Hopp til innhold

Ekspert slaktar russiske stjerner - no rømmer fleire spelarar frå landet

Sjakken splittar Russland. Fleire spelarar rømmer no frå eige forbund, medan andre bidreg aktivt i Vladimir Putin sin krigspropaganda.

Kosteniuk karjakin

SPLITTET: Alexandra Kosteniuk har ytra sin motstand mot krigen. Det har ikkje Sergej Karjakin, som er ei tydeleg stemme til støtte for Vladimir Putin.

Etter krigsutbrotet i fjor valde ei rekkje russiske sjakkspelarar å ikkje returnere til heimlandet. Dei ville heller ikkje konkurrere under Russland sitt flagg.

No har det starta eit nytt skred av russiske spelarar som vel bort Russland. Det skjer etter at Det russiske sjakkforbundet i februar melde overgang frå Europa til Asia.

Overgangen vart godkjend av Fide (Det internasjonale sjakkforbundet), men dei opna samtidig opp for at russiske spelarar vederlagsfritt kunne byrje å spele for eit anna europeisk land.

Det europeiske sjakkforbundet ønskjer ikkje å opplyse kven og kor mange som har bytt til eit europeisk forbund, men NRK har kartlagt fem spelarar som har valt bort Russland i mars månad.

Blant dei er tidlegare verdsmeister på kvinnesida, Alexandra Kostenjuk.

– Valet eg tok var ikkje lett for meg. Men av fleire ulike grunnar kunne eg ikkje la ting halde fram som dei var. Eg måtte handle på eit vis, for å sende eit signal om at eg ikkje aksepterer det som skjer, seier ho til chess.com.

Sjakkekspert og Russland-ekspert Atle Grønn trur ikkje spelarflukta blir godt motteken i Russland.

Atle Grønn

EKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Ja, det smertar det russiske forbundet. Kostenjuk er eit stort tap. Ho har vore dronninga av russisk sjakk. Ein stor profil og mange gonger verdsmeister, seier han.

Frå kritikk for å teie

Dei største russiske spelarane sit førebels stille i båten. Blant dei, Jan Nepomnjasjtsjij.

Om kort tid skal Magnus Carlsens tidlegare VM-utfordrar på nytt kjempe om tittelen, under russisk flagg. «Nepo» var ein av 44 russiske spelarar som i april i fjor signerte eit brev adressert Vladimir Putin der dei bad om at krigen måtte stoppast.

Jan Nepomnjasjtsjij

VERDSTOAR: Jan Nepomnjasjtsjij er Russlands beste sjakkspelar.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Sidan den gong har kritikken frå verdstoaren stilna.

I fjor vår var det spekulasjonar om at Nepo vurderte å byte forbund. Han valde i staden å bli sponsa av Putins oligarkar – dei same som sponsar krigen. Det er ein skuffelse for oss som følgjer sjakken, seier Grønn.

Carlsens tidlegare sekundant Daniil Dubov har tidlegare vore sterkt kritisk til Putin, men speler framleis under det russiske flagget. Dubov fortel NRK at han ikkje har merka store forskjellar etter å ha kritisert regimet.

Teknisk sett er det nesten det same. Det er meir psykologisk og du er litt meir redd kanskje. Det er eigentleg ikkje noko som skjer.

Grønn fortel at det er ekstremt viktig for russarane å behalde dei beste sjakkspelarane sine.

– «Nepo» er den viktige. Dei gjer alt for å behalde han, og det ser det ut som dei lykkast med. Det ville vore eit prestisjenederlag om han bytte forbund før VM-kampen, men det verkar som dei har kontroll.

Støttar Putin og Wagner-gruppa

Der nokon føretrekkjer å vere tause om krigen, er Sergej Karjakin ein fullstendig motpol. Russaren har uttalt si støtte til Putins invasjon frå første dag, noko han i fjor vart utestengd av Fide for.

Han var nyleg på ein lengre tur i dei russiskokkuperte områda av Ukraina for å arrangere sjakkskule. Karjakin, som sjølv er fødd i Ukraina, arrangerer også sjakkturneringar i Russland, mellom anna i hovudkvarteret til den berykta Wagner-gruppa.

