– Allan er fersk i gamet, eit ekstremt spennande namn og eit kjempetalent. Han har teke enormt store steg sidan førre sesong, seier landslagssjef Sondre Skarli.
Skarli tok ut sesongens første verdscup-tropp i går, rett etter avslutninga av distanse-NM i Stavanger. Der tok Johansson bronse både på 1000 og 1500 meter, og har ein sjølvskriven plass på laget.
– Det er eg godt nøgd med, spesielt løpet på 1500. Og tidene var jo veldig gode, seier han til NRK.
På 1500-meteren klokka han inn på 1.47,3, med ein sisterunde på imponerande 28,25. Det heldt til å slå blant anna Håvard Bøkko.
19-åringen har sjølv eit langsiktig mål om å bli best på 5000 meter.
– Men akkurat no er det 1500 meter eg er best på, seier han til NRK.
Trur på stor framtid
NRKs skøyteekspert, Even Wetten, meiner ungguten er på veg mot noko stort.
– Han har vist seg fram over tid, men det er når du er så god at du gjer det surt for dei vaksne løparane vi pratar om det. Og det gjer han no. Allan er ein løpar som kan bli blant dei beste på seniornivå, seier Wetten.
– Eg trur han kan vinne noko stort. VM, OL og verdscup, legg han til.
Johanssons tider no er faktisk betre enn Sverre Lunde Pedersens tider då han var junior.
– Det seier litt om nivået, for Sverre var juniorverdsmeister to år på rad, fortel Skarli.
Stor forbetring av tida
Johansson debuterte i verdscupen i Heerenveen i desember i fjor. Då blei han diska på 10.000 meter. No er han teke ut til både løpa i Heerenveen 10–12. november, og i Stavanger helga etter.
– Dette blir den «skikkelege» debuten, seier Oslo-guten.
Men sesongens store mål er likevel junior-VM i mars – kor han tok sølv i fjor.
– Allan har forbetra seg tre og eit halvt sekund på 1500 meter i Norge sidan førre sesong. Eg trur han er ein løpar som kan etablere seg i A-gruppa i verdscupen. Om han greier det, vil det vere ekstraordinært for ein junior, seier landslagssjef Sondre Skarli.
Landslagssjefen er godt nøgd med det han såg i Stavanger i helga.
– Dette er kanskje det beste NM vi har hatt nokosinne. Vi har aldri før hatt fire løparar under 6.30 på 5000 m, og aldri hatt så mange på 1.47-talet på 1500. Så eg trur dette lovar godt før verdscupen, seier Skarli.