NRK Meny
Normal

Ekstase, klokkeproblem og hårreisande tilbakespel – her er høgdepunkt frå VM-kvalik på Ullevaal

Har du høyrt om tilskodaren som greip visaren på stadionuret og fekk den svenske landslagssjefen til å rase? Visst har det vore mange tøffe tak i norsk VM-kvalifisering.

Norge jubler

JUBELKVELD: Odd Iversen jublar, svenskane fortvilar. Iversen har nettopp sett inn 2-1-målet og gitt Norge håp. Det gav tilnærma VM-feber i Norge, som berre måtte slå Sveits med fire mål i siste kamp for...

Foto: SCANPIX / NTB scanpix

Her er eit knippe av dei største:

Norge - Vest-Tyskland 1-1: Siste møte med Tyskland

Norge-Tyskland 1953

RINGEN ER SLUTTA: Keeper Asbjørn Hansen ryddar opp framfor storfavoriten Tyskland. Det var sist Norge og (Vest-)Tyskland møttest, for 63 år sidan. No er ingen slutta

Foto: NTB scanpix

19. august 1953: Det er 63 år sidan sist Norge og Tyskland møttest. Vest-Tyskland var storfavorittar og la heller ikkje skjul på at dei kom for å ta ein lett siger.

Men spelarane fekk merke at det budde innsats og vilje i dei norske amatørane. Harald Hennum sende Norge i føringa, men Vest-Tysklands storstjerne Fritz Walther utlikna i sluttsekunda av første omgang.

Norge greidde å halde 1-1 kampen ut, trass i at Gunnar Dybwad måtte gå ut med skade. Og 32.000 tilskodarar feira som om Norge var VM-klar.

Norge - Jugoslavia 3-0: Seemanns frisparkperle

16. juni 1965: På 60-talet glimta Norge til med storkampar som øydela for motstandaren, og kampen mot Jugoslavia var ein av dei. Jugoslavia fekk sitt største tap på 15 år. Og Norge gjekk heilt til topps i kvalik-gruppa.

Finn Seemann gav Norge leiinga med eit frispark for historiebøkene etter berre ni minutt. Frå 23 meter skrudde han ballen rundt muren på «feil» side og limte han i krysset. Det var snakkisen i lang tid, og knekte nok også Jugoslavias moral.

Olav Nilsen og Harald Berg scora også, og alle på og rundt Ullevaal gjekk bananas.

Franske spionar på tribuna gnei seg i hendene. For Norge kom ikkje til VM med sigeren, men det gjorde Frankrike - med norsk hjelp.

Norge - Sverige 2-1: Fem minutt igjen...

7. september 1977: Norge hadde framleis VM-sjanse, og den tok vi vare på. – Min største siger, sa veteranen Odd Iversen til VG. Han scora sigersmålet midtveges i andre omgang, ti minutt etter at Sverige hadde utlikna Rune Ottesens leiarmål.

Og etter at ein av tilskodarane hadde hengt seg etter armane i visaren på stadionuret, viste uret fem minutt for lite i resten av kampen. Det fekk Sveriges landslagssjef Georg «Åby» Eriksson til å rase over at dommaren bles kampen av for tidleg....

«Åby» var ikkje ferdig med å rase: – Svein Grøndalen er den verste eg har sett. Han gjekk berre inn for å skade oss, sa svensken.

Sigeren skapte VM-feber i Norge: Vi måtte berre slå Sveits med fire mål borte i siste kampen, så var vi klare for Argentina 78.

Og kampen er det hittil siste obligatoriske møtet med Sverige.

Norge - England 2-1: «A hell of a beating»

Roger Albertsen og Hallvar Thoresen etter 2-1-kampen mot England i 1981

MAGGIE THATCHER, CAN YOU HEAR ME? Hallvar Thoresen og Roger Albertsen etter Norges 2-1 over England i 1982

Foto: SCANPIX

9. september 1981: Denne er velkjend. Dei engelske stjernene frå tippekampane var store idol og store favorittar, og tok også ei tidleg leiing. Men så – i løpet av dei minuttane den direkte tv-overføringa måtte vike for Dagsrevyen – scora Roger Albertsen og Hallvar Thoresen.

England makta ikkje å slå tilbake på våte Ulevaal, og Norge tok av. Ikkje minst radioreporter Bjørge Lillelien med «Maggie Thatcher, can you hear me.... Your boys took a hell of a beating». Lilleliens utbrot toppa BBCs årskavalkade for 1981.

Men det var likevel England som gjekk til VM, ikkje vi.

Norge - Danmark 1-5: Hareides sure tilbakespel

Per Egil Ahlsen og Åge Hareide

SLO SPREKKER: Per Egil Ahlsen og Åge Hareide skulle hindre danske scoringar på Ullevaal. Det gjekk ikkje serleg bra

Foto: Gjellesvik, Inge / NTB scanpix

16. oktober 1985: Norge storspela mot «den danske dynamitten» med Michael Laudrup, Preben Elkjær, Morten Olsen og dei andre danske kjæledeggane på midten av 80-talet. Og leia 1-0 ved pause etter scoring av Tom Sundby.

Men 11 minutt ut i andre omgang leverte Åge Hareide eit håplaust tilbakespel, Michael Laudrup snappa opp og utlikna.

Så rakna alt for Norge, og 23 minutt seinare hadde Danmark scora fire mål til.

Om steminga var litt laber på Ullevaal, gjekk danskane av hengslene. Dei var nemleg i praksis klar for sitt aller første fotball-VM.

Norge - Nederland 2-1: Sørloths store kveld

Norges landslag 1992

GYLDEN ÅRGANG: Norges landslag i kampen mot Nederland i 1992. Kampen vart ein fest som starta vegen mot VM i USA

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

23. september 1992: Dette var vår første skikkeleg test i ei knalltøff gruppe. Drillo var i ferd med å byggje opp sin arbeidsgjeng i sin første VM-kvalifisering. Kjetil Rekdal sende publikum til himmels med straffescoring etter ni minutt, og Dennis Bergkamp tok dei ned igjen mindre enn 60 sekund seinare.

Det var Gøran Sørloth som sende kampen inn i historiebøkene. 11 minutt før slutt sprang han gjennom Nederlands forsvar og smelte ballen i nettet. 2-1 blei det, og Norge hadde fått ein knallstart på kvalifiseringa.

– Her er det mykje å rette på, sa Drillo. – Vi hadde sek sjansar, Nederland fire. Det var vel strengt teke ein kjedeleg kamp, sa Drillo.

Det var nok ikkje dei 20.000 på tribunene heilt samde i.

Norge - Polen 1-0: Hest og vogn på Karl Johan

Egil Drillo Olsen og Rune Bratseth

TIL VM: Egil Olsen og Rune Bratseth markerer at Norge skal til VM i USA

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

22. september 1993: Det var ein av dei kveldane Norge gjekk av hengslene.

Med siger ville Norge i realiteten klar for sitt første VM på 56 år. Polen yppa seg og trefte stolpen.

Så scora Jostein Flo ni minutt etter pause. Begge laga avslutta med ti mann etter ei utvisning kvar.

Erik Thorstvedt felte ein polsk spelar og fekk raudt kort like etter scoringa. Frode Grodås stod stødig i mål i svært hektiske sluttminutt.

– Det var meir ein krig enn ein fotballkamp, sa Drillo.

Med 1-0 var det berre usannsyleg teori som kunne ta frå Norge plassen. Så sikre var Norge at spelarane køyrde med hest og vogn opp Karl Johan med tusenvis av tilskodarar langs gata.

Norge - Ungarn 3-0: Rekdals utrulege trippel

Kjetil Rekdal

HISTORISK: Ingen tvil om kva som var snakkisen etter Kjetil Rekdals hattrick i kampens siste sju minutt

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

9. oktober 1996: Norge stanga og stanga, men var for fantasilause til å knekke det ungarske forsvaret. Og det såg ut til å gå mot 0-0 og to bortkasta poeng.

Men så slo Kjetil Rekdal til. Etter 83 frustrerande minutt hamra han eit frispark i mål via stanga, I kampens nest siste minutt smelte han inn 2-0 frå 20 meter. Og i siste minutt setta han inn ein straffe også.

Rekdal hadde scora det raskaste hat-tricket i norsk landslagsfotballs historie, og sendt Norge på god veg til VM i Frankrike.

Norge - Tsjekkia 0-1: Avkledd og audmjuka

Vladimir Smicer

FESTBREMS: Vladimir Smicer set inn 1-0 for Tsjekkia, og 24.000 på tribunene innser at Norge er langt unna siger

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

12. november 2005: Dei norske sjansane var haussa opp framfor playoffen mot Tsjekkia. Med eit godt heimeresultat skulle VM-plassen nærmast sikrast før returen i Praha fire dagar seinare.

24.000 hadde møtt fram på Ullevaal med håp om fotballfest.

Men frå avspark var det klart at dette kom til å bli så langt frå norsk fest som mogeleg. Tsjekkarane hadde god kontroll, Norge vart avkledd og audmjuka, og skapte knapt nok ein sjanse i heile kampen. Tsjekkia skapte sju. Då Vladimir Smicer scora etter ein halvtime, var det klart at VM i Tyskland skulle gå utan Norge.

Landslagssjef Åge Hareide sa det som var klart for alle: – Dette var rett og slett ikkje bra nok.

«Tafatthet satt i system» var Dagsavisens korte oppsummering.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Landslagsuttak for VM-kvalikkampene mot San Marino og Nord-Irland