– Skammeleg er eit mildt ord, skreiv Carlsens trenar, Peter Heine Nielsen på Twitter.

Karjakin Wagner

KRIGSSTØTTE: Karjakin utanfor det som skal vere hovudkvartera i Wagner-gruppa.

Foto: Sergej Karjakin/Telegram

Karjakins turneringar blir omtalte som «Z-turneringar» – oppkalla etter bokstaven som har vorte eit krigssymbol i Russland. Her speler også nummer 13 på verdsrankinga Aleksandr Grisjtsjuk, ifølgje Grønn.

– Grisjtsjuk er den som har gått lengst i å spele på lag med regimet, og er også ein skuffelse. Det er pinleg, seier han.

Grønn meiner at sjakkspelarane er eit viktig propagandaverktøy for Putins regjering.

– Viss ein går ei tid tilbake, var både Grisjtsjuk og Nepomnjasjtsjij sjokkerte over krigen. No har dei tilpassa seg den nye russiske røyndommen, legg Grønn til.

Det har ikkje lukkast NRK å få eit tilsvar frå Russlands sjakkforbund eller Jan Nepomnjasjtsjij.

G

TOPPSPELAR: Aleksandr Grisjtsjuk.

Foto: Carina Johansen / NTB

Noreg vil avvise Putin-tilhengjarar

Åtte av dei 100 beste spelarane i verda deltek for tida under Fides flagg. Det er førebels ikkje kjent om nokon av desse vil ta steget vidare og offisielt byte bort Russland med eit anna land.

Les også: Russisk sjakktopp får kjeft etter Mariupol-spøk – legg seg flat

Aleksandr Martynov
Aleksandr Martynov

Noregs Sjakkforbund har ikkje motteke nokon søknader, men er positive til at Fide gjer det enklare for russiske spelarar å byte tilhøyrsel. Om det skulle komme søknader, vil dei bli nøye vurdert

For det norske forbundet vil det vedtekne standpunktet vårt halde fram med å vere det same, både med tanke på deltaking i turneringar og eventuelle søknader om overgang. Dersom spelaren ope støttar Putin og dermed krigen i Ukraina, vil slike søknader avvisast. Alle søknader om både deltaking i turneringar og eventuelle overgangar vil bli nøye gjennomgått, seier sjakkpresident Anniken Vestby.

Les også: Carlsen visste at kompisen hadde jukset – valgte å ikke si noe

Siste nytt

  • Rekdal fortsetter i Rosenborg

    Kjetil Rekdal forsetter som trener i Rosenborg. Det bekrefter han etter et styremøte på Brakka onsdag.

    Les mer HER.

    Eliteserien 2023: Bodø / Glimt - Rosenborg
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • England-stjerne mister VM

    England-profilen Beth Mead går glipp av fotball-VM i sommer etter korsbåndsskaden hun pådro seg i fjor.

    – Vi har måttet ta tøffe avgjørelser, sier landslagssjef Sarina Wiegman.

    Mead ødela korsbåndet i november i fjor. Siden den gang har Arsenal-spilleren slitt med å komme seg tilbake i tide til sommerens VM i Australia og New Zealand.

    Mead ble toppscorer i fjorårets EM som endte med gull.

    Leah Williamson og Fran Kirby mister også verdensmesterskapet.

    VM starter 20. juli. England møter Haiti, Danmark og Kina i gruppespillet. (NTB)

    England Women Mead
    Foto: Jon Super / AP
  • Eikeri med på dobbeltriumf i Roland-Garros

    Ulrikke Eikeri og japanske Eri Hozumi havnet under, men slo tilbake og vant mot Katerina Siniakova og Barbora Krejcikova i doubleturneringen i Roland-Garros.

    Den norsk-japanske duoen vant til slutt med sifrene 3-6, 6-2, 6-2.

    I runde to venter tsjekkiske Marie Buzkova og spanske Sara Sorribes Tormo.

    Ulrikke Eikeri i aksjon under NM i tennis i Frognerparken torsdag ettermiddag.
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste