Hopp til innhold

NRK-ekspert meiner RBK-ro kan trumfe Branns kjøpefest

Brann henta sju spelarar dette overgangsvindauget, medan Rosenborg berre signerte to. Ikkje nødvendigvis negativt for trønderane, meiner NRKs fotballekspert.

Rosenborg

MEIR Å FEIRE? I vår vann Nicklas Bendtner og Rosenborg meisterfinalen mot Lillestrøm. Trønderane har ikkje på nær henta inn like mange spelarar som Brann denne sommaren, men det treng ikkje om å hindre Rosenborg sine gullsjansar, trur NRK sin fotballekspert.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

  • Sjekk alle overgangane nedst i artikkelen.

– Brann har styrka seg mest og Molde nest mest. Rosenborg på si side er sjølvsikre på at dei har eit lag som kan ta gull. Det har dei nok rett i, seier Morten Skjønsberg.

Skjønsberg

Morten Skjønsberg, mangeårig Stabæk-spelar og no NRK-ekspert.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Overgangsvindauget i norsk fotball stengde i natt. Brann har henta inn heile sju spelarar. Tre av dei, Kristoffer Løkberg, Håkon Opdal og Jesper Löfgren, kjem rett nok ikkje inn før frå 1. januar.

Men Brann får nytte av Christian Eggen Rismark (Ranheim), Ruben Yttergård Jenssen (Groningen), Daouda Karamoko Bamba (Kristiansund BK) og Thomas Grøgaard (Odd) frå no av.

– Vi har selt mange spelarar tidlegare i år og finansiert mykje via det, sa Brann-sportssjef Rune Soltvedt til NRK i går.

Og la til at kjøpet av Bamba var godt hjelpt av Trond Mohn.

– Aggressive Brann

Eliteserien fotball 2018: Brann-Tromsø (3-0)

Brann-trenar Lars Arne Nilsen kan glede seg over sju nye spelarar. Av dei kjem fire no og tre til vinteren.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

På minussida er Sivert Heltne Nilsen den einaste faste spelaren som forsvinn.

– Brann har vore mest aggressive i sommar og handla enormt. Det har nok ein del å gjere med at Heltne Nilsen forsvann til Danmark. Leiinga fekk ein del kritikk etter den overgangen, forklarer Morten Skjønsberg.

– Dessutan er det jo sjeldan Brann kan kapre gullet, legg han til.

Tabellen

Rosar Molde-signering

Eliteserien fotball 2018, Molde - Brann.

Magnus Wolff Eikrem er tilbake i Molde. Sidan sist opphald i moderklubben har Eikrem vore i Heerenveen, Cardiff, Malmö og Seattle Sounders.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sjølv om FK Haugesund og Sarpsborg også ligg bra an er det Brann, Rosenborg og Molde som er venta å kjempe om eliteseriegullet.

Molde har henta heim Magnus Wolff Eikrem, medan Rosenborg har satsa på to meir ukjende kort: Den tunisiske spissen Issam Jebali frå Elfsborg og den serbiske midtbanespelaren Djordje Denic. Ingen av laga har mista faste spelarar.

– Molde har vist ei fin formkurve og har gjort lurt i å hente tilbake Eikrem. Det er nok ei av dei beste signeringane dette vindauget, vurderer Morten Skjønsberg.

Dei to nye spelarane Rosenborg har henta er relativt ukjende, men NRK-eksperten trur ikkje nødvendigvis det har så mykje å seie kor mykje desse bidreg. For trønderane har eit godt lag frå før av.

Open nedrykksstrid

Nedrykksstriden i Eliteserien er – som så mange gonger før – heilt open når vi nærmar oss den siste tredelen av sesongen. Sandefjord er i størst trøbbel, men lag som Start, Stabæk og Lillestrøm slit også.

At desse laga blir trena av dei rutinerte og velkjende trenarane Kjetil Rekdal, Henning Berg og Jørgen Lennartsson set ein ekstra spiss på nedrykkskampen. Men ifølgje Morten Skjønsberg gjorde ingen av laga dei heilt store endringane i overgangsvindauget.

Eliteserien menn (17. runde). Stabæk Sarpsborg

Henning Berg er ein av fleire profilerte trenarar i nedrykksstriden i eliteserien i haust.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Stabæk er nok det laget som har endra mest, i og med at dei har skifta keeper (Marcus Sandberg for Sayouba Mandé) og har henta inn to nye midtbanespelarar (Filip Valencic og Aboubakar Keita), medan Tonny Brochmann har gått til Mjøndalen, seier Morten Skjønsberg om klubben har sjølv spelte for så seint som i fjor.

Start henta heilt på tampen av vindauget inn Adeleke Akinyemi frå latviske Ventspils.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal