Barcelonas 3-2-mål og gjorde tittelkampen i Spania vidopen.

Den vesle argentinaren blei den store hovudrolleinnehavaren i dramaet på Santiago Bernabeu. Han scora to mål, og måtte tole svært tøff behandling kampen gjennom.

– For meg er han den beste spelaren i historia, sa Barcelona-trenar Luis Enrique.

I første omgang måtte Messi ut til behandling før han kom tilbake med bomull i munnen for å stanse ei blødning. Og Casemiro fekk kampens første gule kort etter berre 12 minutt for å ha sparka ned Messi.

Mestscorande i El Clasico

Og det var han som sende Barcelona inn igjen i kampen om ligatittelen då alle andre trudde håpet var ute, nokre sekund på overtid av overtida.

Real var i angrep, Barcelona kontra og kom fem mot tre. Ingen makta å demme opp for Messi, som banka inn 3-2 og målet som gir Barcelona nytt håp om sin tredje ligatittel på rad.

– Vi skulle brukt hovudet betre på 2-2. Vi er alltid positive og går for fleire mål. Men no var vi heilt ute av posisjon, sa Real-trenar Zinedine Zidane.

Med sine to scoringar er Messi også mestscorande i El Clasico gjennom tiudene. 16 mål har han sett inn på Real. Det er to fleire enn det Alfredo di Stefano i si tid gjorde for Real.

Det avgjerande målet var også Messis 500. for Barcelona.

Kampen som hadde alt

Sergio Ramos utvist

UTVIST: Sergio Ramos fårraudt kort, og Real Madrid må avslutte med ti mann

Foto: Sergio Perez / Reuters

Denne El Clasico-kampen hadde alt. Fem mål og enorme sjansar, to ekstremt gode målvakter, godt spel og stort tempo, kontroversielle situasjonar og raudt kort.

Det stod 1-1 etter eit innhaldsrik førsteomgang. Casemiro gav Real leiinga, men Messi utlikna.

Andre omgang blei om mogeleg andå meir innhaldsrik. Real pressa for leiing, i staden scora Rakitic for gjestene. Så blei Ramos utvist, men då slo Real tilbake. James Rodriguez' scoring fem minutt før slutt gav det poenget Real trengte for å stake ut ein sikker gullkurs.

Trudde dei fleste. Men det var før Messi avslutta kvelden.

Ein annan Barcelona-helt var keeper Marc-Andre ter Stegen. Han redda 12 skot, fleire av dei i grenseland mot det umogelege. Så mange skot har ikkje ein barcelona-keeper redda i ein El Clasico-kamp på 13 år.

Overtok tabelltoppen

Barcelona overtok tabelltoppen på innbyrdes resultat mot Real (første kamp enda 1-1). Men Real har ein kamp til gode. Likevel er det spenning i tittelkampen fem rundar før slutt.

I tillegg til å måtte spele siste kvarteret med ti man, mista Real også Gareth Bale i første omgang. Han var tilbake etter sin ankelskade, men måtte gå ut etter berre 37 minutt.

Artikkelen blir oppdatert!

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Overraskende Serena Williams-exit

    Serena Williams røk overraskende ut mot kinesiske Qiang Wang i Australia Opens tredje runde. Williams som har vunnet turneringen syv ganger tidligere, tapte i tre sett: 6-4, 6-5, 7-5. Novak Djokovic gikk enkelt videre i sin tredje runde-kamp mot japanske Yoshihito Nishioka.

    Serena Williams i tredje runde i Australia Open.
    Foto: David Gray / AFP
  • Klopp bekrefter Mané-skade

    Sadio Mané måtte forlate banen med skade etter 32 minutter i ligakampen mot Wolverhampton torsdag. Etter kampen bekreftet Klopp skaden i følge TV 2:
    – Han har pådratt seg en muskelskade. Vi skal sjekke ham på fredag, så får vi se hvordan det går.

    Sadio Mané forlater banen mot Wolves.
    Foto: Oli Scarff / AFP
  • Dobbelt norsk i VM-åpningen

    Mads Østberg og Ole Christian Veiby er nummer en og to i WRC2-klassen etter første dag av Rally Monte-Carlo etter de to første fartsprøvene torsdag. Østberg er 21,7 sekunder foran landsmannen Veiby. I sammendraget ligger nordmennene henholdsvis som nummer 9 og nummer 11.

    RALLY SWEDEN
    Foto: Micke Fransson / Tt / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal