Frå ekstremvarme til storm i Melbourne

Årets fyrste Grand Slam i tennis møter stadig nye utfordringar.

Australian Open ekstremvêr

Det er ikkje berre temperaturar på over 40 grader som gjer seg gjeldande under Australian Open. No har òg eit kraftig torevêr innteke Melbourne Park. Her frå Margaret Court Arena, kor spelet er utsett.

Foto: Andrew Brownbill / Ap
Randi Himle
Journalist

Det er ikkje berre ekstremvarme som herjar i Melbourne. Under fjerde speledag av Australian Open har òg eit kraftig torevêr sett sitt preg på turneringa.

Spelet har måtte teke pause i fleire timar på banane utan overbygg.

Turneringa har hatt store varmeutfordringar sidan starten måndag. Gradestokken har synt over 40 grader fleire gongar, og arrangøren har fått kritikk for ikkje å ha stoppa spelet.

I fylgje Eurosport har temperaturen i dag vore måla til 43.3 grader på det høgaste.

Denne speledagen tredde regelen om varme i bruk – det vil seia at kampar kunnne stoppast for ein periode. Men – settet spelarane var i gang med, måtte fyrst spelast ferdig.

Sjarapova vidare etter maratonkamp

Tredjeranka Maria Sjarapova var lenge i trøbbel mot italienske Karin Knapp, men klarte til slutt å dra i land sigeren. Denne kampen var ein av dei som måtte spelast ferdig i steikande sol. Etter nærare tre og ein halv time time var den russiske kvinna vidare med settsiffera 6–3, 4–6, 10–8.

Maria Sjarapova

– Eg var nær å kollapsa, men kjenner meg betre no, sa Maria Sjarapova på pressekonferansen etter sigeren i 2. runde av Australian Open.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

Medan kampane på banane utan overbygg vart stoppa, kunne spelet fortsetja på Rod Laver Arena og Hisense Arena som begge har tak. Der har verdsstjernene Rafael Nadal og Roger Federer gjort unna sine 2. rundekampar.

Enkelt for Nadal og Federer

Verdseinar Nadal tok seg enkelt vidare frå møtet med den talentfulle tenåringen Thanasi Kokkinakis. 17-åringen måtte gje tapt 6–2, 6–4, 6–2. Sjetteranka Federer tok seg òg greit av slovenske Blaz Kavcic med settsiffera 6–2, 6–1, 7–6(4).

Med denne sigeren sette sveitsaren endå ein rekord i tennissporten – han er den fyrste spelaren til å vinna 70 kampar i Melbourne. 1. rundekampen mot James Duckworth markerte 57 Grand Slam-turneringar på rad for mannen som har vunne fire gongar i Australia.

Andy Murray er òg greit vidare etter tre strake sett mot den franske kvalifiseringsspelaren Vincent Millot. Skotten låg rett nok under 1–5 i tredje sett, men skjerpa seg og tok kampen 6–2, 6–2, 7–5.

Danske Caroline Wozniacki måtte ut i tre sett mot amerikanske Christina McHale, men var aldri trua i det avgjerande settet, og vann 6–0, 1–6, 6–2.

Regjerande meister Victoria Azarenka gjekk lett vidare til 3. runde etter 6–1, 6–4 mot tsjekkiske Barbora Zahlavova Strycova.

Del Potro ute

Juan Martin Del Potro er overraskande slått ut av spanske Roberto Bautista Agut. Argentinaren som er ranka som nummer fem, måtte gje tapt i fem sett etter å ha leia 2–1 i sett. Han tapte til slutt 4–6, 6–-3, 5–7, 6–4, 7–5.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skiskyting: Sprint menn
V-cup skiskyting sprint menn i Pokljuka
V-cup skiskyting: sprint menn
V-cup fristil: Skicross
V-cup fristil: skicross
V-cup skiskyting: Sprint kvinner
V-cup skiskyting
V-cup skiskyting: sprint kvinner
V-cup hopp: kvalifisering menn
V-cup hopp: Kvalifisering
V-cup hopp