Hopp til innhold

Ekspertane har talt: Desse spelarane bør Solskjær hente

Fotballekspertane meiner Ole Gunnar Solskjær og Manchester United ikkje er i posisjon til å hente dei beste spelarane i verda denne sommaren.

Ole Gunnar Solskjær

TØFF JOBB: Ole Gunnar Solskjær takkar fansen etter tapet mot Cardiff i sesongavslutninga.

Foto: Oli Scarff / AFP

Nordmannen får truleg ikkje mykje tid til å ligge på stranda saman med familien, og står framfor ein svær jobb i det komande overgangsvindauget.

Fotballekspert Lars Tjærnås meiner problemet er at 46-åringen truleg ikkje kan hente spelarar frå den øvste hylla.

Lars Tjærnås

EKSPERT: Lars Tjærnås

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Spelarar vel klubbar av tre årsaker. Dei trur manageren vil gjere dei til endå større stjerner. Dei trur klubben dei vel vil gje dei trofear og relativt rask suksess. Og så er det pengar. På det området kan United konkurrere med dei fleste.

– Men Ole Gunnars jobb blir å overtyde på dei to første punkta. Konkret betyr det no å lokke spelarar som skal spele meisterligaen neste sesong - over til ein Europaligaklubb. Det er ei vanskeleg øving. Så vrient at eg ikkje trur dei lukkast med det no, seier Lars Tjærnås til NRK.

Også NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg poengterer klubbens manglande meisterligastatus.

– Ein spelar som Matthijs de Ligt frå Ajax er jo ein spelar for framtida, men problemet er at det ikkje blei meisterligaplass neste sesong. Difor blir klubben mindre freistande, dermed blir det kamp om akkurat han, seier Morisbak Skjønsberg.

Vil satse ungt

Solskjær har tidlegare sagt at han ønskjer å tenkje ungt og langsiktig.

– Vi treng ein sjef i midtforsvaret. Og så seier det seg sjølv at når ein mistar Ander Herrera, og har ein sviktande sentral midtbane, så må éin spelar inn der, seier dagleg leiar i Manchester United Supporters Club Scandinavia, Bernt Hjørnevik.

I tillegg til ein stoppar, meiner Tjærnås at Solskjær også treng ein topp høgreback – sjølv om han meiner Diogo Dalot kan utviklast til å bli det.

Som Hjørnevik meiner han Herrera må erstattast.

Dette er spelarane som supporterklubben og ekspertane meiner manageren bør sikte seg inn på, og som er blitt linka til klubben dei siste månadane:

  • Matthijs de Ligt, Ajax:
de Ligt
Foto: Matthew Childs / Reuters

Sende Juventus ut av kvartfinalen i meisterligaen med ein majestetisk heading. Er kaptein og sjef i midtforsvaret til Ajax som 19-åring. Passar perfekt inn i profilen til United. Men det vil bli tøff kamp om stjerneskotet. Alle storklubbar i Europa ligg langflate etter forsvarssjefen.

– Matthijs de Ligt på Ajax er jo ein fantastisk midtstoppar. I ein alder av 19 år så er han kaptein på det laget. Det hadde vore ein spennande signering i dei bakre rekker, seier Bernt Hjørnevik.

  • Jadon Sancho, Borussia Dortmund
Jadon Sancho
Foto: Martin Meissner / AP

Har hatt ein strålande sesong for Dortmund i Bundesliga. Kantspelaren scora 11 mål og hadde 14 assist for den tyske klubben. Fekk sin debut for det engelske landslaget i fjor haust. Det har blitt rapportert at 19-åringen har vore eit mål for Solskjær, men ifylgje fleire engelske medier skal Sancho truleg ha bestemt seg for å bli i Dortmund.

–Solskjær vil tenke ungt. Og då har du Sancho i Borussia Dortmund. Han er engelskmann og vil vere ein god mann inn i troppen, seier Bernt Hjørnevik.

  • Declan Rice, West Ham
Declan Rice
Foto: Paul Childs / Reuters

West Hams midtbanespelar blir nemnt som ein av fem spelarar som United ønskjer å signere i sommar. Kan bli den nye Roy Keane på Old Trafford. Er sterk i duellspelet, og klok i pasningsvalga sine. Er ein ryddegut på midtbana, men har også offensive bidrag. Ein klassisk boks-til boks-spelar.

  • N'Golo Kanté, Chelsea
Kante
Foto: Adrian Dennis / AFP

Leiaren for supporterklubben nemner også Chelseas N'Golo Kanté som ein mogleg signering.

Kanté kan vere ein god erstatning for Ander Herrera som går til PSG. Den franske midtbanekrigaren har vore god i spann med Paul Pogba på landslaget. Dersom Pogba blir i klubben kan signeringa av Kanté kanskje få ut potensialet til Uniteds største stjerne

–Ein krigar på midtbana som Kanté på Chelsea er viktige spelartypar i alle lag, meiner Bernt Hjørnevik.

  • Aaron Wan-Bissaka, Crystal Palace
Premier League - Crystal Palace v Everton
Foto: Peter Cziborra / Reuters

NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg meiner høgrebacken frå London-klubben må med på lista. Har vore fast inventar på Roy Hodgson sitt mannskap denne sesongen. 21-åringen er sterk i duellane, og villig til å gå på lange og raske løp framover. Har vore linka til United, og er ein spelar Solskjær truleg har på radaren.

  • Kalidou Koulibaly, Napoli
Kolibaly
Foto: Daniele Mascolo / Reuters

Lars Tjærnås meiner Napoli- stopparen har ein del eigenskapar som hadde vore perfekt slik situasjonen er i Manchester United no. Den senegalesiske landslagsspelaren er rask og sterk i duellspelet. 27-åringen tapar sjeldan ein hovudduell.

– Men når spelaren er attraktiv, og er ønska av mange, handlar det også om at mogleg kjøpar også er attraktiv. Difor er Ole Gunnar Solskjærs nest viktigaste jobb denne sommaren å overtyde attraktive spelarar at han som manager - og klubben er eit riktig steg no.

– Nokre kilometer unna sit andre managerar og klubbar med langt betre kort på handa overfor spelarar i den ligaen, seier Tjærnås.

– Den aller viktigaste jobben

Fotballeksperten meiner realistisk sett at det handlar om å finne dei rette spelarane i følgande marknader:

  • I topp-5-ligaer utanom meisterligaklubbane
  • Toppklubbar i resten av verda
  • Eksepsjonelle talent/spelarar som ikkje er i toppklubbar

– Til dette treng dei hjelp. Ei tilsetjing av ein sportsdirektør blir avgjerande over tid, og der må dei treffe riktig person, understrekar Tjærnås, som meiner Solskjær må utvikle ein klar spelestil i klubben.

– Då står vi igjen med den aller viktigaste jobben: Den kjem til å foregå på treningsfeltet, og ikkje bak kontorpulten. Dei må få eit eige spel i etablert angrep, og som gjer at dei aldri meir opplever veker som dei siste, i tillegg må dei forbetre fleire andre delar av spelet også, seier Lars Tjærnås.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal